Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Flest menn etablerer føretak
Dei fleste personleg åtte føretak og aksjeselskap er etablerte av menn. Størst del kvinnelege etablerarar finn ein blant dei personleg åtte føretaka. Ein tredel av desse er etablerte av kvinner.
Det vart etablert drygt 28 000 personleg åtte føretak i 2007. Dette er ein nedgang på over 6 prosent frå 2006. Av dei 30 618 etablerarane er ein tredel kvinner. Størst del kvinnelege etablerarar, 64 prosent, finn vi blant føretak innanfor helse- og sosialtenester.
43,6 prosent av kvinnelege og 26 prosent av mannlege etablerarar av enkeltpersonføretak har høgare utdanning. 14,3 prosent av kvinnene og 20,6 prosent av mennene har utdanning på grunnskolenivå. Dei fleste etablerarane av personleg åtte føretak er i aldersgruppa 25 til 44 år.
18,8 prosent av etablerarane i 2007 har ein annan landbakgrunn enn Noreg. Dette svarar til ein auke på 2,2 prosentpoeng i høve til 2006. Innanfor hotell- og restaurantverksemd har 46,5 prosent utanlandsk bakgrunn.
Få kvinnelege etablerarar av aksjeselskap
16,6 prosent av etablerarane av aksjeselskap og allmennaksjeselskap i 2006 var kvinner. Delen kvinnelege etablerarar er størst blant føretak innanfor helse- og sosialtenester, med 44,5 prosent. I næringane bergverksdrift og utvinning og byggje- og anleggsverksemd utgjer dei mannlege etablerarane om lag 94 prosent.
36 prosent av alle etablerarane totalt i 2006 var mellom 35 og 44 år. Størst del kvinnelege etablerarar var i aldersgruppa 16-24 år. Her utgjer kvinner 30 prosent. Blant etablerarar mellom 55 og 66 år utgjer kvinner 13,8 prosent. 42,7 prosent av dei kvinnelege og 38,2 prosent av dei mannlege etablerarane har høgare utdanning.
Statistisk sentralbyrå har publisert statistikk over eigarane/etablerarane i personleg eigde føretak sidan 2004. Med basis i Aksjonærregisteret (AR) frå Skattedirektoratet har vi identifisert etableraren i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA). AR omfattar alle aksjonærane i norske AS og ASA. Etableraren kan vere ein person, eit føretak eller ein kombinasjon av ulike typar aksjonærar. Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire aksjonærar. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen eller har kompetansen til å driva føretaket. Metoden for å finna etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som anten er dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik. Dersom eit nyetablert føretak er eigd av andre føretak, og desse eigarføretaka er direkte eigde av berre personar, er etableraren identifisert blant desse personane. Dersom dei andre føretaka ikkje har berre personar som aksjonærar, vil etableraren vere blant føretaka som er aksjonærar i det nyetablerte føretaket. Eigarar i fleire ledd enn det første vert ikkje undersøkte. I 2006 vart det etablert 18 082 nye AS og ASA i Noreg, og i 2007 16 724. 90 prosent av føretaka i 2006 finst i Aksjonærregisteret for 2006, og 83,8 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2007 finst i den førebelse versjonen av Aksjonærregisteret for 2007. I enkeltpersonføretak vert innehavaren definert som etablerar. I ansvarlege selskap og i selskap med delt ansvar vert alle deltakarar definerte som etablerarar. |
Tabeller:
- Tabell 1 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform og kjønn på rolleinnehavar. Nyetableringar 2007
- Tabell 2 Personleg åtte føretak, etter næring og kjønn på innehavar. Nyetableringar 2007
- Tabell 3 Personleg åtte føretak, etter utdanning og kjønn på innehavar. Nyetableringar 2007
- Tabell 4 Personleg åtte føretak, etter alder og kjønn på innehavar. Nyetableringar 2007
- Tabell 5 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, landbakgrunn og kjønn på rolleinnehavar, nyetableringar 2007
- Tabell 6 Personleg åtte føretak, etter organisasjonsform, næring, landbakgrunn og kjønn på innehavar, nyetableringar 2007
- Tabell 7 Etablerarar som er personar i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter type føretak, kjønn og alder til etablerar
- Tabell 8 Etablerarar som er personar i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter kjønn, utdanningsnivå og alder til etablerar
- Tabell 9 Etablerarar som er personar i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter næringshovudområde til det nyetablerte føretaket og kjønn på etableraren
- Tabell 10 Etablerarar som er føretak i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter næringshovudområde til etablerarføretaket
- Tabell 11 Etablerarar som er føretak i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter organisasjonsforma til etablerarføretaket
- Tabell 12 Etablerarar som er føretak i nyetablerte aksjeselskap og allmenaksjeselskap 2006 og 2007, etter talet på tilsette i etablerarføretaket
- Tabell 13 Føretak etter talet på etablerarar og type aksjonær. 2006 og 2007
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42