Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Kvinner står for ei av tre nyetableringar
Kvinner står for nesten ei av tre nyetableringar av personleg åtte føretak. Dei kvinnelege etablerarane vel tradisjonelt, og dei er å finne innanfor næringsområde som er kvinnedominerte. Delen kvinner som er styrerepresentantar er 17,8 prosent i allmennaksjeselskap (ASA) og 16,4 prosent i aksjeselskap (AS).
Det vart i 2005 etablert litt over 30 000 personleg åtte føretak, og desse har rundt 34 000 fysiske personar som eigarar (føretak med kun juridiske personar som rolleinnehavarar er ikkje med i statistikken). Av desse eigarane er 32,7 prosent kvinner.
Størst kvinnedel er det i enkeltpersonføretak, der 34,6 prosent av etablerarane er kvinner. Kvart fjerde enkeltpersonføretak er no ått av ei kvinne.
I ansvarleg selskap og selskap med delt ansvar er det færre kvinnelege eigarar, mindre enn kvar fjerde etablerar av slike selskap er ei kvinne. Til saman er kvinnedelen blant alle ansvarlege selskap 27 prosent og 25 prosent i selskap med delt ansvar.
Størst del kvinnelege etablerarar finn ein i nye føretak innanfor helse- og sosialtenester med 65,2 prosent. Den lågaste delen kvinnelege etablerarar er innanfor næringane kraft- og vassforsyning, byggje- og anleggsverksemd og finansiell tenesteyting og forsikring.
Kvinnelege etablerarar har høgare utdanning
43,2 prosent av dei kvinnelege etablerarane av enkeltpersonføretak har høgare utdanning, medan berre 28,7 prosent av dei mannlege etablerarane har slik utdanning. Over halvparten av mannlege etablerarar har vidaregåande skule.
Den største delen etablerarar er mellom 25 og 44 år. 66,6 prosent av kvinnelege etablerarar er i denne aldersgruppa, mot 63,4 prosent av dei mannlege etablerarane. 10,5 prosent av kvinnelege etablerarar er mellom 16 og 24 år, mot 13,2 prosent av dei mannlege etablerarane.
Fleire kvinner i styra i allmennaksjeselskap enn i aksjeselskap
Det er berre for allmennaksjeselskapa (ASA) det er innført ei lov om kjønnsrepresentasjon i styra. 1. januar 2006 var det 17,8 prosent kvinnelege styremedlemmer i desse føretaka. Aksjeselskap (AS) hadde på same tid 16,4 prosent kvinnelege styremedlemmer. AS har større del kvinnelege vararepresentantar enn ASA (48,6 mot 27,4 prosent).
Aksjeselskap innanfor helse- og sosialtenester har 32,8 prosent kvinnelege styremedlemmer. I ASA finn ein størst del kvinnelege styremedlemmer innanfor industri med 22,1 prosent.
Kvinnelege styrerepresentantar er yngre enn mannlege
42,7 prosent av kvinnelege styrerepresentantar i AS og 46,8 prosent i ASA er under 45 år. Berre 33,4 prosent av dei mannlege styrerepresentantane i AS og 27,1 prosent i ASA er i denne aldersgruppa. 70 prosent av dei kvinnelege styrerepresentantane i ASA har høgare utdanning, mot 62 prosent av dei mannlege.
19,5 prosent av styrerepresentantane i ASA etablert i 2005 er kvinner, i AS 16,2 prosent.
Meir i statistikkbanken
I statistikkbanken finn ein fleire tal på føretak og rolleinnehavarar etter næring, organisasjonsform, fylke, storleiksgrupper, kjønn, alder og utdanning. Ein finn òg fleire årgangar.
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg åtte føretak etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. Nyetableringar. 2005
- Tabell 2 Personleg åtte føretak, etter næring og kjønn på innehavar. Nyetableringar. 2005
- Tabell 3 Innehavarar i Enkeltpersonføretak, etter kjønn og utdanningsnivå. Nyetableringar. 2005
- Tabell 4 Innehavarar i Enkeltpersonføretak, etter kjønn og alder. Nyetableringer. 2005
- Tabell 5 Rolleinnehavarar i AS og ASA, etter rolletype og kjønn. 1. januar 2006
- Tabell 6 Styrerepresentantar i aksjeselskap, etter kjønn og næring. 1. januar 2006
- Tabell 7 Styrerepresentantar etter kjønn og tilsettegrupper. 1. januar 2006
- Tabell 8 Styrerepresentantar etter kjønn og alder. 1. januar 2006
- Tabell 9 Styrerepresentantar etter kjønn og utdanning. 1. januar 2006
- Tabell 10 Dagleg leiar, etter kjønn og næring. 1. januar 2006
- Tabell 11 Dagleg leiar, etter kjønn og tilsettegrupper. 1. januar 2006
- Tabell 12 Dagleg leiar, etter kjønn og alder. 1. januar 2006
- Tabell 13 Dagleg leiar, etter kjønn og utdanning. 1. januar 2006
- Tabell 14 Rolleinnehavarar i AS og ASA, etter rolletype og kjønn. Nye føretak. 2005
- Tabell 15 Styrerepresentantar etter kjønn og næring. Nye føretak. 2005
- Tabell 16 Styrerepresentantar etter kjønn og tilsettegrupper. Nye føretak. 2005
- Tabell 17 Dagleg leiar, etter kjønn og næring. Nye føretak. 2005
- Tabell 18 Dagleg leiar etter kjønn og tilsettegrupper. Nye føretak. 2005
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42