Produksjonen i industri og bergverksdrift auka med 0,9 prosent frå januar til februar. Den var då 4,9 prosent større enn tilsvarande månad i 1997. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer hadde ein auke på 3,9 prosent i februar. Dette heng mellom anna saman med arbeid for Åsgardfeltet i Nordsjøen.
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, indu-stri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) gjekk ned med 0,1 prosent frå januar til februar 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Totalindeksen låg 2,3 prosent over tilsvarande månad i 1997, dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk.
Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 4,0 prosent frå januar til februar.
Produksjonen på Nornefeltet har vore sterkt redusert på grunn av problem med
oljevernutstyret. Kraftproduksjonen vart redusert med 4,9 prosent i februar.
Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå
om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad.
Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for
produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller
råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri,
bergverksdrift og kraftforsyning.
Ukens statistikk nr. 15-16, 1998