15704_not-searchable
/utdanning/statistikker/utfolklangkurs/aar
15704
Færre søkjarar frå land utanfor Noreg
statistikk
2004-01-23T10:00:00.000Z
Utdanning
no
utfolklangkurs, Folkehøgskoler, langkurs, søkere, elever, fullførte utdanninger, avbrutte utdanningerVoksenopplæring , Utdanning
false

Folkehøgskoler, langkurs2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Færre søkjarar frå land utanfor Noreg

Hausten 2003 var det 1 254 søkjarar med utanlandsk statsborgarskap som søkte seg til ein folkehøgskule i Noreg. Dette er mindre enn halvparten så mange søkjarar med utanlandsk statsborgarskap som hausten 2002.

Hausten 2002 var det flest utanlandske søkjarar frå Sri Lanka. 955 søkjarar, eller 35 prosent av dei utanlandske søkjarane kom frå Sri Lanka. Hausten 2003 hadde talet på srilankiske søkjarar sokke til 34, - ein nedgang på heile 96 prosent samanlikna med året før. Søkjarar frå Sri Lanka utgjorde berre rundt 3 prosent av dei utanlandske søkjarane hausten 2003. Blant mellom anna indarar, pakistanarar, russarar og amerikanarar har det også vore ein relativt sett stor nedgang i talet på søkjarar når ein samanliknar 2002 og 2003.

Det kom flest utanlandske søkjarar frå Kina. 255 av søkjarane hausten 2003 var frå Kina. Dette er ein auke på 55 prosent frå hausten 2002. Det var dobbelt så mange søkjarar frå Kina, som frå det landet utanfor Noreg som hadde nest flest søkjarar.

608 av dei utanlandske søkjarane var elevar per 1. oktober 2003, og dei utgjorde om lag 10 prosent av alle elevane. Dette er ein liten auke samanlikna med året før. Kina var også det landet som hadde flest elevar med utanlandsk statsborgarskap på norske folkehøgskolar, dernest kom Sverige og Danmark. Noko over 50 prosent av dei kinesiske søkjarane vart tekne opp som elevar på norske folkehøgskolar hausten 2003.

... og nærare 10 prosent nedgang i talet på alle søkjarar

Det har vore ein nedgang i talet på søkjarar til folkehøgskulane på nærare 10 prosent i det siste skuleåret. Medan det var 10 100 søkjarar hausten 2002, var talet på søkjarar 9 140, hausten 2003.

Samstundes med at talet på søkjarar har sokke, har talet på elevar auka frå 5 800 elevar per 1. oktober 2002, til 6 170 elevar per 1. oktober 2003. Dette er ein auke på over 6 prosent. Dette tyder på at det har vorte meir attraktivt å takke ja til tilbodet om ein skuleplass blant dei som søkte om plass, medan det samstundes har vorte mindre populært å søkje seg til ein folkehøgskule.

Flest elevar frå Akershus, færrast frå Finnmark

555 av elevane var registrert busette i Akershus, samstundes var det berre 87 elevar frå Finnmark. Oslo, som er det fylket som har høgast befolkningstal i Noreg, kom på sjuande plass etter kor elevane var registrert busette. 351 av elevane var registrert heimehøyrande i Oslo.

Hordaland er det mest populære fylket å gå på folkehøgskule i. 720 av alle elevane, eller om lag 12 prosent, gikk på ein folkehøgskule i dette fylket. Det var færrast elevar i Oslo. Berre 88 elevar gikk på ein folkehøgskule som ligg i Oslo.

88 prosent av alle elevane gikk på ein folkehøgskule utanfor heimstadfylket sitt, medan 4 prosent var elevar på ein folkehøgskule i heimstadkommunen sin. Båe desse tala har vore stabile sidan hausten 2002. Hordalendingar og sørtrønderar var mest trugne til å gå på ein folkehøgskule i sitt eige heimstadfylke, medan vestfoldingar og elevar frå Oslo var dei som i størst grad fann seg ein folkehøgskule utanfor heimstadfylket.

Framleis flest kvinner

Seks av ti folkehøgskuleelevar var kvinner hausten 2003. Dette talet har vore stabilt dei siste tre åra. Det var særleg blant 19-åringane at kvinnene var i stort fleirtal. Ser ein på dei i aldersgruppene under og over 19 år, var ikkje kjønnsforskjellane særleg store.

Få avbrot i utdanninga

Rundt 7 prosent av elevane avbraut utdanninga si i skuleåret 2002/2003. Det var dei i aldersgruppa under 19 år som i høgst grad avbraut utdanninga, medan dei over 19 år var mest tilbøyelege til å fullføre ho. Kvinner fullførte utdanninga si i større grad enn kva mennene gjorde. Medan 7 prosent av kvinnene avbraut utdanninga si, var det tilsvarande talet 11 prosent for mennene sin del.

Mest populært med kreative fag

Estetiske fag og handverksfag var dei klart mest populære fordjupingsfaga. Deretter følgde helse-, sosial- og idrettsfag. Nærare 22 prosent av elevane som var ferdig med utdanninga våren 2003, hadde eit estetisk fag eller handverksfag som sitt første fordjupingsfag. Desse faga tilhøyrde også dei mest populære val- og fellesfaga. Eit anna fellesfag som også peikar seg ut er humanistiske fag, trus- og livssynsfag. Minst populært var heilt klart realfag, industrifag og tekniske fag. Berre ein elev hadde realfag, industrifag og tekniske fag, - og det var eit valfag. Heller ikkje organisasjons- og leiingsfag var særleg populært blant landets folkehøgskuleelevar.

Dei fleste folkehøgskuleelevane kjem frå godt skolerte heimar

2 893 av elevane hausten 2003 hadde minst ein forelder med universitets- og/eller høgskuleutdanning. Dette utgjer 54 prosent av alle elevane som me har slike opplysningar om denne hausten. 44 prosent hadde minst ein forelder med utdanning på vidaregåande-skule-nivå, medan berre 2 prosent av elevane hadde foreldre med berre grunnskuleutdanning. Samanlikna med hausten 2002, har talet på dei med minst ein av foreldra med høgare utdanning auka med 1 prosentpoeng, medan det har vore ein tilsvarande nedgang blant dei som har minst ein forelder med vidaregåande utdanning som si høgste utdanning.

Tabeller: