84263_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/eigarskap/aar
84263
Flest aksjonærar var menn
statistikk
2012-08-31T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
eigarskap, Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt), eigarar, aksjonærar, eigarstruktur, personleg eigde føretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonføretak, føretaksstorleik, føretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest aksjonærar var menn

Sju av ti aksjonærar og eigarar av personleg eigde føretak var menn per 1. januar 2011. 12 prosent av eigarane av personleg eigde føretak var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Drygt 73 prosent av aksjonærane i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) totalt var menn. Denne fordelinga har halde seg stabil dei siste åra. Over 84 prosent av eineaksjonærane i aksjeselskapa var menn. Menn utgjer dermed dei fleste aksjonærane og dei med størst eigardel.

Fleire kvinner eig personleg eigde føretak

72 prosent av dei om lag 188 000 innehavarane av enkeltpersonføretak (ENK) per 1. januar 2011 var menn. Nesten 13 prosent av innehavarane av enkeltpersonføretak var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, medan innvandrardelen blant alle eigarar av personleg eigde føretak totalt var 12 prosent. Delen kvinnelege eigarar har auka frå 24 til nesten 28 prosent i perioden 2004-2011.

Få kvinnedominerte næringar

Kvinner var representerte på eigarsida i nær halvparten av alle ansvarlege selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). Men det er få næringar der kvinnelege eigarar var i fleirtal. Drygt halvparten av innehavarane av enkeltpersonføretak innanfor helse- og sosialtenester var kvinner, medan sju av ti innehavarar innanfor anna tenesteyting var kvinner. I dei andre næringane er menn i fleirtal.

Fleire detaljar

I statistikkbanken finn ein tal på eigarar etter kjønn, alder, utdanningsnivå og landbakgrunn.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omhandlar eigarar av personleg eigde føretak og personlege aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar 2011.

Per 1. januar 2011 var det 170 148 personleg eigde føretak i Noreg. Personleg eigde føretak består av tre organisasjonsformer: Enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). I desse føretaka var det registrert 187 775 eigarar, 52 050 kvinner og 135 725 menn.

Statistikken omfattar eigarar av føretak i statistikk om føretaksdemografi per 1. januar 2011. Data om aksjonærane blir henta frå aksjestatistikken for 2010, ein statistikk basert på aksjonærregisteret i Skattedirektoratet. Statistikken er avgrensa til å omfatta dei 1 129 988 aksjonærane som er identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer, og som hadde aksjar per 31. desember 2010. Grunnlaget for data om eigarane av personleg eigde føretak er rollebasen i einingsregisteret i Brønnøysund.

Primærnæringane og offentleg forvalting er haldne utanfor statistikken.

Tabeller: