Utlikna skatt frå petroleumssektoren var på 465 milliardar kroner, viser nye tal frå statistikken Skatt for selskap.
Det er bortimot ein halvering frå 2022 der utlikna skatt var på 883 milliardar kroner. Årsaka er at olje- og gassprisane var lågare samanlikna med 2022.
– Likevel er petroleumsskatt for 2023 det nest høgaste etter rekordåret 2022, seier rådgivar Caroline Wang Paulsen i Statistisk sentralbyrå.
Særskatten vart i 2022 lagt om til ein kontantstrømskatt slik at sokkelinvesteringar kan direkte fradragførast. Petroleumsselskapa har sidan den gong hatt ei auke i investeringsnivå som på kort sikt fører til redusert skatt, men er venta å gje auka skatteinntekter til staten på lengre sikt, ifølge Skatteetaten (skatteetaten.no).
Petroleumsskatt fordelte seg slik:
- Inntektsskatten utgjorde 148 milliardar kroner mot 265 milliardar kroner i 2022.
- Er ein særskild skatt, grunnrenteskatt, for selskap som blir likna etter petroleumsskattelova. var på 320 milliardar kroner, ein reduksjon frå 624 milliardar året før.
- Ti selskap fekk utbetalt særskatteverdi av underskota på totalt 2,4 milliardar kroner mot 3,5 milliardar kroner i 2022.
Første år med grunnrenteskatt på havbruk
Gjeld for havbruksselskap likna etter kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd, og blir berekna på grunnlag av ei grunnrenteinntekt. Skatten blir berekna etter ein sats som for kvart enkelt år blir vedteken av Stortinget. Grunnrenteskatt for havbruksselskap er etter fråtrekk for produksjonsavgift. var på 868 millionar kroner, der 36 av totalt 107 havbruksselskap bidrog.
2023 er det første året havbruksselskap betaler grunnrenteskatt med ein skattesats på 32,1 prosent (skatteetaten.no). Det gjelder selskap med kommersiell matfiskoppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø. Grunnrenteskatten er utforma som ein kontantstrømskatt der nye kostnader relatert til flytande oppdrettsanlegg i sjø kan førast i kjøpsåret. Grunnrenteskatt kjem i tillegg til alminneleg inntektsskatt slik at samla skattesats er 47 prosent.
Nedgang for vasskraftselskap
Gjeld for vasskraftselskap likna etter kapittel 18 i skattelova om særskilde skattereglar for kraftføretak, og blir berekna på grunnlag av ei grunnrenteinntekt. Skatten blir berekna etter ein sats som for kvart enkelt år blir vedteken av Stortinget. falt til 26,5 milliardar kroner i 2023, ein nedgang på 18,9 milliardar kroner frå rekordåret 2022.
Vasskraftselskapa bidrog til selskapsskatten med 39,5 milliardar kroner, ein nedgang samanlikna med 68,1 milliardar kroner i 2022. Inntektsskatten hadde ein nedgang på 9,7 milliardar kroner frå året før og enda på 13,1 milliardar kroner.
Til tross for reduksjon i utlikna skatt for vasskraftselskapa, er vasskraftskatten for 2023 den nest høgaste nokon gong. Årsaka er høg gjennomsnittleg straumpris for 2023 sjølv med ein reduksjon i straumprisen frå rekordåret 2022.
Statistisk sentralbyrå har valt å publisera statistikken Skatt for selskap i ny drakt som følgje av at Skatteetaten la om til ny skattemelding for upersonlege (skatteetaten.no) frå og med inntektsåret 2023. Hovudskilje er mellom petroleumsselskap og selskapa utanom petroleum. Detaljane for kvart selskap etter skattereglane er å finna i dei ulike spesialtabellane. Tabellane har ein einsarta struktur der heile reknestykket blir vist, slik at ein kan følgja berekningane trinn for trinn. Det skaper ein heilskapleg presentasjon. Populasjonen for alle tabellane er alle selskap. "Landbaserte virksomhet" har fått nytt namn "Selskap med ordinær skattlegging". Det betyr at tidlegare tabellar er flytta til avslutta tidsserie.