Ekteskap på tvers av landegrensene

Koner frå Thailand, ektemenn frå Tyrkia

Publisert:

Stadig fleire innvandrarar kjem til Noreg på grunn av kjærleik. Medan 1300 personar frå land utanom Norden fekk opphald for å gifte seg i 1990, var tilsvarande tal 4500 i 2006. Over 2500 av desse kom til ein ektefelle som ikkje hadde innvandrarbakgrunn.

Dette kjem fram i ein artikkel i siste nummer av Samfunnsspeilet og i ein ny Rapport, der sosialantropolog Gunnlaug Daugstad i Statistisk sentralbyrå mellom anna har sett nærare på ekteskapsmønster og familieetableringar over landegrensene i det fleirkulturelle Noreg.

Av dei 284 000 innvandrarane frå land utanom Norden som fekk opphald i Noreg frå 1990 til 2006, kom 51 200 personar for å etablere familie. Av desse var det 40 prosent som kom til ei ektefelle som sjølv hadde innvandra, 3 prosent til ei ektefelle som var norskfødd med innvandrarforeldre og 57 prosent som kom til ei ektefelle i befolkninga elles.

Med omgrepet ”befolkninga elles” meines den delen av befolkninga som ikkje er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Det er meir vanleg for menn enn for kvinner å finne ektefelle frå utlandet. Blant menn i befolkninga elles som gifta seg i fjor, gifta 10 prosent seg med ei kvinne som ikkje var busett i Noreg. Tilsvarande tal for kvinner i befolkninga elles var berre 4 prosent. Kvinner med statsborgarskap frå Thailand, Russland og Filippinane representerer dei største gruppene ektefellar frå utlandet, medan kvinner i befolkninga elles som giftar seg med nokon busett i utlandet oftast finn ein mann frå USA, Tyrkia og Storbritannia.

Rapporten tek også for seg innvandrarars og norskfødde med innvandrarforeldres ekteskapsmønster. Innvandrarar frå Pakistan, Tyrkia og Marokko giftar seg i stor grad med personar som ikkje bur i Noreg. Innvandrarar frå mange flyktninggrupper (som dei med bakgrunn frå Vietnam og Bosnia) gifter seg i mindre grad over landegrensene.

Norskfødde med innvandrarforeldre er framleis unge. Men dei som allereie har gifta seg følgjer i stor grad det same mønsteret som ein ser blant innvandrarar med same landbakgrunn. Samstundes ventar norskfødde med innvandrarforeldre lenger med å gifte seg enn innvandrarar og vel i noko større grad også sambuarskap som samlivsform.

Les heile rapporten

Les heile artikkelen

Les Samfunnsspeilet

Kontakt