I industrien var den gjennomsnittlege timefortenesta 120,37 kroner i 4. kvartal 1997. Dette svarer til ein auke frå 4. kvartal 1996 på 3,1 prosent. Ser vi året under eitt, auka timefortenesta med 3,9 prosent frå 1996 til 1997.
I privat byggjeverksemd var den gjennomsnittlege timefortenesta for mannlege arbeidarar 126,13 kroner og i anleggsverksemd 159,32 kroner. Dette var ein auke på 4,9 og 8,9 prosent frå 4. kvartal 1996. Ser vi på året under eitt var auken frå 1996 til 1997 5,9 prosent i byggjeverksemd og 8,3 prosent i anleggsverksemd.
Timefortenesta for menn i industri var i 4. kvartal 1997 123,16 kroner og for
kvinner 107,68 kroner. Dette gjev ein auke frå 4. kvartal 1996 på 3,2 og 3,0
prosent. Endringa frå året 1996 til 1997 var 4,0 prosent for menn og 3,8
prosent for kvinner.
Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Gjennomsnittsfortenesta omfattar
tidlønn, akkord og overtid. Offshore-arbeidarar er med i statistikken.
Ukens statistikk nr. 15-16, 1998