3 756 400 har røysterett ved stortingsvalet
Publisert:
3 756 400 veljarar har røysterett ved stortingsvalet i år, viser nye tal frå statistikken Stortingsvalet, personar med røysterett. I høve til stortingsvalet i 2013 er dette ein auke på 112 800 røysteføre.
- Artikkelen er en del av serien
- Personer med stemmerett (arkiv)
Veljarskaren er blitt litt eldre
Det er i aldersgruppa over 45 år at auken har skjedd, og særleg blant dei mellom 67 og 79 år kor talet på røysteføre har auka med om lag 80 000 veljarar. I aldersgruppa mellom 45 og 66 år er det 35 300 fleire røysteføre.
Aldersgruppa over 67 år utgjorde 18 prosent av dei røysteføre ved stortingsvalet i 2009, ved valet no i haust vil dei utgjere 21 prosent. Aldersgruppa 25-44 år utgjorde 34 prosent i 2009, i 2017 vil dei utgjere 31 prosent.
-
Sjå fleire tal og tabellar i statistikken Stortingsvalet, personar med røysterett
Figur 1. Prosentandel røysteføre i ulike aldersgrupper
2009 | 2013 | 2017 | |
18-24 år | 12 | 12 | 12 |
25-44 år | 34 | 32 | 31 |
45-66 år | 36 | 37 | 36 |
67 åreller eldre | 18 | 19 | 21 |
92 prosent av dei røysteføre hadde også røysterett i 2013
Det er i alt 248 500 røysteføre i aldersgruppa 18 til 21 år som kan røyste for fyrste gong ved stortingsvalet i september. Det er om lag same talet som ved førre stortingsval. Det er 38 200 personar med innvandrarbakgrunn som er fyrstegongsveljarar, dei fleste av desse er over 21 år. Dette er ein auke på 2 000 personar samanlikna med førre stortingsval. Til saman er 8 prosent av dei røysteføre fyrstegongsveljarar ved stortingsvalet i 2017.
Figur 2. Røysteføre etter fylke. Stortingsval
2013 | 2017 | |
Oslo | 434200 | 457900 |
Akershus | 393300 | 414600 |
Hordaland | 357100 | 369900 |
Rogaland | 308400 | 320900 |
Sør-Trøndelag | 222000 | 231800 |
Østfold | 208100 | 215600 |
Buskerud | 193300 | 198300 |
Møre og Romsdal | 187600 | 190800 |
Nordland | 179400 | 181200 |
Vestfold | 176200 | 180900 |
Hedmark | 148000 | 149500 |
Oppland | 142000 | 143200 |
Vest-Agder | 126200 | 131600 |
Telemark | 128200 | 129600 |
Troms - Romsa | 118600 | 121400 |
Nord-Trøndelag | 100000 | 102000 |
Aust-Agder | 81800 | 84200 |
Sogn og Fjordane | 78400 | 78700 |
Finnmark - Finnmárku | 53400 | 54100 |
Flest røysteføre med innvandrarbakgrunn frå Pakistan, Irak, Vietnam og Somalia
259 900 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har røysterett ved stortingsvalet. I høve til stortingsvalet i 2013 er dette ein auke på 44 800 røysteføre. Den samla mengda røysteføre i denne kategorien har auka frå 6 prosent i 2013 til 7 prosent i 2017. Geografisk er gruppa røysteføre innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre størst i Oslo. I hovudstaden utgjer denne gruppa 19 prosent av de røysteføre, noko som er 2 prosentpoeng fleire sidan 2013. Dei fleste i denne gruppa er frå Pakistan, Irak, Vietnam og Somalia.
Figur 3. Talet på røysteføre etter landbakgrunn. Stortingsval
2013 | 2017 | |
Pakistan | 20161 | 23855 |
Irak | 12563 | 17110 |
Vietnam | 14402 | 16015 |
Somalia | 11695 | 15350 |
Iran | 11356 | 12666 |
Tyrkia | 9304 | 10708 |
Bosnia-Hercegovina | 9847 | 10507 |
Sri Lanka | 8029 | 9601 |
Filippinene | 6792 | 9239 |
Kosovo | 7624 | 8826 |
Afghanistan | 4864 | 8643 |
Thailand | 3903 | 6695 |
Russland | 5059 | 6395 |
India | 5065 | 6298 |
Marokko | 5188 | 6057 |
Kontakt
-
Tove Bergseteren
-
SSBs informasjonstjeneste