91764_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
91764
Fleire overnattingar i november
statistikk
2013-01-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardnovember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i november

Det var 2 650 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i november 2012. Dette er 38 prosent fleire enn i november 2011.

Samanlikna med november 2011 auka norske overnattingar i november 2012 med 48 prosent. Utanlandske overnattingar gjekk i same periode ned med 25 prosent.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

Blant overnattingar etter formål var kurs og konferanse størst, med 1 099. Yrkesovernattingar og ferie- og fritidsovernattingar hadde i same periode høvesvis 866 og 915.

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Kapasitetsutnyttinga av både senger og rom gjekk opp frå november 2011 til november 2012. Utnyttinga av senger var 19,4 prosent, 5,2 prosentpoeng høgare enn i november året før. Romutnyttinga gjekk opp 14,4 prosentpoeng, og var 36,6 prosent i november 2012.

Losjiomsetninga per utleigde rom gjekk ned med 13 prosent til 799 kroner. Total losjiomsetning i november 2012 var 1,36 millionar kroner. Dette var 15,8 prosent høgare enn i november 2011.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: