Statistikk innhold
Statistikk om
Skatt for selskap
Skatt for selskap viser dei skattepliktige inntektene til selskapa og formue, skatt før frådrag, skattefrådrag og sum utlikna skatt for selskap totalt og etter næring.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Sum utlikna skatt for selskapLast ned tabell som ...Sum utlikna skatt for selskap
2023 Talet på selskap Beløp (mill. kr) Alle selskap 408 119 614 590 Petroleumsselskap1 34 465 019 Alle selskap utanom petroleumsselskap1 408 119 149 571 1Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Eit petroleumsselskap vil derfor inngå både som "Petroleumsselskap" og som "Alle selskap utanom petroleumsselskap". Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Talet på selskap og sum utlikna skatt, etter skatteregelLast ned tabell som ...Talet på selskap og sum utlikna skatt, etter skatteregel
2023 Talet på selskap Beløp (mill. kr) Alle selskap 408 119 614 590 Petroleumsselskap1 34 465 019 Alle selskap utanom petroleumsselskap1 408 119 149 571 Vasskraftselskap 701 39 488 Havbruksselskap 107 3 375 Skipsaksjeselskap 722 251 Finansselskap 1 420 33 991 Selskap med ordinær skattlegging 405 169 72 465 1Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Eit petroleumsselskap vil derfor inngå både som "Petroleumsselskap" og som "Alle selskap utanom petroleumsselskap". Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 5. mars 2025.
Selskap
Selskap er upersonlege skatteytarar som har motteke eit skatteoppgjer.
Skatteoppgjer
Det er tre skatteoppgjer, fastland-, Svalbard- og petroleumsskatteoppgjer. Dersom eit selskap har to skatteforhold vil det få to skatteoppgjer. Det kan gjelda selskap som har skatteforhold både på fastland og til Svalbard, og for petroleumsselskap som har både fastland- og petroleumsskatteforhold.
Petroleumsselskap
Petroleumsselskap er selskap som driv leiting etter og utvinning av olje og gass på norsk kontinentalsokkel. Desse blir skattlagde etter petroleumsskattelova.
Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland- og petroleumsskatteoppgjer. Sokkeldistriktet av selskapet vil i statistikken omtalast som petroleumsselskap, medan landdistriktet blir inkludert i selskap med ordinær skattlegging.
Vasskraftselskap
Vasskraftselskap er selskap som blir skattlagde etter særreglane for kraftføretak i skattelova §§ 18-2 til 18-8.
Havbruksselskap
Havbruksselskap er selskap som har akvakulturløyve og skal dermed bli skattlagd grunnrenteskatt etter kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.
Skipsaksjeselskap
Skipsaksjeselskap er selskap som blir skattlagt etter særreglane i skattelova §§ 8-10 til 8-20. Dersom visse krav er oppfylt i samsvar med føresegnene i §§ 8-10 til 8-20, kan selskapet sjølv velja om dei skal skattleggjast etter dei særskilde reglane for skipsaksjeselskap eller etter dei ordinære skattereglane.
Finansselskap
Finansselskap er selskap som er pliktige til å betala finansskatt på lønn etter folketrydlova §23-2a eller har finansskatt på overskot, eller begge.
Selskap med ordinær skattlegging
Selskap med ordinær skattlegging er selskap som blir skattlagt etter dei ordinære skattereglane i skattelova. Det inkluderer skipsaksjeselskap og finansselskap som blir likna etter ordinære reglar, og dessutan selskap som blir omfatta av Svalbardskatteloven.
Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland- og petroleumsskatteoppgjer. Landdistriktet av selskapet er inkludert i selskap med ordinær skattlegging, medan sokkeldistriktet er i statistikken omtalt som petroleumsselskap.
Nettoformue
Nettoformue er positiv formue etter frådrag for gjeld, og dannar grunnlag for berekning av formuesskatt.
Alminneleg inntekt
Alminneleg inntekt omfattar skattbare inntekter fråtrekt skattemessige frådrag, og består av positiv og negativ alminneleg inntekt. Overskot eller positiv alminneleg inntekt dannar grunnlag for utlikning eller berekning av inntektsskatt, sjå positiv alminneleg inntekt.
Positiv alminneleg inntekt
Selskap betaler skatt av overskot, positiv alminneleg inntekt. Dette dannar grunnlag for berekning av inntektsskatt.
Positiv alminneleg inntekt for skipsaksjeselskap:
Skipsaksjeselskap er friteke for skatt på alminneleg inntekt, men inntekta blir skattlagd gjennom utdeling av utbytte til aksjonærane. I tillegg må selskapet skattast av positiv netto finansinntekt og andre skattepliktige inntekter.
Grunnlag særskatt
Grunnlag særskatt dannar grunnlag for berekning av særskatt, grunnrenteskatt, for petroleumsselskap, jf petroleumsskattelova § 5.
