90491_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
90491
Fleire overnattingar i oktober
statistikk
2012-11-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardoktober 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i oktober

Det var 4 000 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i oktober 2012. Dette er 11 prosent fleire enn i oktober 2011.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Samanlikna med oktober i fjor auka norske overnattingar med 4 prosent og utanlandske med 65 prosent.

Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp 31 prosent frå oktober 2011, medan talet på overnattingar i samband med kurs- og konferanse fall med 5 prosent i same perioden. Yrkesovernattingar gjekk ned frå 716 til 502 overnattingar. Dette er 30 prosent færre enn i oktober 2011.

Kapasitetsutnytting av både senger og rom gjekk opp frå oktober i fjor til oktober i år. Utnytting av senger var 18,5 prosent, 2 prosentpoeng høgare enn i oktober i fjor. Romutnyttinga gjekk opp 1,3 prosentpoeng og var 33,6 prosent i oktober 2012.

Losjiomsetninga per utleigd rom gjekk opp 25 prosent til 810 kroner. Total losjiomsetning i oktober 2012r var 2,34 millionar kroner. Dette er 25,3 prosent høgare enn i oktober i fjor.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: