Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppsving i overnattingar i januar
Det var 2 600 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i januar 2013, ein auke på 20 prosent samanlikna med januar 2012.
Januar 2012 | Januar 2013 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|
Januar 2012 - Januar 2013 | |||
I alt | 2 169 | 2 600 | 19,9 |
Utlandet i alt | 513 | 482 | -6,0 |
Norge | 1 656 | 2 118 | 27,9 |
Overnattingsstadene på Svalbard hadde over 430 fleire overnattingar i januar i år enn i januar 2012. Talet på norske overnattingar auka med over 460, eller 28 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 6 prosent.
Talet på overnattingar i samband med kurs- og konferanse auka med 568, eller 94 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 246, eller 25 prosent, samanlikna med januar i fjor. Overnattingar i samband med yrkesreiser hadde ein nedgang på 383, eller 65 prosent.
I januar i år nytta gjestene 16,8 prosent av sengekapasiteten og 30,1 prosent av romma. Dette er høvesvis 2,5 og 4,9 prosentpoeng høgare enn i januar 2012. Losjiomsetninga auka med 14 prosent til 1,5 millionar kroner.
Losjiomsetning per tilgjengeleg rom Åpne og lesLukk
Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.
Om statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester.
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42