Grunnrenteinntekt for havbrukselskap
Grunnrenteinntekt for havbrukselskap dannar grunnlag for berekning av grunnrenteskatt, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.
Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap
Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap dannar grunnlag for berekning av grunnrenteskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-3.
Grunnlag for naturressursskatt
Grunnlag for naturressursskatt er grunnlag for berekning av naturressursskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-2.
Inntektsskatt
Inntektsskatt blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Alle selskap blir omfatta av inntektsskatt.
Inntektsskatt sokkel
Inntektsskatt sokkel blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt frå petroleumsselskap, og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget.
Finansskatt på overskot
Inntektsskatt for finansselskap blir berekna på grunnlag av positiv alminneleg inntekt. Skattesatsen blir vedteken av Stortinget, og kommer på toppen av skattesats for alminneleg inntektsskatt.
Finansskatt på lønn
Finansskatt på lønn betales av finansselskaper på føretakets samlede arbeidsgiveravgiftspliktige lønnskostnader, hvor satsen vedtas av Stortinget.
Tonnasjeskatt
Tonnasjeskatt etter gjeldane satsar vedteke av Stortinget, gjeld for skipsaksjeselskap etter skattelova § 8-16.
Grunnrenteskatt
Grunnrenteskatt blir betalt på den ekstra fortenesta eit selskap kan få ved utnytting av ein felles naturressurs som tilhøyrer staten.
Særskatt
Særskatt er ein grunnrenteskatt for petroleumsselskap som blir berekna basert på grunnlaget for særskatt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. petroleumsskattelova § 5.
Grunnrenteskatt for havbruksselskap
Grunnrenteskatt for havbruksselskap blir berekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd. Grunnrenteskatt er fråtrekt produksjonsavgift fastsett etter særavgiftlova.
Grunnrenteskatt for vasskraftselskap
Grunnrenteskatt for vasskraftselskap beregnes på grunnlag av grunnrenteinntekt og til enhver tid vedtatt skattesats av Stortinget, jf. skatteloven §18-3.
Naturressursskatt
Naturressursskatt for vasskraftselskap blir berekna på grunnlag av grunnrenteinntekt for naturressursskatt og blir utlikna til kommunen og fylkeskommunen etter gjelda satsar, jf særreglane for kraftføretak i skattelova §18-2.
Formuesskatt
Formuesskatt blir utlikna til staten på grunnlag av skattepliktig formue og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Enkelte grupper av selskap er fritekne for skatt på formue i samsvar med skattelova § 2-36 nr. 1.
Skatt før frådrag
Skatt før frådrag er summen av skattar før frådrag blir trekt frå for å berekna den endelege skatten, sum utlikna skatt.
Sum frådrag
Sum frådrag viser den samla verdien av alle frådrag som kan trekkjast frå skatt for å berekna den endelege skatten, sum utlikna skatt.
Utbetalt særskatteverdi av underskota i år
Omlegging av særskatten til ein kontantstraumsskatt i 2022 inneber at petroleumsselskapa får utbetalt skatteverdien av underskot i særskattegrunnlaget i samband med skatteoppgjeret.
Kreditfrådrag
Kreditfrådrag er eit frådrag i skatt som kan krevjast etter skattelova § 16-20 og § 16-30.
Forskings- og utviklingsfrådrag
Forskings- og utviklingsfrådrag er eit frådrag i skatt for kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter skattelova § 16-40. Dersom det fastsette frådraget overstig skatt før frådrag, skal det overskytande beløp utbetalast.
Frådrag for naturressursskatt
Frådrag for naturressursskatt kan krevjast i utlikna inntektsskatt av vasskraftselskap etter skattelova § 18-2. Dersom naturressursskatten overstig inntektsskatt for inntektsåret kan det overskytande framførast til frådrag seinare år med rente som departementet fastset i forskrift.
Sum utlikna skatt
Sum utlikna skatt til staten er skatt før frådrag fråtrekt sum frådrag.
Negativ sum utlikna skatt
Eit selskap har negativ sum utlikna skatt dersom sum frådrag overstig skatt før frådrag. Det betyr at selskapet ikkje skal betala skatt til staten, men får beløpet utbetalt.
Talet på selskap
Talet på selskap er det samla talet selskap som inngår i ein tabell.
Talet på selskap i skatteposisjon
Talet på selskap i skatteposisjon er selskap som har skatt før frådrag, som inngår i ein tabell.
Talet på selskap i formuesskatteposisjon
Talet på selskap i formuesskatteposisjon er selskap som har positivt beløp i formuesskatt, som inngår i ein tabell.
Næringsgruppe er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs tilsvarande standard (NACE Rev. 2).
Selskap som driv aktivitet i fleire bransjar, er prinsipielt gruppert etter det føretaket som bidreg mest til den samla bearbeidingsverdien i selskapet.