Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre likna etter reglane for reiarlag
898 reiarlag oppfylte krava til å bli likna etter dei særskilde reglane for reiarlag i 1998. Dette er 39 færre reiarlag innanfor ordninga enn i 1997.
Av selskapa innanfor ordninga var det 633 aksjeselskap og 265 deltakarlikna selskap. I 1996, det fyrste året med dei særskilde reglane, var det 213 aksjeselskap innanfor ordninga. Talet auka til 670 aksjeselskap i 1997. Reduksjonen i 1998 kjem av at ein del mindre selskap har fusjonert. Om lag 150 aksjeselskap har blitt skattlagde etter ordninga alle tre åra, og om lag 550 av dei 670 aksjeselskapa som var med i 1997 er framleis med i 1998.
Skattlegging av selskapa innanfor ordninga
Selskap innanfor ordninga skal svare skatt av positiv netto finansinntekt, utbytteinntekt og anna skattepliktig inntekt i tillegg til tonnasjeskatt. Tonnasjeskatt blir utrekna frå opplysningar om skipet sin storleik og blir kravd inn uavhengig av selskapet sitt resultat.
Hovuddelen av skattepliktig inntekt er netto finansinntekt. Denne utgjorde 386 millionar kroner i 1998. Skattepliktig utbytteinntekt utgjorde 124 millionar kroner medan anna skattepliktig inntekt utgjorde 2 millionar kroner. Til saman var sum skattepliktig inntekt 512 millionar kroner. Dette er ein auke på 31 millionar kroner frå året før. Utlikna skatt på inntekt før frådrag for godtgjersle var i 1998 143 millionar kroner. Tonnasjeskatten auka frå 45 millionar kroner i 1997 til 83 millionar kroner i 1998. Den store auken kjem i hovudsak av ei dobling i satsane for tonnasjeskatt. Frådrag for godtgjersle var på 15 millionar kroner. Samla utlikna skatt vert då 212 millionar kroner, ein auke på 38 millionar kroner ifrå året før.
Talet på skip innanfor ordninga
For å kvalifisere for ordninga må selskapet vere eit aksjeselskap som eig skip eller fartøy anten direkte eller indirekte gjennom eit anna selskap innanfor ordninga. 276 aksjeselskap åtte til saman 817 skip direkte, medan 357 aksjeselskap berre åtte eigendelar i andre selskap. I 1998 var det 1 220 skip innanfor ordninga.
Talet på aksjeselskap og deltakarlikna
selskap som er skattlagde etter §51A i skattelova. 1996-1998 |
1996 | 1997 | 1998 | |||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Talet på aksjeselskap | 213 | 670 | 633 | ||||||||||||||||
Av dette ikkje i skatteposisjon | 55 | 178 | 161 | ||||||||||||||||
Av dette med utlikna skatt | 158 | 492 | 472 | ||||||||||||||||
Talet på deltakarlikna selskap | 111 | 267 | 265 | ||||||||||||||||
Talet på selskap i alt | 324 | 937 | 898 | ||||||||||||||||
Statistikken kjem ut årleg.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Skatt for selskaper.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42