5386_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ner/aar
5386
Halvparten av selskapa har ein aksjonær
statistikk
2007-12-14T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ner, Eierskap og roller i næringslivet, overlevelsesgrad, nyetableringer, gründere, personlig eide foretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonforetak, foretaksstørrelse, foretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eierskap og roller i næringslivet1. januar 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Halvparten av selskapa har ein aksjonær

Halvparten av aksjeselskapa i Noreg hadde ved utgangen av 2005 berre ein aksjonær, likevel utgjer eine-aksjonærar ikkje meir enn 6 prosent av alle aksjonærane. Eitt av fire aksjeselskap hadde to eigarar.

49 prosent av aksjeselskapa har ein eigar (aksjonær), og 25 prosent har to eigarar. Det er ikkje meir enn ein halv prosent av alle aksjeselskap som har 100 eller fleire eigarar.

Eineaksjonærar utgjer likevel berre 6 prosent av alle aksjonærar. Dei fleste aksjonærane har aksjar i føretak med mange aksjonærar og har tilsvarande låge eigardelar. 68 prosent av aksjonærane har aksjar i selskap som har 100 eller fleire eigarar, og 80 prosent av aksjonærane eig mindre enn 10 prosent av aksjane i føretaket. Mindre enn 12 prosent av aksjonærane eig 50 prosent eller meir av føretaket.

Nesten to tredelar (63 prosent) av dei personlege aksjonærane eig aksjar i berre eitt føretak, medan 19 prosent har aksjar i to føretak. 17 prosent har aksjar i tre eller fleire føretak. 80 prosent av dei personlege aksjonærane har ikkje aksjemajoritet i noko føretak, medan 18 prosent har majoritet i eitt føretak.

Føretak som er aksjonærar, eig oftare aksjar i fleire aksjeselskap. 23 prosent av føretaksaksjonærane eig aksjar i tre eller fleire føretak. Dei har òg oftare aksjemajoritet, 55 prosent i minst eitt føretak, og 2,5 prosent har majoritet i meir enn fire føretak.

Over halvparten av aksjeselskapa er eigde berre av privatpersonar

55 prosent av føretaka har berre privatpersonar som aksjonærar, medan 27 prosent har berre andre føretak som eigarar. 12 prosent av alle føretak vert ått av både føretak og privatpersonar.

Dagleg leiar eller styrerepresentantar er aksjonærar i to av tre aksjeselskap

I to tredelar (66 prosent) av aksjeselskapa er dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller nestleiar òg aksjonær i føretaket. Til saman eig dei 38 prosent av føretaka dei har aksjar i.

Ikkje-finansielle føretak er eigarar i 39 prosent av føretaka og eig 79 prosent av aksjekapitalen i desse føretaka. Den tredje mest vanlege eigartypen i norske føretak er norske private eigarar. 23 prosent av alle føretak har denne eigartypen representert på eigarsida. Men denne gruppa eig ein liten del av aksjekapitalen i dei føretaka der dei er representerte, berre 16 prosent. Finansielle føretak står som eigar i berre 1 prosent av alle føretaka, men eig derimot 37 prosent av aksjekapitalen i desse føretaka. Offentleg forvaltning er eigarar i 1 prosent av aksjeselskapa og eig 31 prosent.

Tabeller: