92735_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
92735
Svak auke i overnattingar i desember
statistikk
2013-02-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbarddesember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i overnattingar i desember

Det var 2 241 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i desember 2012. Dette er 7 prosent fleire enn i desember 2011.

Svalbard. Overnattinger, etter gjestenes nasjonalitet
Desember 2011Desember 2012Endring i prosent
Desember 2011 - Desember 2012
I alt2 1042 2416,5
Utlandet i alt314262-16,6
Norge1 7901 97910,6

Samanlikna med desember 2011 auka norske overnattingar med 11 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 17 prosent.

Den største gruppa var ferie- og fritidsovernattingar med 1 407 overnattingar. Det er ein auke frå desember året før på 455. Det var 566 overnattingar i samband med kurs- og konferansar og 268 yrkesovernattingar i desember 2012. Kurs- og konferanseovernattingane auka med 60, medan yrkesovernattingar gjekk ned med 378 sett i høve til desember året før.

Kapasitetsutnytting av både senger og rom gjekk svakt opp frå desember 2011 til desember i fjor. Utnytting av senger var 16 prosent, knapt 1 prosentpoeng høgare enn i desember året før. Romutnyttinga gjekk opp 1,4 prosentpoeng og var 27 prosent i desember 2012.

Losjiomsetninga per utleigd rom gjekk ned med 4 prosent til 669 kroner. Total losjiomsetning i desember 2012 var 1 millionar kroner. Dette er 1,1 prosent høgare enn i desember året før.

Om statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom Åpne og lesLukk

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.