Den svake folkeveksten held fram
Publisert:
Fallande innvandring og noko færre fødslar gav moderat folkevekst i 3. kvartal òg.
- Tala er henta frå
- Befolkning
- Artikkelen er del av serien
- Befolkning (arkiv)
Folketalet voks med 12 500 i 3. kvartal, viser statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Veksten er eit resultat av eit fødselsoverskot på 5 700 og ei nettoinnvandring på 6 900.
Færre innvandringar
Det innvandra 16 800 personar til Noreg i 3. kvartal, som er 3 800 færre enn i 3. kvartal i fjor, og ein må tilbake til 3. kvartal 2006 for å finne så liten innvandring. Nettoinnvandringa er meir enn halvert frå 3. kvartal i 2012, då det innvandra vel 24 000 og tala for innvandringar var på sitt høgaste. Det utvandra 9 900 i 3. kvartal i år. Det er 1 200 færre utvandringar enn i det same kvartalet i fjor.
Figur 2. Innvandringar etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 3. kvartal 2016-3.kvartal 2017
3. kv. 2017 | 2. kv. 2017 | 1. kv 2017 | 4. kv. 2016 | 3. kv. 2016 | |
USA | 371 | 117 | 155 | 195 | 331 |
Tyskland | 388 | 210 | 237 | 315 | 510 |
Filippinene | 415 | 448 | 476 | 505 | 632 |
Eritrea | 449 | 517 | 749 | 447 | 485 |
India | 469 | 413 | 310 | 259 | 446 |
Danmark | 487 | 202 | 257 | 236 | 507 |
Litauen | 669 | 584 | 752 | 653 | 550 |
Sverige | 734 | 412 | 567 | 398 | 734 |
Polen | 1272 | 1107 | 1524 | 1393 | 1270 |
Syria | 1419 | 1685 | 2163 | 3572 | 3924 |
Figur 3. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 3. kvartal 2017
Innvandring | Utvandring | Netto innvandring | |
Iran | 212 | 20 | 192 |
USA | 371 | 177 | 194 |
Filippinene | 415 | 208 | 207 |
Kina | 328 | 102 | 226 |
Thailand | 274 | 42 | 232 |
India | 469 | 178 | 291 |
Litauen | 669 | 358 | 311 |
Eritrea | 449 | 17 | 432 |
Polen | 1272 | 816 | 456 |
Syria | 1419 | 19 | 1400 |
Blant utanlandske statsborgarar som innvandra, var det flest syrarar, vel 1 400, og polakkar, rundt 1 300. Bortimot ingen syrarar utvandra, og nettoinnvandringa enda dermed på 1 400. Nettoinnvandringa for dei med polsk statsborgarskap enda på nær 500.
Låge fødselstal
Det blei født vel 15 100 born i 3. kvartal i år, og ein må tilbake til 3. kvartal 2005 for å finne lågare tal for fødde. Det døydde 9 450. Dei låge fødselstala bidreg til at fødselsoverskotet enda på 5 650, som er det minste overskotet sidan 3. kvartal 2007.
Stor folkevekst i Vest-Agder
Folketalet voks i alle fylka utanom Nordland og Finnmark i 3. kvartal. Sett i høve til folketalet var tilveksten størst i Vest-Agder, Sør-Trøndelag og Oslo.
Den kraftige folkeveksten i Vest-Agder i 3. kvartal heng klårt saman med dei mange innflyttingane til fylket. Kommunar med høgskular og universitet har større flytteaktivitet i 3. kvartal enn elles i året. Dei mange innflyttingane som er registrerte til Kristiansand, kan henge saman med at kommunen tilbyr gratis busskort til dei studentane som melder flytting til kommunen. Bø kommune i Telemark, som òg hadde mange innflyttingar, tilbyr gratis sykkel om studentane melder flytting.
Nedgangen i folketalet i Nordland og Finnmark har si årsak i innanlandsk flyttetap til dei andre fylka. Fylka Finnmark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde størst innanlandsk flyttetap i 3. kvartal sett i høve til folketalet.
Figur 4. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. Per 1 000. 3. kvartal 2017
Nettoinnflytting, innanlandsk | Nettoinnflytting frå utlandet | |
Heile landet | 0.00 | 1.30 |
Østfold | 1.45 | 0.79 |
Akershus | 1.41 | 0.94 |
Oslo | 0.10 | 1.97 |
Hedmark | 0.47 | 0.89 |
Oppland | 0.64 | 1.12 |
Buskerud | 0.82 | 1.16 |
Vestfold | 0.38 | 0.97 |
Telemark | -1.37 | 1.66 |
Aust-Agder | -0.36 | 0.50 |
Vest-Agder | 6.26 | 1.59 |
Rogaland | -2.47 | 0.82 |
Hordaland | -0.66 | 1.27 |
Sogn og Fjordane | -2.13 | 1.79 |
Møre og Romsdal | -1.66 | 1.30 |
Sør-Trøndelag | 1.92 | 2.41 |
Nord-Trøndelag | -1.24 | 1.55 |
Nordland | -2.10 | 1.22 |
Troms Romsa | -1.37 | 1.09 |
Finnmark Finnmárku | -3.65 | 1.26 |
Faktaside
Kontakt
-
Kirsten Dybendal
-
Laila Holmen Lystad
-
Anders Falnes-Dalheim
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
-
SSBs informasjonstjeneste