Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Føretak eigd av menn lever lenger
Fleire føretak starta av menn i 2002 var i drift i 2004, enn tilfellet er blant dei kvinnelege etablerarane. Mannlege etablerarar har også skapt størst omsetningsvekst, medan kvinnene har laga fleire arbeidsplassar. Yngre etablerarar har ei noko lågare overlevingsrate enn eldre.
I 2002 vart det etablert i alt 28 969 personleg åtte føretak, og av desse hadde 28 427 føretak registrert opplysningar om eigarar (fysiske personar). Tilsvarande for 2003 vart det etablert 28 634 personleg åtte føretak, der 28 538 hadde registrert eigaropplysningar. Eit personleg eigd føretak kan ha ein eller fleire eigarar, og til saman var det 31 502 etablerarar av nye føretak i 2002 og 31 874 etablerarar i 2003. |
44,4 prosent av dei mannlege og 37,8 prosent av dei kvinnelege etablerarane i 2002 etablerte personleg eigde føretak som var aktive i 2004.
49 prosent av etablerarar med utdanning innan naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag har etablert føretak som framleis er i aktivitet i 2004, mot berre 34 prosent av etablerarane med utdanning innan humanistiske og estetiske fag og 32 prosent av dei med lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk. Eigarar med grunnskuleutdanning har høgast overlevingsrate med 45,3 prosent. Flest etablerarar har ingen utdanning utover vidaregåande. Dei med 1-3 år utdanning utover vidaregåande skule har lågast overlevingsrate med 38,9 prosent.
Føretaka til etablerarar med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land har høgare overleving enn føretaka til innvandrarbefolkninga med bakgrunn frå vestlege land, med høvesvis 40 og 36 prosent. Det er svært liten skilnad på overlevingsraten til førstegenerasjonsinnvandrarar og etterkomarane deira.
Kvinner skapar vekst i sysselsetting, medan menn skapar vekst i omsetning
Av dei personleg åtte føretaka som framleis var aktive i 2004 utgjer kvinner rundt ein fjerdedel av eigarane. Desse kvinnelege eigarane har skapt 31 prosent av veksten i sysselsetjing desse to åra, men samstundes berre 19 prosent av veksten i omsetning.
Yngre etablerarar har ei noko lågare overlevingsrate enn eldre, men av dei personleg åtte føretaka som framleis var aktive i 2004 har det blitt skapt meir vekst i føretak med yngre etablerarar enn i dei med eldre. Størst vekst i omsetning og sysselsetting skjer i føretak med eigarar som er mellom 25-34 år.
Den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga utgjer 6 prosent av etablerarane i dei personleg åtte føretaka som framleis var aktive i 2004, men står for 9,3 prosent av veksten i sysselsetting og 8,3 prosent av veksten i omsetning. Viss vi skil mellom førstegenerasjonsinnvandrarar og deira etterkomarar ser ein at det er førstegenerasjonsinnvandrarane som er den gruppa som skaper mest vekst i sysselsetting. 9,2 prosent av eigarane i overlevande føretak er førstegenerasjonsinnvandrarar, og dei står for 12,1 prosent av veksten i sysselsetting.
Etablerarar med grunnskule eller vidaregåande skule er som nemnt dei gruppene som har høgast overlevingsrate, og utgjer til saman 62 prosent av etablerarane av føretak som framleis hadde aktivitet i 2004. Desse gruppene står også for i alt 72 prosent av omsetningsveksten.
Meir i statistikkbanken
I Statistikkbanken finn ein overleving og vekst i nyetablerte føretak frå 2002 til 2003 og 2004, etter kjønn og landbakgrunn til etablerar, fylke, overleving og vekst.
Tabeller:
- Tabell 1 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2002, etter overleving i 2003 og 2004, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 2 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2003, etter overleving i 2004, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 3 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2002 med aktivitet i 2004, etter vekst i sysselsetting, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 4 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2003 med aktivitet i 2004, etter vekst i sysselsetting, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 5 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2002 med aktivitet i 2004, etter sysselsetting, vekst i sysselsetting, kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 6 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2002 med aktivitet i 2004, etter vekst i omsetning, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 7 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2003 med aktivitet i 2004, etter vekst i omsetning, fordelt på kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
- Tabell 8 Nyetablerte personleg åtte føretak i 2002 med aktivitet i 2004, etter omsetning, vekst i omsetning, kjønn, alder, landbakgrunn, innvandringskategori, utdanningsnivå og fagfelt til eigar
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42