Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire tek yrkesfag
47 prosent av elevane i vidaregåande skole har vald ei yrkesfagleg studieretning dette skoleåret, mot 43 prosent året før. Dei mest populære yrkesfaglege studieretningane er helse- og sosialfag, formgjevingsfag og mekaniske fag.
Førebelse tal for skoleåret 2002/03 viser at det er registrert om lag 168 000 elevar i dei vidaregåande skolane. Flest elevar er det i Hordaland, Akershus, Rogaland og Oslo. Det er ikkje store skilnader mellom delen menn og kvinner.
Fleire tek yrkesfaglege studieretningar
Dei allmennfaglege studieretningane har framleis størst del av det totale elevtalet, knappe 53 prosent. Dette er ein nedgang frå førre skoleår, då nær 57 prosent av elevane gjekk i allmennfaglege studieretningar.
Det har vore ein auke i delen som tar yrkesfaglege studieretningar både blant menn og kvinner. Per 1. oktober 2002 var delen menn i yrkesfaglege studieretningar i underkant av 51 prosent, mot dryge 46 prosent året før. Blant dei kvinnelege elevane er det også fleire som tek yrkesfaglege studieretningar, frå 40 prosent i skoleåret 2001/02 til 44 prosent dette skoleåret.
Det var særleg studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag som har hatt nedgang i elevtalet. Det er truleg dei to nye studieretningane medie- og kommunikasjonsfag og sal- og servicefag som er eit alternativ for elevar som elles ville valt studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag.
Kvinner og menn er framleis tradisjonelle i val av studieretning
Førebelse tal for skoleåret 2002/03 viser at menn og kvinner framleis er tradisjonelle i val av studieretning i vidaregåande opplæring. Dette gjeld særleg dei yrkesfaglege studieretningane, der mennene utgjer i underkant av 53 prosent av elevane.
Ser ein på dei einskilde studieretningane, vil ein finne store skilnader. Kvinnene utgjer til dømes nesten heile 92 prosent på studieretning for helse- og sosialfag. Dette kan karakteriserast som eit tradisjonelt "kvinnefag". Likeins er kvinnene i klart fleirtal på dei estetiske studieretningane. Kvinnene utgjer dryge 85 prosent på formgjevingsfag, og det same gjeld studieretning for musikk, dans og drama, der delen kvinner er 74 prosent.
Dei to nye studieretningane medie- og kommunikasjonsfag og sal- og servicefag har også størst del kvinner med høvesvis 59 og 62 prosent.
Kvinnene utgjer ein svært liten del av elevane på dei tradisjonelt mannsdominerte yrkesfaglege studieretningane. På studieretning for byggfag er delen menn i overkant av 98 prosent, tett følgt av elektrofag med nær 96 prosent menn, teknisk fagskole og studieretning for mekaniske fag om lag 95 prosent. Dette skil seg ikkje stort frå førre skoleår.
Påverkar foreldra sitt utdanningsnivå eleven sitt val av studieretning?
Per 1. oktober 2002 hadde 55 prosent av elevane foreldre med vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanning. Heile 37 prosent av elevane hadde foreldre med høgare utdanning, medan 5,5 prosent av elevane hadde foreldre med inga utdanning over grunnskoleutdanning. Med foreldra sitt utdanningsnivå blir både mors og fars utdanning rekna med, og den med høgste utdanning blir den gjeldande.
Ein kan sjå skilnad mellom elevane på dei ulike studieretningane. I studieretningar som gjev studiekompetanse (studieretningar for allmenne, økonomiske og administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag) har nærare 50 prosent av elevane foreldre med høgare utdanning, og 44,5 prosent har foreldre med vidaregåande skole. Berre dryge 3 prosent har foreldre med berre grunnskoleutdanning. Skiljet er størst på studieretning for musikk, dans og drama der over 64 prosent av elevane hadde foreldre med høgare utdanning og i underkant av 1 prosent hadde foreldre med berre grunnskoleutdanning.
I dei yrkesfaglege studieretningane er det heile 67 prosent av elevane som har foreldre med utdanning på vidaregåande nivå, i underkant av 23 prosent som har foreldre med høgare utdanning og nær 8 prosent som har foreldre med utdanning på grunnskolenivå. I studieretning for medie- og kommunikasjonsfag ser det litt annleis ut. Her har 47 prosent av elevane foreldre med høgare utdanning og heile 51 prosent foreldre med utdanning på vidaregåande nivå.
Flest kvinner i private vidaregåande skolar
Om lag 8 600, eller 5 prosent, av elevane i vidaregåande skole under opplæringslova går i private skolar. I underkant av 56 prosent av desse elevane er kvinner. Til samanlikning er delen kvinner i dei offentlege (fylkeskommunale og statlege) skolane dryge 50 prosent. Det er i dei yrkesfaglege studieretningane forskjellen er størst: Av elevane som går i dei private skolane er delen kvinner i yrkesfaglege studieretningar 60 prosent, i dei offentlege skolane 47 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Elevar i vidaregåande skolar, etter kurstrinn, kjønn og bustadfylke. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 2 Elevar i vidaregåande skolar, etter alder, kjønn og bustadfylke. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 3 Elevar i vidaregåande skolar, etter kurstrinn, kjønn og studieretning. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 4 Elevar i vidaregåande skolar, etter kjønn og studieretning. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 5 Elevar i fagopplæring i skole (VKII), etter kjønn og studieretning. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 6 Elevar i vidaregåande skolar, etter studieretning og foreldra sitt utdanningsnivå. 1. oktober 2002. Førebelse tal
- Tabell 7 Elevar i vidaregåande skolar, etter kjønn, type studieretning og skolen sitt eigarforhold. 1. oktober 2002. Førebelse tal
Statistikken publiseres nå sammen med Videregående opplæring og annen videregående utdanning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42