Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Mange innvandrarar etablerer eigne føretak
Mange med innvandrarbakgrunn etablerer eigne føretak. Men i dei norske styreromma er det fleire med utanlandsk statsborgarskap enn nordmenn med innvandrarbakgrunn. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå søkjer å seie noko om innvandrarane si deltaking i norsk næringsliv.
Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utgjer rundt 6 prosent av befolkninga i Noreg, medan innvandrarbefolkninga med bakgrunn frå vestlege land utgjer rundt 2 prosent. Dette samsvarar med deltakinga i næringslivet der innvandrarbefolkninga til saman eig 8 prosent av alle personleg åtte føretak. Befolkninga med bakgrunn frå ikkje-vestlege land åtte 1. januar 4,7 prosent av føretaka, medan dei med bakgrunn frå vestlege land, utanom Noreg, åtte 3,3 prosent. Eigarane har landbakgrunn frå til saman 151 ulike land. I tillegg er 617 eigarar, 0,5 prosent, personar utanfor Noregs befolkning, i hovudsak personar som er svenske, polske eller danske statsborgarar.
Mange med innvandrarbakgrunn etablerer sitt eige føretak
Av alle føretak som ble etablert stod innvandrarar med vestleg-bakgrunn bak 4,3 prosent og innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn bak 7,8 prosent1. Den ikkje-vestlege er særleg sterkt representert innanfor næringane hotell- og restaurantverksemd og transport og kommunikasjon. Primært dreier det seg om drift av gatekjøkken, salatbarar og pølsebuer samt drosjebiltransport.
Svært få ikkje-vestlege innvandrarar i styre ...
I styre i AS og ASA er personar med innvandrarbakgrunn svakt representerte. Innvandrarbefolkninga utgjer til saman 3,6 prosent av styrerepresentantane i norske AS og ASA. Den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga representerer 1,5 prosent, og den vestlege innvandrarbefolkninga står for 2,1 prosent.
Faktisk er det større del utanlandske statsborgarar i norske styre enn det er personar frå innvandrarbefolkninga. 10,8 prosent av alle styrerepresentantane (utanom vararepresentantar) i ASA er utanlandske statsborgarar, og tilsvarande 2,7 prosent i AS. Desse styrerepresentantane er primært frå Sverige, Danmark og Storbritannia.
... og som daglege leiarar
1,8 prosent av dei daglege leiarane i AS har ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn, medan ingen allmennaksjeselskap har dagleg leiar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. Ser ein på innvandrarbefolkninga med vestleg bakgrunn, så utgjer dei 2,4 prosent av daglege leiarar i AS og 3,5 prosent i ASA.
Ikkje-vestlege innehavarar er yngre
Både når det gjeld eigarar av personåtte føretak og styrerepresentantar så er hovudvekta av personar i den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga i aldersgruppa 24-44 år, medan for innvandrarbefolkninga med vestleg bakgrunn og dei utanom innvandrarbefolkninga er fleirtalet over 45 år.
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken vil ein finne fleire tal på føretak og rolleinnehavarar.
1 | Rettet 16. juni 2006 kl. 1030. |
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg eigde føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar, nyetableringar. 2005
- Tabell 2 Enkeltpersonføretak etter næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar, nyetableringar. 2005
- Tabell 3 Andre personleg eigde føretak , etter næring, landbakgrunn og kjønn på deltakar, nyetableringar. 2005
- Tabell 4 Personleg eigde føretak, etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. 1. januar 2005
- Tabell 5 Innehavarar i enkeltpersonføretak, etter landbakgrunn og alder. 1. januar 2005
- Tabell 6 Rolleinnehavarar i AS og ASA, etter rolletype, landbakgrunn og kjønn. 1. januar 2006
- Tabell 7 Rolleinnehavarar i AS og ASA, etter rolletype og landbakgrunn. 1. januar 2006
- Tabell 8 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter landbakgrunn og næring. 1. januar 2006
- Tabell 9 Styrerepresentantar i aksjeselskap, etter landbakgrunn og talet på tilsette. 1. januar 2006
- Tabell 10 Styrerepresentantar i aksjeselskap, etter landbakgrunn og alder. 1. januar 2006
- Tabell 11 Dagleg leiar i aksjeselskap, etter landbakgrunn og næring. 1. januar 2006
- Tabell 12 Dagleg leiar i aksjeselskap, etter landbakgrunn og talet på tilsette. 1. januar 2006
- Tabell 13 Dagleg leiar i aksjeselskap, etter landbakgrunn og alder. 1. januar 2006
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42