Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kjønnsfordelinga nær uendra
Delen kvinnelege rolleinnehavarar i personleg åtte føretak har berre auka marginalt det siste året. Tre av fire enkeltpersonføretak har framleis mannleg innehavar.
Eigarskap og roller i næringslivet Statistisk sentralbyrå (SSB) arbeider med utvikling av ny statistikk på området eigarskap og roller i næringslivet i samarbeid med fleire departement mellom anna Næringsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Kjeldegrunnlaget for statistikksystemet er Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med rolleinformasjon om fysiske personar, Bedrifts- og føretaksregisteret i SSB samt data frå personstatistikksystemet til SSB. Personleg åtte føretak omfattar organisasjonsformene enkeltpersonføretak, selskap med delt ansvar og ansvarleg selskap. Berre føretaka med fysiske rolleinnehavarar er med i denne statistikken. Publiseringa denne gongen retter seg mot bestanden av personleg åtte føretak fordelt på kjønn. Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2004 er oppdaterte i høve til førre publisering og er endelege. Definisjonar og avgrensing av statistikken: Sjå Om statistikken. Annan statistikk om føretak og føretaksdemografi frå Bedrifts- og føretaksregisteret er på denne adressa: http://www.ssb.no/emner/10/01/ . |
Størst prosentdel kvinnelege rolleinnehavarar finn ein i organisasjonsforma ansvarleg selskap med 26,5 prosent. Flest kvinner finn ein likevel i enkeltpersonføretak, som er den vanlegaste organisasjonsforma innanfor personleg åtte føretak.
Størst del kvinner i føretak med mange tilsette
Kvart fjerde enkeltpersonføretak har kvinneleg innehavar. Delen kvinner aukar med storleiken på føretaket. Av enkeltpersonføretaka med meir enn 50 tilsette, har heile 36 prosent av føretaka ein kvinneleg innehavar.
Tradisjonelle val av næringar
Både kvinner og menn vel tradisjonelle næringar. Størst del kvinnelege innehavarar finn ein innanfor næringane helse og omsorg (50,5 prosent), og andre sosiale og personlege tenester (52 prosent). Menn er fullstendig dominerande som innehavarar i enkeltpersonføretak innanfor næringane byggje- og anleggsverksemd (98,8 prosent), kraft- og vassforsyning (97,5 prosent), finansiell tenesteyting og forsikring (92,6 prosent) og transport og kommunikasjon (91,3 prosent).
Kvinnelege innehavarar er yngre og har meir utdanning
Medan nærare fire av ti kvinnelege innehavarar har høgare utdanning, gjeld dette tre av ti mannlege innehavarar. Kvinnelege innehavarar er også noko yngre enn dei mannlege. Seks av ti kvinnelege innehavarar er under 44 år, mot fem av ti mannlege.
Meir i statistikkbanken
I statistikkbanken finn ein fleire tal på føretak og rolleinnehavarar etter næring, organisasjonsform, fylke, storleiksgrupper, kjønn, alder og utdanning.
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. 1. januar 2005
- Tabell 2 Enkeltpersonføretak etter næring og kjønn på innehavar. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 3 Andre personleg åtte føretak , etter næring og kjønn på deltakar. 1. januar 2004 og 2005
- Tabell 4 Rolleinnehavarar i personleg åtte føretak, etter kjønn og tal på tilsette. 1. januar 2005
- Tabell 5 Innehavarar i enkeltpersonføretak , etter kjønn og utdanningsnivå. 1. januar 2005
- Tabell 6 Innehavarar i enkeltpersonføretak , etter kjønn og alder. 1. januar 2005
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42