[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 10, 1996

Små avlingar av hagebær


Avlinga av hagebær, bortsett frå i småhagar, var 14 prosent mindre enn ei middelårsavling i 1995. Det vart produsert mest jordbær, totalt 15 500 tonn. Dette er 84 prosent av det normale for eit middels godt år.

Mykje av årsaka til den reduserte avlinga av jordbær skuldast råteskader og vanskelege vêrtilhøve ved innhaustinga i dei største jordbærfylka Buskerud, Oppland og Vestfold. Avlinga av hagebær, det vil seie jordbær, bringebær og solbær, er utrekna til 18 700 tonn. Dette er 86 prosent av ei middelårsavling. Innhaustinga av bringebær er utrekna til 1 900 tonn, som er 3 prosent mindre enn ei middelårsavling. Når det gjeld solbær, var avlinga på 1 300 tonn, 4 prosent større enn ei middelårsavling.

Godt år for eple
Ser ein bort frå småhagane, vart det hausta 27 500 tonn frukt i 1995. Dette er rekna som ei middels stor avling. Det var stor skilnad mellom dei ulike fruktslaga. Av frukt vert det dyrka mest eple, der avlinga var på 22 600 tonn sist år. Det er 6 prosent større enn ei middelårsavling. Størst er haustinga av vintereple, som utgjer 75 prosent av fruktavlinga i landet. Hordaland og Sogn og Fjordane har vel halvparten av eplearealet, og i Hordaland var avlinga 27 prosent større enn for eit middels godt år. Den var også av god kvalitet.

Det vart dyrka 1 700 tonn pærer og 500 tonn surkirsebær i 1995, og er høvesvis 32 og 26 prosent mindre enn ei middelårsavling. Avlinga av plommer var på 2 000 tonn og søtkirsebær på 700 tonn. Dette er om lag 95 prosent av ei middelårsavling.

Normalt år for grønsaker
Avlingane av grønsaker produsert i veksthus og på friland var om lag normalt store i fjor. Det vart hausta 129900 tonn grønsaker på friland i 1995, og kål og gulrøter utgjorde størstedelen. Innhaustinga av gulrøter var på 45100 tonn, noko som er 2 prosent mindre enn normalt. Kålavlingane var på 48 100 tonn, 3 prosent under ei middelårsavling. Av veksthusgrønsaker vart det hausta 9 300 tonn agurkar og 10 900 tonn tomatar.

Om statistikken
Tala vert samla inn frå fylkesgartnaren i kvart fylke, og omfattar ikkje avling i villahagar og andre småhagar. Nemninga middelårsavling gjeld den avlingsmengda ein reknar med å få pr. dyrkingseining i eit middels godt år.

Frilandsdyrking er i hovudsak kål, gulrøter, erter og lauk som er dyrka på åker.

[Figur 1]

Figur 1: Fruktavlingar i tonn. Fylke. 1995


[Figur 2]

Figur 2: Avling av grønsaker på friland. Fylke. 1995


Ny statistikk

Hagebruksavlingar, 1995.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og i Noregs Offisielle Statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61.

Tabell

Ukens statistikk nr. 10, 1996