Auke i tenestehandelen med utlandet
Publisert:
Tenesteimporten i 4. kvartal 2020 var 70,3 milliardar kroner medan tenesteeksporten enda på 64,8 milliardar. Tenestehandelen var høgare enn i kvartalet før, men framleis lågare enn eitt år tidlegare.
- Tala er henta frå
- Utanrikshandel med tenester
- Artikkelen er del av serien
- Utanrikshandel med tenester (arkiv)
Statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein auke i både eksport og import av tenester i 4. kvartal samanlikna med 3. kvartal 2020, etter nedgang tre kvartal på rad. Eksport og import av tenester hadde ei auke på høvesvis 11,3 og 11,7 prosent samanlikna med kvartalet før. Tenestenæringane «fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting» og «informasjon og kommunikasjon» bidrog mest til denne auka. Underskotet på tenestebalansen på 5,5 milliardar kroner var større enn i kvartalet før.
Sett mot same periode føregåande år derimot, ser vi framleis ein nedgang både i eksport og import av tenester. Tenesteeksporten i 4.kvartal 2020 var 7,2 milliardar kroner, og import av tenester var 7,1 milliardar kroner lågare samanlikne med same periode i 2019.
Nedgangen i eksporten er i stor grad tilknytt næringa transport og lagring som hadde 5,4 milliardar kroner lågare eksport enn eitt år tidlegare. Nedgangen i denne næringa har samanheng med reiserestriksjonar og låg etterspørsel på grunn av Covid-19. Eksport av sjøtransporttenester var 4,3 milliardar lågare enn i 4.kvartal 2019, og er den tenestetypen som trakk mest ned.
Låg eksport av tenester
Fleire næringar hadde lågare tenesteeksport samanlikna med 4. kvartal 2019. Den største eksportnæringa, transport og lagring, hadde ein samla eksport på 27,6 milliardar kroner i 4. kvartal 2020, ein nedgang på 16,5 prosent mot same periode året før. Tenesteeksporten i industrinæringane var også 16,5 prosent lågare sett mot same periode i 2019.
Låg import av tenester
Samanlikna mot 4.kvartal 2019, var det mest nedgang i tenesteimporten innan transport og lagring, forretningsmessig tenesteyting samt bergverksdrift og utvinning. Næringa transport og lagring er framleis størst når det gjeld import av tenester, med 25,2 prosent av alle innkjøpte tenester, tilsvarande 17,7 milliardar kroner i 4. kvartal 2020. Sett mot same periode i 2019, var det ein nedgang på 20,5 prosent.
Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 4. kvartal 2020. Importverdien var på 14,5 milliardar kroner. Denne tenestegruppa stod dermed for 20,6 prosent av total tenesteimport.
Størst tenestehandel med Europa
Den viktigaste regionen for Noreg sin tenestehandel med utlandet er Europa. I 4. kvartal i fjor vart om lag ein firedel av importen kjøpt frå nordiske land, medan ein femtedel av eksporten gjekk til våre nordiske naboar. Enda meir av tenestehandelen var med andre EU-land, med 32,0 prosent av importen og 23,2 prosent av eksporten, medan Storbritannia utgjorde ein stor del av gruppa «andre regionar».
Figur 2. Regionfordelt tenestehandel. 4. kv. 2020
Import | Eksport | |
EU utanom Norden | 32 | 23.2 |
Asia | 12.1 | 14.6 |
Nord- og Mellom-Amerika | 11 | 12.9 |
Norden | 24.9 | 20.2 |
Andre regionar | 19.1 | 27.8 |
Uspesifisert | 0.9 | 1.3 |
Faktasider
Kontakt
-
Kim Benjamin Boué
-
Anne Lyslid Larsen
-
Thomas Moen
-
Ayfer Erbaydar Storrud
-
Therese Løken Vestre
-
SSBs informasjonstjeneste