5396_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ner/aar
5396
Dobbelt så mange ASA oppfyller likestillingskravet
statistikk
2007-01-19T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ner, Eierskap og roller i næringslivet, overlevelsesgrad, nyetableringer, gründere, personlig eide foretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonforetak, foretaksstørrelse, foretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eierskap og roller i næringslivet1. januar 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Dobbelt så mange ASA oppfyller likestillingskravet

Per 1. januar 2007 tilfredsstiller 38 prosent av dei privat åtte allmennaksjeselskapa kravet til kjønnsrepresentasjon i styret, det er dobbelt så mange som for eit år sidan. Blant dei offentleg åtte føretaka oppfyller heile 84 prosent kravet.

Lova om kjønnsrepresentasjon i offentleg åtte føretak og privat åtte allmennaksjeselskap (ASA) trådde i kraft for eit år sidan. 1. januar 2007 var det registrert 525 aktive ASA i Brønnøysundregistra. 193 av desse, 38 prosent, tilfredsstiller kravet, noko som er ei fordobling frå eit år tilbake då 17,5 prosent av alle allmennaksjeselskapa oppfylte kravet.

"Manglar" 460 kvinner

Tre av fire styrerepresentantar er menn, og det manglar framleis 460 kvinner for å oppfylle kravet om kjønnsrepresentasjon. Det er likevel ein framgang frå eit år tilbake då 18 prosent av styrerepresentantane var kvinner, og det mangla heile 600 kvinner for å oppfylle kravet. 148 allmennaksjeselskap har per 1. januar i år ingen kvinner i styret, og berre 3 prosent av styreleiarane er kvinner.

204 av allmennaksjeselskapa, 40 prosent, oppfyller no kravet om eigarvalde styrerepresentantar. For eit år sidan tilfredsstilte berre 98 av 491 dette kravet. 61 av føretaka har krav om tilsettevalde styrerepresentantar. 33 av føretaka, 54 prosent, oppfyller dette kravet.

Kvinnelege styrerepresentantar er yngre og har meir utdanning

Gjennomsnittsalderen til dei kvinnelege styrerepresentantane er 45,7 år, medan gjennomsnittsalderen til dei mannlege er 51,4 år. Medan seks av ti mannlege styrerepresentantar har høgare utdanning, gjeld dette for sju av ti kvinnelege.

84 prosent av dei offentleg åtte føretaka tilfredsstiller kravet

375 offentleg åtte føretak vert omfatta av kravet om kjønnsrepresentasjon i styret. Dette er statsaksjeselskap, statsføretak, interkommunale selskap, helseføretak og dei tre særlovsselskapa Norsk Tipping AS, Vinmonopolet og Innovasjon Noreg. Av desse oppfyller 315 føretak, 84 prosent, kravet om kjønnsrepresentasjon.

Ser ein isolert på dei ulike krava tilfredsstiller 85 prosent av dei offentleg åtte føretaka kravet om eigarvalde styrerepresentantar i styret. 44 av føretaka har krav om tilsettevalde styrerepresentantar, og av desse oppfyller 39 føretak, 89 prosent, dette kravet.

Dei offentleg åtte føretaka har i alt 2 182 styrerepresentantar, der fire av ti er kvinner. Skal alle desse offentleg åtte føretaka oppfylle kravet "manglar" det 80 kvinner. 15 føretak har ikkje ei einaste kvinne i styret, medan tre føretak er utan menn.

Krav til kjønnsfordeling

Kravet blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar, skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar, skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

Det er vidare krav til dei tilsettevalde styrerepresentantane. Ved meir enn ein tilsettevald representant i styret skal begge kjønn vere representerte. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell vekk dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette.

Dersom eit allmennaksjeselskap har meir enn ein vararepresentant skal også her begge kjønn vere representerte blant desse.

Kjelder

Datagrunnlaget er alle registrerte allmennaksjeselskap i Einingsregisteret/Føretaksregisteret i Brønnøysundregistra 1. januar 2007, samt Einingsregisteret sin informasjon om offentleg åtte føretak, basert på opplysningar innhenta frå dei ansvarlege departementa.

Tabeller: