Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i oljeskatten
Utlikna skatt for selskap likna etter petroleumsskattelova utgjorde 97,2 milliardar kroner i 2003. Dette var 5,8 milliardar kroner eller 6 prosent meir enn i 2002.
42 selskap dreiv utvinning av olje og gass på norsk kontinentalsokkel i 2003. Utlikna inntektsskatt for desse selskapa utgjorde 37 milliardar kroner, medan utlikna særskatt utgjorde 60,1 milliardar.
160 utanlandske selskap dreiv vedlikehald, reparasjon og tenester for utvinningsselskapa, og fekk utlikna til saman 94 millionar kroner i inntektsskatt.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Oljeskattekontoret og Sentralskattekontoret for utanlandssaker etter ordinær likning. Då det er innført ny årssyklus med endringar i rutinar og fristar ved likninga for næringsdrivande 2003, kan tala bli endra.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Skatt for selskaper.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42