5362_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ner/aar
5362
Flest småaksjonærar
statistikk
2009-10-16T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
ner, Eierskap og roller i næringslivet, overlevelsesgrad, nyetableringer, gründere, personlig eide foretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonforetak, foretaksstørrelse, foretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eierskap og roller i næringslivet1. januar 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Flest småaksjonærar

To av tre aksjonærar åtte aksjar i føretak med hundre eller fleire aksjonærar per 1. januar 2008. Drygt 7 prosent av aksjonærane var eineaksjonærar.

Berre 0,4 prosent av aksjeselskapa og allmennaksjeselskapa hadde 100 eller fleire aksjonærar. Aksjonærane i desse selskapa utgjorde snautt 68 prosent av alle aksjonærar.

54 prosent av føretaka hadde berre ein aksjonær. Desse aksjeeigarane utgjorde ikkje meir enn drygt 7 prosent av alle aksjonærar. Drygt 22 prosent av føretaka hadde to aksjonærar.

Ein av fire personlege aksjonærar med aksjemajoritet

Om lag 24 prosent av dei personlege aksjonærane hadde aksjemajoritet i eitt eller fleire føretak. Ser vi på aksjonærane som var føretak, hadde i overkant av 55 prosent av desse eigarane aksjemajoritet i eitt eller fleire selskap.

Dagleg leiar og styrerepresentantar ofte representerte på eigarsida

I om lag to av tre føretak hadde aksjonærane roller i form av anten dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller nestleiar. Den største delen av føretaka der aksjonærar hadde roller, finn vi blant føretak med tre eller fire aksjonærar. I over 81 prosent av desse føretaka var dagleg leiar og styrerepresentantar blant eigarane.

Tabeller: