Ingen jubel å spore for hundreåringen «Å»

Publisert:

«Å» feirar hundre år i år, men namn som bærer den nordiske bokstaven, har dei seinare åra blitt stadig mindre brukt.

Det er i år hundre år sidan ein kongeleg resolusjon sørgde for at bokstaven «Å» erstatta «Aa» i norsk rettskriving. Sjølv om bokstaven ser ut til å stå støtt og er å finne i mange ord, har namn med «Å» opplevd ein nærmast samanhengande nedgang i nitti år, kjem det fram av namnestatistikken til Statistisk sentralbyrå.

- Det er ikkje so mykje futt i denne hundreåringen, vedgår namneekspert i SSB, Jørgen Ouren

Stordomstid

For både gutar og jenter var det i perioden rett etter 1917 at Å-namna var mest populære. For gutane var det særskilt namna Håkon og Kåre som trakk opp snittet, men også Pål, Bård og Åsmund har vore ein del i bruk. For jentene er det derimot eitt namn som skil seg ut, kan Ouren slå fast.

- Det er ingen andre jentenamn med «Å» som kjem i nærleiken av populariteten til Åse, seier han om namnet som hadde si stordomstid på 1930-talet.

Figur 1. Namn med Å

Gutar Jenter
1917 3.04 1.25
1918 3.13 1.32
1919 3.09 1.15
1920 3.14 1.38
1921 3.49 1.33
1922 3.45 1.55
1923 3.35 1.6
1924 3.47 1.48
1925 3.54 1.74
1926 3.59 1.66
1927 3.54 1.86
1928 3.43 1.7
1929 3.65 1.8
1930 3.40 1.88
1931 3.58 1.82
1932 3.42 1.89
1933 3.25 1.76
1934 3.14 1.89
1935 3.01 1.98
1936 3.00 1.72
1937 2.93 1.81
1938 2.73 1.9
1939 2.87 1.68
1940 2.80 1.81
1941 2.60 1.64
1942 2.68 1.66
1943 2.55 1.66
1944 2.45 1.54
1945 2.58 1.54
1946 2.24 1.54
1947 2.56 1.56
1948 2.42 1.54
1949 2.24 1.57
1950 2.34 1.5
1951 2.22 1.52
1952 2.22 1.39
1953 2.15 1.34
1954 2.04 1.18
1955 2.23 1.38
1956 2.20 1.13
1957 2.19 1.18
1958 2.31 1.13
1959 2.32 1.12
1960 2.17 1.04
1961 2.30 0.94
1962 2.30 1.01
1963 2.26 0.88
1964 2.32 0.81
1965 2.29 0.81
1966 2.39 0.78
1967 2.42 0.64
1968 2.44 0.7
1969 2.62 0.61
1970 2.43 0.68
1971 2.44 0.61
1972 2.41 0.56
1973 2.55 0.56
1974 2.43 0.56
1975 2.44 0.5
1976 2.22 0.49
1977 2.25 0.43
1978 2.00 0.4
1979 2.01 0.48
1980 2.09 0.43
1981 1.93 0.44
1982 1.88 0.35
1983 1.70 0.33
1984 1.70 0.34
1985 1.62 0.26
1986 1.63 0.31
1987 1.58 0.3
1988 1.58 0.23
1989 1.64 0.28
1990 1.69 0.28
1991 1.93 0.26
1992 2.28 0.26
1993 2.32 0.27
1994 2.36 0.34
1995 2.27 0.34
1996 2.32 0.34
1997 2.26 0.32
1998 2.27 0.34
1999 2.11 0.34
2000 1.91 0.31
2001 1.73 0.29
2002 1.59 0.33
2003 1.45 0.3
2004 1.46 0.35
2005 1.43 0.28
2006 1.18 0.31
2007 1.13 0.26
2008 1.16 0.26
2009 1.11 0.24
2010 1.15 0.24
2011 1.11 0.3
2012 1.10 0.27
2013 0.96 0.27
2014 1.00 0.22
2015 1.01 0.25
2016 1.16 0.29

Lang nedtur

Men det skulle ikkje vare lenge. For både gutar og jenter byrja Å-namna sin lange nedtur allereie på 1930-talet. Og trass midlertidige oppsving for gutenamna Pål på 1970-talet og Håvard og Håkon på 1990-talet, har den halde fram heilt til no. På sett og vis er dette ikkje til å unngå for gamle norske namn, meiner Jørgen Ouren.

- Vi har sidan Å-namna si stordomstid fått fleire nye namn å velje mellom, hovudsakeleg gjennom innvandring og påverknad frå utanlandsk populærkultur. Dette gjer at dei gamle namna kanskje verkar meir upopulære enn dei eigentleg er, forklarer han.

I tillegg kan det at verda har blitt meir globalisert hatt ein innverknad for namn med den særnorske bokstaven.

- Det er nok ein del foreldre som vegrar seg for å gi barnet sitt eit namn som er vanskeleg å uttale på engelsk, trur namneeksperten.

Kan vi vente oss ein renessanse?

Jørgen Ouren har ved fleire høve sett at gamle namn dukkar opp igjen etter lang tids dvale. Den typiske tida det tar for eit namn å vinne att gammal popularitet, er om lag 120 år.

- Det skal bli spanande å sjå om også namn med den særnorske bokstaven «Å» har det i seg å stå opp att frå oska, men det vil berre tida vise, avsluttar Ouren.

Kontakt