Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare vekst i forbruket
Varekonsumindeksen viste ein nedgang på 0,8 prosent i volum frå november til desember, korrigert for normal sesongvariasjon.
Den ujusterte varekonsumindeksen var i desember 2,5 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.
Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.
Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.
Varekonsumindeks, desember 2001. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Desember 2000-desember 2001. 1995=100 |
Periode | Sesongjustert |
Prosentendring
frå månaden før |
Ujustert |
Prosentendring
frå same månad året før |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Desember | 117,7 | 2,6 | 154,9 | -1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2001 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Januar | 117,3 | -0,3 | 113,7 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Februar | 117,8 | 0,4 | 101,2 | -3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mars | 119,6 | 1,5 | 116,4 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
April | 118,0 | -1,3 | 106,2 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mai | 118,1 | 0,1 | 115,0 | -1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juni | 118,1 | 0,0 | 119,7 | 3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juli | 117,2 | -0,7 | 116,8 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
August | 118,7 | 1,3 | 124,7 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
September | 118,3 | -0,4 | 110,3 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oktober | 119,3 | 0,9 | 119,1 | 6,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
November | 121,8 | 2,1 | 123,9 | 6,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Desember | 120,8 | -0,8 | 158,9 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Vemund Rundberget
E-post: uve@ssb.no
tlf.: 97 65 50 90