Rapporter 2008/41

Ekteskapsmønster og transnasjonale familieetableringar i perioden 1990-2007

Ekteskap over landegrensene

Rapporten skildrar innvandring på grunnlag av familieetableringar og transnasjonale ekteskapsmønster i dagens Noreg. Ei slik skildring vil hjelpe oss å forstå ulike prosessar rundt innvandringa til Noreg. Det er ein nær samanheng mellom ekteskap og migrasjon. Det er ulike ekteskapsmønster og pardanningsmønster i dagens Noreg, og vi ser i hovudsak på ulike mønster i heile befolkninga, blant innvandrarar, blant norskfødde med innvandrarforeldre og blant personar utan innvandringsbakgrunn (i befolkninga elles). Vidare er det ulike mønstre for migrasjonen frå enkelte land, og familieetableringar har ulik verdi for migrasjonen frå enkelte land.

Innleiingsvis skildrar den samansetnaden av befolkninga og innvandrargruppene i Noreg med omsyn til alder kjønn og landbakgrunn per 1.1.2008, og vi skildrar innvandring etter innvandringsgrunn i perioden 1990-2006. Deretter blir sivilstand, sambuarskap/hushaldningar, inngåingar av ekteskap registrert i Noreg presentert (kapittel 3). Omfang av transnasjonale giftarmål registrert i Noreg og innvandring på grunnlag av familieetableringar blir presentert i kapittel 4 og 5. I kapittel 6 oppsummerar vi hovudfunna i rapporten. Hovudfunna kan kort oppsummerast slik:

• I perioden 1990-2007 har det årleg blitt registrert mellom 22 000 og 27 000 giftarmål i Noreg. Ekteskap som involverar to personer i befolkninga elles utgjer ein stadig mindre del av giftarmåla. Frå 84 prosent i 1990 til 62 prosent i 2007.

• Det har vore ei klar auke i transnasjonale giftarmål frå 1996 fram til 2007. Blant menn i befolkninga elles som gifta seg i 2007, var det 10 prosent som gifta seg med ei kvinne som ikkje var busett i Noreg. I 1996 var det til samanlikning 4 prosent. For kvinner i befolkninga elles har det ikkje vore same auken; frå 2 prosent i 1996 til knappe 4 prosent i 2007.

• Blant innvandrarar er det store skilnader i omfanget av transnasjonale ekteskap. Mange innvandrar på grunn av ekteskap (ekteskapsmigranten), medan andre innvandrar av andre grunnar og etablerar seg i Noreg.

• Innvandrarar med bakgrunn frå Pakistan, Tyrkia og Marokko giftar seg i stor grad transnasjonalt. Innvandrarar frå mange flyktninggrupper gifta seg i mindre grad transnasjonalt (som dei med bakgrunn frå Vietnam og Bosnia- Hercegovina). Innvandrarar med bakgrunn frå vesteuropeiske land gifta seg i langt større grad med nokon som allereie er busett i Noreg (i befolkninga elles) eller lever i sambuarskap.

• Stadig fleire innvandrar til Noreg på grunn av ei familieetablering. I 1990 var det i alt 1 300 personar frå land utanom Norden som fekk opphald på grunnlag av ei familieetablering, i 2006 var det 4 500.

• I perioden 1990-2006 har det vore flest som har innvandra på grunnlag av ei familieetablering frå Thailand, Pakistan, Tyrkia, Russland og Filippinane.

• Norskfødde med innvandrarforeldre som har gifta seg, ser i stor grad ut til å følgje det same mønsteret som vi ser blant innvandrar med same landbakgrunn. Men dei norskfødde med innvandrarforeldre utsett giftarmålet, og i noko større grad vel dei også sambuarskap som samlivsform.

Rapporten bygger på arbeid utført i Rapport 2006/39 (Daugstad 2006a) og 2004/1 (Lie 2004). Gunnlaug Daugstad ved Seksjon for levekårstatistikk har utarbeidd rapporten. Tabellane om innvandringsgrunn (kapittel 5) er utarbeidd av Kristina Kvarv Andreassen ved Seksjon for befolkningsstatistikk. Kåre Vassenden ved same seksjon har stått for tilrettelegginga av datagrunnlaget og oppbygginga av datasettet som er grunnlaget for kapittel 5 og kapittel 2.3 og 2.4. Tabellane om giftarmål (kapittel 3.4 og kapittel 4) er utarbeidd av Oddveig Selboe, og tabellane om hushaldsstatikk (kapittel 3.2 og 3.3) er utarbeidd av Kirsten Dybendal, begge ved Seksjon for befolkningsstatistikk. Elles har Vebjørn Aalandslid og Lars Østby har komme med verdifulle innspel til prosjektet.

Prosjektstøtte: Prosjekt er finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Om publikasjonen

Tittel

Ekteskap over landegrensene. Ekteskapsmønster og transnasjonale familieetableringar i perioden 1990-2007

Ansvarlig

Gunnlaug Daugstad

Serie og -nummer

Rapporter 2008/41

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Barn, familier og husholdninger

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7450-3

ISBN (trykt)

978-82-537-7449-7

ISSN

0806-2056

Antall sider

110

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt