Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre overnattingar
Det var 6 864 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i september 2012, ein nedgang på 15 prosent frå september 2011.
I september i år var det 1 600, eller 24 prosent, færre norske overnattingar enn i september i fjor. Utanlandske overnattingar auka i same periode med 370 overnattingar, eller 25 prosent.
Ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned 2 prosent, medan talet på overnattingar i samband med kurs og konferansar omtrent var uendra. Yrkesovernattingar gjekk ned med 1 174, til 1 553 overnattingar. Dette er 43 prosent færre enn i fjor.
Kapasitetsutnytting av både senger og rom gjekk ned frå september i fjor til september i år. Utnyttinga av senger var 27,9 prosent, 5,2 prosentpoeng lågare enn september i fjor. Romutnyttinga gjekk ned 8 prosentpoeng, og var 49,2 prosent i september i år.
Losjiomsetninga per utleigd rom gjekk opp 21 prosent til 861 kroner. Total losjiomsetning i september i år var 4,75 millionar kroner. Dette er 4 prosent høgare enn september i fjor.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42