Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Menn eig aksjeselskapa
Nesten tre av fire personlege aksjonærar er menn. I 85 prosent av aksjeselskapa som er ått av ein aksjonær, er eigaren ein mann. Menn har også større eigardelar enn kvinner i aksjeselskap med fleire eigarar.
Personlege aksjonærar i AS og ASAAksjeselskapa per 1. januar 2006 som òg finst i Aksjonærregisteret for 2005 inngår i statistikken. Vidare er statistikken avgrensa til å omfatte aksjonærar som er personar identifiserte med fødselsnummer eller d-nummer (personlege aksjonærar) og som åtte aksjar per 31.12.2005. Til saman var 931 376 personar aksjonærar i 89 689 aksjeselskap (89 689 AS og 289 ASA) per 31.12.2005. Føretaka kan òg ha andre aksjonærar som ikkje er identifiserte ved fødselsnummer eller d-nummer (for det meste andre føretak). 198 416 aksjonærar er ikkje med (148 457 er føretak identifisert ved organisasjonsnummer og 49 959 er identifiserte ved vps-kontonummer eller namn). 48 099 aksjeselskap er ikkje med, anten fordi dei ikkje har aksjonærar identifiserte ved fødselsnummer eller d-nummer (42 721 føretak), eller fordi dei ikkje finst i Aksjonærregisteret. |
Mange eig lite, få eig mykje
Dei fleste aksjonærane eig aksjar i allmennaksjeselskap (ASA), (64,8 prosent av aksjonærane), medan 35,2 prosent er aksjonærar i aksjeselskap (AS). 78 prosent av alle aksjonærane har ein eigardel på mindre enn 1 prosent, medan 3,3 prosent eig 100 prosent. 99,9 prosent av dei personlege aksjonærane i ASA har under 1 prosent eigardel. I AS har 37,7 prosent av aksjonærane ein eigardel mindre enn 1 prosent, medan 9,3 prosent eig 100 prosent av føretaket.
Menn eig aksjeselskapa
Nesten tre av fire aksjonærar er menn, og mannlege aksjonærar har større eigardelar enn dei kvinnelege. Menn utgjer 84,7 prosent av aksjonærane med 100 prosent eigardel. Kvinnelege aksjonærar har gjennomgåande lågare eigardelar enn mannlege aksjonærar. 80,4 prosent av kvinnene og 77,1 prosent av mennene eig mindre enn 1 prosent av føretaket. Berre 1,9 prosent av kvinnelege og 3,8 prosent av mannlege aksjonærar eig 100 prosent. Mannlege aksjonærar eig i større grad enn kvinner heile føretaket (21,4 prosent av mennene mot 12,8 prosent av kvinnene). Det er fleire småaksjonærar i AS enn i ASA, og det er relativt fleire kvinnelege småaksjonærar enn mannlege. 44,5 prosent av dei kvinnelege aksjonærane eig mindre enn 1 prosent, og 5,3 prosent eig 100 prosent. For mannlege aksjonærar er dei tilsvarande tala 35,2 prosent og 10,8 prosent.
Dei fleste eineaksjonærane er mellom 45 og 67 år
Nesten halvparten av aksjonærane i AS og ASA er mellom 45 og 66 år. Av aksjonærane med 100 prosent eigardel er heile 60,8 prosent i denne aldersgruppa. Om lag ein av fem (20,7 prosent) av aksjonærane er 67 år eller eldre. ASA har fleire aksjonærar i denne aldersgruppa enn AS.
Flest aksjonærar eig aksjar i små eller store føretak
Dei fleste aksjonærane eig aksjar i anten små eller store føretak målt etter talet på tilsette. 22,3 prosent av alle aksjonærane eig aksjar i føretak med 250 eller fleire tilsette, medan 20,1 prosent av aksjonærane eig aksjar i føretak utan tilsette. 8 av 10 eineaksjonærar eig føretak med fem eller færre tilsette, og 9 av 10 eineaksjonærar eig føretak med færre enn 20 tilsette.
Personleg åtte føretak
Ein av fire rolleinnehavarar i personleg åtte føretak er kvinne (25,6 prosent). Ein større del kvinnelege rolleinnehavarar har høgare utdanning enn menn. 25,6 prosent av kvinnene har låg høgare utdanning, mot 16,8 prosent av mennene. Det er ein like stor del av mennene som av kvinnene som har høg høgare utdanning (om lag 12 prosent). Relativt fleire menn enn kvinner har grunnskule og vidaregåande skule som høgste fullførte utdanning, men dette heng saman med næring.
36 prosent av deltakarane i ansvarlege selskap (ANS) er mellom 25 og 44 år, medan for selskap med delt ansvar (DA) er 53,1 prosent av deltakarane i denne aldersgruppa. 52 prosent av deltakarane i ANS er mellom 45 og 66 år, mot 39,1 prosent av deltakarane i DA. 44,4 og 48 prosent av innehavarane av enkeltpersonføretak (ENK) er i desse to aldersgruppene.
Rolleinnehavarar med bakgrunn frå ikkje-vestlege land utgjer 5,5 prosent av innehavarane i ENK. Det er òg blant innehavarar i ENK ein finn flest med bakgrunn frå andre vestlege land (3,7 prosent). Innehavarane med innvandringsbakgrunn er relativt unge, mellom 60 og 70 prosent er mellom 24 og 45 år. Norske eigarar av personleg åtte føretak er i snitt noko eldre, mindre enn 45 prosent er i aldersgruppa 24-45.
Tabeller:
-
Tabell 1 Aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter talet på føretak, talet på aksjonærar og aksjonærane sin eigardel.
31. desember 2005 - Tabell 2 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter kjønn og eigardel. 31. desember 2005
- Tabell 3 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter alder og eigardel. 31. desember 2005
- Tabell 4 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter eigardel og næring på føretaket. 31. desember 2005
-
Tabell 5 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter eigardel, organisasjonsform og talet på tilsette.
31. desember 2005 - Tabell 6 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter kjønn og eigardel. 31. desember 2005
- Tabell 7 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter landbakgrunn og eigardel. 31. desember 2005
- Tabell 8 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap etter utdanningsnivå og eigardel. 31. desember 2005
-
Tabell 9 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter landbakgrunn og talet på tilsette i føretaket.
31. desember 2005 -
Tabell 10 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter landbakgrunn og næring på føretaket.
31. desember 2005 - Tabell 11 Personleg eigde føretak, etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. 1. januar 2006
- Tabell 12 Personleg eigde føretak, etter organisasjonsform og alder på rolleinnehavar. 1. januar 2006
- Tabell 13 Rolleinnehavarar i personleg eigde føretak, etter landbakgrunn og organisasjonsform. 1. januar 2006
- Tabell 14 Rolleinnehavarar i personleg eigde føretak, etter landbakgrunn, organisasjonsform og alder. 1. januar 2006
- Tabell 15 Rolleinnehavarar i personleg eigde føretak, etter utdanningsnivå, organisasjonsform og kjønn. 1. januar 2006
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42