Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i utlikna skatt
Samla utlikna skatt for reiarlag likna etter særskilte skattereglar for skipsaksjeselskap, utgjorde 336 millionar kroner i 2004. Dette var omtrent det same beløpet som året før.
Utlikna inntektsskatt vart redusert med 2 millionar kroner medan utlikna tonnasjeskatt vart redusert med 6 millionar kroner sett i høve til 2003. Innføring av skattefritak for inntekt på aksjar frå og med 2004, medførte at godtgjerslefrådraget fall bort. I 2003 utgjorde dette frådraget 8 millionar kroner.
Totalt vart 400 skipsaksjeselskap likna etter den frivillige ordninga i 2004, mot 420 selskap året før.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Skatt for selskaper.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42