Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor skattevekst for oljeselskapa
Samla utlikna skatt for selskap likna etter petroleumsskattelova utgjorde 132 milliardar kroner i 2004. Dette var 35 milliardar kroner eller 36 prosent meir enn året før. Auken kjem i hovudsak av høgare oljepris.
Selskapa med konsesjon for utvinning av olje og gass på norsk kontinentalsokkel hadde 50 milliardar kroner i utlikna inntektsskatt og 82 milliardar kroner i særskatt i 2004.
Utanlandske selskap som dreiv vedlikehald, reparasjonar og tenester for utvinningsselskapa på sokkelen, blei utlikna til saman 95 millionar kroner i inntektsskatt.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Oljeskattekontoret og Sentralskattekontoret for utanlandssaker etter ordinær likning.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Skatt for selskaper.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42