Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mannsoverskotet auka òg i 2015
Folkemengda auka med 48 200 personar til 5 214 000 ved årsskiftet. Det var 36 200 fleire menn enn kvinner. Omskiftet frå kvinneoverskot til mannsoverskot var registrert for første gong 1. januar 2011.
2016 | Endring i prosent | |||
---|---|---|---|---|
2015 - 2016 | 2011 - 2016 | 2006 - 2016 | ||
I alt | 5 213 985 | 0,9 | 6,0 | 12,4 |
0 år | 59 396 | 0,0 | -3,7 | 4,3 |
1-5 år | 310 725 | -1,2 | 1,2 | 6,8 |
6-12 år | 441 838 | 1,9 | 4,1 | 2,2 |
13-15 år | 186 284 | -1,4 | -3,4 | -2,1 |
16-19 år | 262 536 | 0,0 | 1,2 | 11,5 |
20-44 år | 1 769 024 | 0,5 | 5,4 | 11,2 |
45-66 år | 1 439 486 | 1,0 | 5,9 | 16,3 |
67-79 år | 524 671 | 4,5 | 26,2 | 34,4 |
80 år og over | 220 025 | -0,2 | -0,5 | 1,9 |
Omskiftet frå kvinneoverskot til mannsoverskot er eit resultat av ulike demografiske tilhøve. Det er særleg arbeidsinnvandringa frå utlandet som er årsaka til dette veksande mannsoverskotet, men òg at dødelegheita har gått meir ned for menn enn for kvinner.
Historisk sett har kvinneoverskotet i folkemengda variert mykje, mellom vel 1 100 kvinner per 1 000 menn i 1769 og 1 007 i 1960, men kvinnene har alltid vore i fleirtal. Etter midten av 1960-talet steig høvetalet til 1 022 rundt 1990, for så å minka att. Målt i personar var kvinneoverskotet størst i 1910, over 87 000, medan det i 1960 var nede på vel 12 000.
- Er det kvinne- eller mannsoverskot i di kommune? Sjå Tabell: 07459: Folkemengde, etter kjønn og ettårig alder. 1. januar (K) i Statistikkbanken.
Vel 10 prosent utanlandske statsborgarar
Vel 538 000 av dei busette ved årsskiftet var utanlandske statsborgarar, og dei stod for vel 10 prosent av folketalet. Blant dei utanlandske statsborgarane var det eit mannsoverskot på 49 200. Frå 1977, så langt attende som vi har tal, og fram til 1996 har det vore mannsoverskot blant dei utanlandske statsborgarane. I åra 1997–2006 var det så eit kvinneoverskot, men frå og med 2007 då ei aukande arbeidsinnvandring tok til, har mannsoverskotet vakse til 49 200 no ved årsskiftet.
Nær 100 000 polske statsborgarar her i landet
Det er framleis polakkane som er den største gruppa utanlandske statsborgarar, og gruppa tel 99 600 busette. Dei andre større gruppene med utanlandske statsborgarar ved årsskiftet var svenske og litauiske statsborgarar med 45 100 og 41 700 personar kvar seg.
Medan polske menn stod for 65 prosent, eller nærare 65 000 av dei om lag 100 000 polakkane, stod svenske kvinner for ein langt større part av svenskane med 48 prosent eller 21 500.
Det er særleg inn- og utvandringar, men òg overgang til norsk statsborgarskap, som fører til endringar i talet på busette med utanlandsk statsborgarskap.
Folketilvekst i alle fylka
Folketalet auka med 48 200 i 2015, noko som er 8 600 lågare enn i 2014. I alle fylka voks folketalet, og veksten var størst i Oslo og Akershus, med ein samla tilvekst på 20 300. I Akershus var veksten høgare enn i 2014, og i Oslo var veksten 2 500 lågare enn i 2014.
Den samla folketilveksten i Rogaland og Hordaland var 9 000, som var 3 800 lågare enn året før. Her var skilnaden stor for Rogaland, der veksten i 2015 var 2 800 lågare enn i 2014. Det var særleg dei to fylka Rogaland og Oslo som såg ein lågare vekst i 2015 enn i 2014.
Sjå dei viktigaste tala om folkemengde og mykje meir for kommunen din i Kommunefakta.
Kontakt
-
Magnus Haug
E-post: magnus.haug@ssb.no
tlf.: 40 81 14 91
-
Karstein Sørlien
E-post: karstein.sorlien@ssb.no
tlf.: 47 70 16 35
-
Linn Krokedal
E-post: linn.krokedal@ssb.no
tlf.: 95 47 97 47
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no