Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Mange innvandrarar etablerer eige føretak
Sjølv om dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjer berre 5,7 prosent av befolkninga, sto denne gruppa for 7,2 prosent av dei personleg åtte føretaka som vart etablerte i 2004. Dei vestlege innvandrarane utgjer 2,2 prosent av befolkninga, og sto for 4,1 prosent av nyetableringane. Kjønnsfordelinga er lik, uavhengig av landbakgrunn.
Eigarskap og roller i næringslivet
Statistisk sentralbyrå (SSB) arbeider med utvikling av ny statistikk på området eigarskap og roller i næringslivet i samarbeid med fleire departement, mellom anna Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Kjeldegrunnlaget for statistikksystemet er Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med rolleinformasjon om fysiske personar, Bedrifts- og føretaksregisteret i SSB samt data frå personstatistikksystemet til SSB. Personleg åtte føretak omfattar organisasjonsformene enkeltpersonføretak, selskap med delt ansvar og ansvarleg selskap. Berre føretaka med fysiske rolleinnehavarar er med i denne statistikken. Publiseringa denne gongen fokuserar på landbakgrunn og kjønn til dei som er eigarar av personleg åtte føretak. Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2004 er oppdaterte i høve til førre publisering og er endelege. Statistikken omfattar ikkje primærnæringar og offentleg forvaltning. Definisjonar og vidare avgrensing av statistikken: Sjå Om statistikken. Annan statistikk om føretak og føretaksdemografi frå Bedrifts- og føretaksregisteret er på denne adressa: http://www.ssb.no/emner/10/01/ . |
Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utgjer 5,7 prosent av befolkninga i Noreg i 2005, medan innvandrarar frå vestlege land utgjer 2,2 prosent. Om ein ser på dei personleg åtte føretaka i Noreg, så finn ein at innvandrarar frå ikkje-vestlege land eig 3,3 prosent av dei ansvarlege selskapa, 4,1 prosent av selskapa med delt ansvar og 5 prosent av enkeltpersonføretaka. Innvandrarar frå vestlege land eig 2,1 prosent av dei ansvarlege selskapa, 2,3 prosent av selskapa med delt ansvar og 3,7 prosent av enkeltpersonføretaka. Ein halv prosent av dei personleg åtte føretaka i Noreg vert dessutan ått av utanlandske statsborgarar som ikkje bur i Noreg.
Mange innvandrarar etablerer nytt føretak
I 2004 vart det etablert rundt 30 000 personleg åtte føretak i Noreg. Av desse vart 7,2 prosent etablerte av ikkje-vestlege innvandrarar, 4,1 prosent av vestlege innvandrarar og 1,4 prosent av utanlandske statsborgarar som ikkje bur i Noreg.
Lik kjønnsfordeling, uavhengig av landbakgrunn
Uavhengig av landbakgrunn, har om lag kvart fjerde personleg åtte føretak ein kvinneleg eigar. Ser ein isolert på føretaka som vart etablerte i 2004, så finn ein at delen kvinnelege eigarar er større, både blant norske, vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar. Kvar tredje nyetablering i 2004 vart etablert av ei kvinne.
Mange ikkje-vestlege innvandrarar innanfor hotell- og restaurantverksemd
Sjølv om innvandrarane frå ikkje-vestlege land utgjer berre 5,7 prosent av befolkninga i Noreg, så eig dei 20 prosent av alle enkeltpersonføretak og 24 prosent av alle ansvarlege selskap og selskap med delt ansvar innanfor hotell- og restaurantverksemd. Av føretaka som vart etablerte i 2004, sto ikkje-vestlege innvandrarar for 37 prosent av dei nyetablerte enkeltpersonføretaka innanfor hotell- og restaurantverksemd.
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken vil ein etter kvart finne fleire tal på føretak og rolleinnehavarar etter næring.
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar. 1. januar 2005. Prosent
- Tabell 2 Enkeltpersonføretak etter næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2005. Prosent
- Tabell 3 Andre personleg åtte føretak , etter næring, landbakgrunn og kjønn på deltakar. 1. januar 2005. Prosent
- Tabell 4 Enkeltpersonføretak etter talet på tilsette, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2005. Prosent
- Tabell 5 Andre personleg åtte føretak , etter talet på tilsette, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2005. Prosent
- Tabell 6 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar.1. januar 2004. Prosent
- Tabell 7 Enkeltpersonføretak etter næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 8 Andre personleg åtte føretak , etter næring, landbakgrunn og kjønn på deltakar. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 9 Enkeltpersonføretak etter talet på tilsette, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2004. Prosent
- Tabell 10 Andre personleg åtte føretak , etter talet på tilsette, landbakgrunn og kjønn på innehavar. 1. januar 2004
- Tabell 11 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar, nyetableringar. 2004
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak etter næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar, nyetableringar. 2004. Prosent
- Tabell 13 Andre personleg åtte føretak , etter næring, landbakgrunn og kjønn på deltakar, nyetableringar. 2004. Prosent
- Tabell 14 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar, nyetableringar. 2003. Prosent
- Tabell 15 Enkeltpersonføretak etter næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar, nyetableringar. 2003
- Tabell 16 Andre personleg åtte føretak , etter næring, land og kjønn på deltakar, nyetableringar. 2003. Prosent
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42