5792_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnaksje/aar
5792
Sterk vekst i eigenkapitalen
statistikk
1999-10-29T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
regnaksje, Årsregnskaper for ikke-finansielle aksjeselskaper, driftsinntekter, driftskostnader, driftsresultat, resultatregnskap, anleggsmidler, omløpsmidler, balanseposter, eiendeler, gjeldRegnskap, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Årsregnskaper for ikke-finansielle aksjeselskaper1997

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Sterk vekst i eigenkapitalen

Aksjeselskapa har i perioden 1995 til 1997 hatt ein vekst i eigenkapital på heile 68 prosent. Nøkkeltal syner at lønsemda er redusert i same periode.

Eigenkapitalen auka frå 485 milliardar kroner i 1995 til 817 milliardar i 1997. Det er ein auke på 68 prosent. Til samanlikning auka totalkapitalen med 47 prosent i perioden. Då totalkapitalen auka relativt mindre enn eigenkapitalen, auka eigenkapitaldelen frå 32,5 prosent i 1995 til 37,2 prosent i 1997. Soliditeten syner med andre ord ein klar stigande tendens i heile perioden frå 1993 til 1997. I 1993 var eigenkapitaldelen 27,6 prosent.

Redusert lønsemd

Lønsemd kan målast ved totalrentabilitet og rentabilitet på eigenkapital. Rentabilitet på eigenkapital måler avkastninga på eigenkapital medan totalrentabilitet måler avkastning på både eigenkapital og gjeld. Frå 1995 til 1997 vart rentabilitet på eigenkapital i aksjeselskapa redusert frå 13,1 prosent til 10,8 prosent. Dette til tross for at resultat før ekstraordinære kostnader minus skattekostnad auka med nær 40 prosent. At rentabiliteten på eigenkapitalen vart redusert, skuldast at eigenkapitalen auka relativt meir enn resultat før ekstraordinære poster minus skattekostnad i perioden. Totalrentabiliteten vart i same periode redusert frå 9,9 prosent til 9,2 prosent.

Forskjellar mellom næringane

Det er relativt store forskjellar i lønsemda mellom næringane. Næringa olje- og gassutvinning skil seg ut med høg lønsemd målt med både rentabilitet på eigenkapitalen med 17,5 prosent, og ein totalrentabilitet på 15,8 prosent. I næringa byggje- og anleggsverksemd er lønnsemda målt ved rentabilitet på eigenkapitalen høg, medan lønsemda målt ved totalrentabilitet er omtrent som gjennomsnittet for alle næringane. Næringa andre tenester har låg lønsemd målt med både totalrentabilitet på 5 prosent, og rentabilitet på eigenkapital med 2,8 prosent.

Forskjellane i soliditet mellom næringane er òg tydelege. Næringa kraftforsyning hadde høgast eigenkapitaldel med 51,1 prosent, medan næringa primærnæring hadde lågast eigenkapitaldel med 25,2 prosent.

Nøkkeltal. 1993-1997

  1993 1994 1995 1996 1997
Totalrentabilitet. Prosent 9,6 9,4 9,9 9,5 9,2
Rentabilitet på eigenkapital. Prosent 9,6 11,4 13,1 12,1 10,8
Eigenkapitaldel. Prosen 27,6 30,5 32,5 35,1 37,2
         
Talet på aksjeselskap     97 034     96 966     102 670     107 032     114 756

tlf. 62 88 55 80.

Frigitt 29. oktober 1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: