Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for regnskapsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken behandlast ei juridisk eining som eit føretak.Bedrift
I SN2007 er bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driv med aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe.Bestandstal
Bestandstala per 1. januar i statistikkåret inkluderar alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som er registrert per 1. januar.Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom enkeltpersonføretak (ENK), allmennaksjeselskap (ASA) og ansvarleg selskap (ANS).Personleg eigde føretak
omfattar organisasjonsformene ENK, ANS og DA.Ansvarlig selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA)
må ha minst to eigarar, desse vert kalla høvesvis deltakar med solidarisk ansvar og deltakar med proratorisk ansvar. Deltakarane har personleg og økonomisk ansvar. I et ANS kan kvar deltakar krevjast for hele selskapets gjeld, men i eit DA vert kvar deltakar hefta for ein bestemt del av selskapets gjeld. Totalt er deltakarane ansvarlege for hele gjelda. Både fysiske og juridiske personar kan være deltakarar. Det er valfritt om ein skal ha styre og / eller daglig leiar eller ikkje. I tabellane er ANS og DA med berre juridiske personar (føretak) som deltakarar heldt utanfor. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.Enkeltpersonføretak (ENK)
må ha ein, og berre ein, innehavar. Innehavar er fullt personleg ansvarleg for hele verksemda, og må være ein fysisk person. Det er høve til å tilsette ein dagleg leiar som er ein annan enn innehavaren.Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av aksjonærane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Aksjonærane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.Alle allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS) må ha eit styre. Styret skal som hovudregel minst bestå av tre medlemmer. I AS som har mindre enn tre millionar i aksjekapital kan styret bestå av eit eller to medlemmar pluss minst eit varamedlem. Alle ASA og AS med aksjekapital større enn tre millionar skal dessutan ha dagleg leiar.
Rolletype
De viktigaste rolletypane i denne statistikken er innehavar i ENK, deltakarar i ANS og DA,Alder
er alder ved inngangen av statistikkåret.Innvandrar i Noreg
omfattar personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre som på et tidspunkt har innvandra til Noreg. I tillegg inngår også norskfødde med innvandrarforeldre i statistikken.Landbakgrunn
er for innvandrare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.Tilsette (Lønstakarar)
Talet på tilsette omfattar alle personar som arbeidar for arbeidsgjevaren meir enn fire timar i veka. Personar med meir enn eit arbeidsforhold vil kunne vere telt med som tilsett i fleire næringar. I bestandstala visast det til talet på tilsette på telletidspunktet.
-
Standard klassifikasjonar
-
Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå, som byggjer på EUs standard NACE Rev.1.Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS)
Utdanningane er gruppert etter Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS) som første gang vart oppretta av SSB i 1970.Standard for gruppering av personar med innvandringsbakgrunn
viser til ulike avgrensingar av personar med og utan innvandringsbakgrunn.