Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Svak nedgang i forbruket av varer
Varekonsumindeksen viste ein nedgang på 0,2 prosent målt i volum frå mai til juni, korrigert for normal sesongvariasjon.
Den ujusterte varekonsumindeksen var i juni 1,4 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.
Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna og vidare innhald, som fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.
Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.
Varekonsumindeks, juni 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Juni 2001-juni 2002. 1995=100 |
Periode | Sesongjustert | Prosentendring frå månaden før | Ujustert | Prosentendring frå same månad året før | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juni | 117,9 | 0,1 | 119,8 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juli | 117,2 | -0,6 | 117,2 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
August | 118,9 | 1,4 | 123,6 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
September | 118,2 | -0,6 | 111,0 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oktober | 119,6 | 1,2 | 119,5 | 7,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
November | 121,9 | 1,8 | 123,8 | 6,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Desember | 121,0 | -0,7 | 158,6 | 2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Januar | 121,4 | 0,4 | 117,4 | 4,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Februar | 121,8 | 0,3 | 104,3 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mars | 122,5 | 0,5 | 115,0 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
April | 122,5 | 0,0 | 115,3 | 8,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mai | 122,3 | -0,3 | 119,5 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juni | 121,9 | -0,2 | 121,5 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Vemund Rundberget
E-post: uve@ssb.no
tlf.: 97 65 50 90