85146_not-searchable
/utdanning/statistikker/utfolk/aar
85146
Færre deltakarar på kortkurs
statistikk
2012-04-26T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolk, Folkehøgskolar (opphørt), deltakere, årselever, hovedemner (for eksempel språkfag, servicefag, samfunnsfag), utenlandske statsborgereVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskolar (opphørt)2011

SSB publiserer tall for langkurs på folkehøgskoler i statistikken Videregående opplæring og annen videregående utdanning

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre deltakarar på kortkurs

I 2011 tok 17 700 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Det er ein nedgang på 1 200 deltakarar, eller 6 prosent, sett i samanheng med året før. Deltakinga er dominert av kvinner, som utgjer 61 prosent, og av desse er 35 prosent i aldersgruppa 50 år og eldre.

Omrekna til heilårselevar er talet på kortkursdeltakarar om lag 760, der 300 er menn og 460 er kvinner. Gjennomsnittsalderen er 50,2 år. Når det gjeld talet på utanlandske deltakarar, har det gått ned med 150 det siste året, til i underkant av 1 000 deltakarar. Danmark og Russland er som førre året dei landa som har flest deltakarar utanom Noreg. Elles kan nemnas at Makedonia hadde 20 deltakarar i fjor og berre ein i år.

Estetiske fag og handverksfag er framleis dei mest populære emna blant deltakarar på kortkurs, og dei to fagområda samla i alt 6 600 deltakarar i 2011. Av desse var 38 prosent kvinner i aldersgruppa 50 år og eldre. Det er berre i emna naturbruk, økologi, miljøvern- og friluftslivsfag samt samferdsels- og kommunikasjonsfag at prosentdelen for menn er størst, respektive 77 prosent og 60 prosent. Samfunnsfag samla om lag 3 000 deltakarar, mens humanistiske fag, trus- og livssynsfag, i tillegg til helse-, sosial- og idrettsfag hadde 2 500 deltakarar. Organisasjons- og styringsfag er også eit populært emne, både hos menn og kvinner. Fagområdet hadde ein auke i talet på deltakarar på 3,6 prosent frå året før. Færrast deltakarar var det også i år på samferdsels- og kommunikasjonsfag, med berre 13 deltakarar.

Folkehøgskolane i Nordland hadde flest deltakarar i heile landet, der var over 4 000 med på kortkurs. Til samanlikning samla skolane i Akershus og Aust-Agder knapt 160 deltakarar.

Tabeller: