Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
95 prosent av ASA oppfyller kravet
Fristen for å oppfylle kravet til kjønnsfordeling i styre i allmennaksjeselskap (ASA) gjekk ut 1. januar 2008. 428 av 452 allmennaksjeselskap oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon per 1. juli 2008.
Krav til kjønnsfordelingKravet til kjønnsfordeling blant dei eigarvalde styrerepresentantane varierer med storleiken på styret. Dersom det er to eller tre eigarvalde styrerepresentantar skal begge kjønn vere representerte. Har styret fire elle fem eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst to. Har styret seks til åtte eigarvalde representantar skal kvart kjønn vere representert med minst tre. Minst fire av kvart kjønn skal vere representert i styret dersom styret består av ni eigarvalde styrerepresentantar, og er det ti eller fleire eigarvalde styrerepresentantar skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent. Det er vidare krav til dei tilsettvalde styrerepresentantane. Ved to eller fleire tilsettevalde representantar i styret skal begge kjønn vere representerte blant desse. Kravet til kjønnsrepresentasjon fell bort dersom eit kjønn utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette. Statistikken omfattar styreleiar, nestleiar og styremedlem. Vararepresentantar er haldne utanfor |
Klar auke siste halvår
Delen allmennaksjeselskap som oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon har auka frå 78 til 95 prosent i perioden 1. januar til 1. juli 2008. Delen kvinnelege styreleiarar har i same periode auka frå 5 til 6,6 prosent, og kvinner utgjer no 40 prosent av alle styrerepresentantane totalt (styremedlemmer samt styreleiarar og nestleiarar).
Treng 28 fleire kvinner
Per 1. juli 2008 manglar allmennaksjeselskapa i alt 13 eigarvalde og 15 tilsettvalde kvinner i styra for å oppfylle likestillingskrava. 6 føretak har ingen kvinner i styret, medan alle føretaka har menn i styret. 49,2 prosent av styremedlemma er kvinner.
Høgt utdanningsnivå blant kvinnene
45 prosent av dei kvinnelege og 37 prosent av dei mannlege representantane er i aldersgruppa 45 til 54 år. 71 prosent av kvinnene og 61 prosent av mennene har høgare utdanning.
Tabeller:
- Tabell 1 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar. 1. januar og 1. juli 2008
- Tabell 2 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn. 1. januar og 1. juli 2008
- Tabell 3 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og alder. 1. juli 2008
- Tabell 4 Styrerepresentantar i allmennaksjeselskap, etter kjønn og utdanningsnivå. 1. juli 2008
- Tabell 5 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde styrerepresentantar og talet på eigarvalde styrerepresentantar. 1. juli 2008
- Tabell 6 Allmennaksjeselskap etter krav om tilsettevalde styrerepresentantar og talet på tilsettevalde styrerepresentantar. 1. juli 2008
- Tabell 7 Allmennaksjeselskap etter krav om eigarvalde og tilsettevalde styrerepresentantar og talet på styrerepresentantar. 1. juli 2008
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42