Innhold
Om statistikken
Definisjoner
-
Navn og emne
-
Navn: Eierskap og roller i næringslivet
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap
-
Ansvarlig seksjon
-
Seksjon for regnskapsstatistikk
-
Definisjoner av viktige begrep og variabler
-
Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2002) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken behandlast ei juridisk eining som eit føretak.Bedrift
I SN2002 er bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driv med aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe.Nye føretak
Som et nytt føretak i ei gitt periode reknast eit føretak registrert i ER med stiftelsesdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd (sjå 3.1). Dersom stiftelsesdato ikkje er oppgitt, vert registreringsdato nytta.Nyetablering
Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd ikkje vert rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.Bestandstal
Bestandstala per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderar alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som er registrert per 1. januar.Bestandstalet per utgangen av statistikkåret (1. januar i t+1) fastsetjast slik:
Bestandstal per 1. januar i år t
+ nye føretak i år t
- avgangar i år t
I tillegg justerast bestanden for 1. januar t+1 for sovande føretak i t-1 som har fått tilsette i løpet av t.
Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom enkeltpersonføretak (ENK), allmennaksjeselskap (ASA) og ansvarleg selskap (ANS).Personleg eigde føretak
omfattar organisasjonsformene ENK, ANS og DA.Ansvarlig selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA)
må ha minst to eigarar, desse vert kalla høvesvis deltakar med solidarisk ansvar og deltakar med proratorisk ansvar. Deltakarane har personleg og økonomisk ansvar. I et ANS kan kvar deltakar krevjast for hele selskapets gjeld, men i eit DA vert kvar deltakar hefta for ein bestemt del av selskapets gjeld. Totalt er deltakarane ansvarlege for hele gjelda. Både fysiske og juridiske personar kan være deltakarar. Det er valfritt om ein skal ha styre og / eller daglig leiar eller ikkje. I tabellane er ANS og DA med berre juridiske personar (føretak) som deltakarar heldt utanfor. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.Enkeltpersonføretak (ENK)
må ha ein, og berre ein, innehavar. Innehavar er fullt personleg ansvarleg for hele verksemda, og må være ein fysisk person. Det er høve til å tilsette ein dagleg leiar som er ein annan enn innehavaren.Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.Alle allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS) må ha styre. Styret skal som hovudregel minst bestå av tre medlemmer. I AS som har mindre enn tre millionar i aksjekapital kan styret bestå av eit eller to medlemmar pluss minst eit varamedlem. Alle ASA og AS med aksjekapital større enn tre millionar skal dessutan ha dagleg leiar.
Rolletype
De viktigaste rolletypane i denne statistikken er innehavar i ENK, deltakarar i ANS og DA, samt styreleiar og styremedlemmer i ASA.Alder
er alder ved utgangen av statistikkåret.Innvandrarar i Noreg
omfattar personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre som på et tidspunkt har innvandra til Noreg. I tillegg inngår også norskfødde med innvandrararforeldrei statistikken.Standard for gruppering av personar med innvandringsbakgrunn
viser til ulike avgrensingar av personar med og utan innvandringsbakgrunn.Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlanske fødeland.Tilsette (Lønstakarar)
Talet på tilsette omfattar alle personar som arbeidar for arbeidsgjevaren meir enn fire timar i veka. Personar med meir enn eit arbeidsforhold vil kunne vere telt med som tilsett i fleire næringar. I bestandstala visast det til talet på tilsette på telletidspunktet.
-
Standard klassifikasjoner
-
Standard for næringsgruppering (SN2002)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2002) i Statistisk sentralbyrå, som byggjer på EUs standard NACE Rev.1. Denne finn ein i Databasen for standard kvalifikasjoner .Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS)
Utdanningane er gruppert etter Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS) som første gang vart oppretta av SSB i 1970 og som sist vart oppdatert i 2000 (NUS2000).
Statistikken publiseres nå som Styre og leiing i aksjeselskap og Etablerere i næringslivet.