5866_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ifolje/aar
5866
Nedgang i sokkelskatten
statistikk
2003-12-12T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ifolje, Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Inntekts- og formuesundersøkelsen for oljeselskaperveke 53 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i sokkelskatten

Utlikna skatt for verksemda på norsk kontinentalsokkel utgjorde 91,4 milliardar kroner i 2002. Dette var 7,3 milliardar kroner eller 7 prosent mindre enn året før.

Sum utlikna skatt. 1998-2002. Milliardar kroner

Inntektsskatten utgjorde 35,1 milliardar kroner eller 38 prosent av samla utlikna skatt. Dette var ein nedgang på 2,5 milliardar. Særskatten vart 56,3 milliardar kroner, ein reduksjon på 4,8 milliardar.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport

Det var til saman 25 skattytarar som vart likna etter reglane i petroleumsskattelova for selskapa som driv olje- og gassutvinning. Dette var to færre enn i 2001. Skattbar allmenn inntekt utgjorde 124,4 milliardar kroner, eller nærare 9 milliardar mindre enn året før. Særskatteinntekta vart 112,6 milliardar kroner, ein nedgang på 9,6 milliardar.

Det er i første rekkje lågare prisar ved sal av petroleum og lågare dollarkurs som har ført til lågare inntekt og reduksjon i skattegrunnlaga.

Utanlandske selskap

For utanlandske selskap som driv vedlikehald, reparasjon og tenester for norske utvinningsselskap, vart skattbar allmenn inntekt 857 millionar kroner i 2002. Dette var ein nedgang på 171 millionar kroner eller 17 prosent frå året før. Samanlikna med tala frå 2000 var dette nesten ei halvering. Nedgangen skyldes hovudsakeleg reduksjon i driftsinntektene. Det var 118 skattytarar blant dei utanlandske selskapa, 14 færre enn i 2001.

Tabeller: