Byggekostnadsindeks for bustader

Oppdatert: 13. november 2024

Neste oppdatering: 13. desember 2024

Endring i byggekostnadsindeksen
Endring i byggekostnadsindeksen
Oktober 2023 - Oktober 2024
3,3
%
 
Byggekostnadsindeks for bustader. 2015=100
Byggekostnadsindeks for bustader. 2015=100
Oktober 2024
Endring frå førre månad, prosentEndring frå førre år, prosentIndeks
Bustader i alt1 0,33,3147,5
Bustader i alt, arbeidskraft2 0,02,9129,5
Bustader i alt, materialar0,54,5175,1
Einebustader av tre, i alt0,43,4151,6
Einebustader av tre, materialar0,84,7180,0
Einebustader av tre, byggearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid0,33,5155,8
Einebustader av tre, byggearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar0,64,2182,7
Bustadblokker, i alt0,23,0141,4
Bustadblokker, materialar0,14,0167,1
1Byggekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
2Lønnskostnader for årets 1., 2., 3., og 4. kvartal reknes inn i byggekostnadene for høvesvis mai, august, november og februar. Frå og med augustindeksen 2018 vert tala henta frå SSB sin kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) med data frå a-ordninga.
Standardteikn i tabellar

Kalkulator

Om statistikken

Statistikken måler den månadlege prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i entreprenøren sine fortenestemarginar. Statistikken blir i hovudsak brukt til justering av byggekontraktar.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 26. november 2024.

Byggekostnadsindeksar
Byggekostnadsindeksane måler prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert også kalla faktorprisindeksar eller inputprisindeksar. Byggekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar.

Representantvare
Eit omgrep på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av, og som det vert henta prisar på. Det kan vere ein materialtype, ein kategori arbeidar, ei maskinteneste, ei transportteneste osv.

Innsatsfaktor
Eit omgrep for kostnadsgruppene som ein har valt å gruppere representantvarene i. Desse omfattar arbeidskraft, maskiner ekskl. førar, transport inkl. førar, materialar, energikjelder og andre kostnader.

Kostnadsdel (vekt)
Kvar representantvare og innsatsfaktor er tillagd ein kostnadsdel (vekt) som bestemmer kor stor betydning desse elementa skal ha ved utrekning av indeksen. Vektene blir reviderte om lag kvart 10.-15. år.

Laspeyre indeks
Laspeyre-indeks er ein prisindeks der vektgrunnlaget blir halde konstant. Ein kjeda Laspeyre-prisindeks justerer vektene over tid ved å oppdatere grunnlaget for kvar periode, slik at endringar i forbruksmønsteret blir tekne omsyn til, samtidig som ein beheld eigenskapane til Laspeyre-indeksen

Pris
Prisar som verksemda oppnår ved sal eller utleige til entreprenørar, byggmeisterar, installasjonsverksemder m.m., det vil seie prisar med frådrag av rabattar. Prisane blir oppgjevne pr. 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift.

Gruppering av varegrupper i delprodukt i samsvar med prosjektinndelinga i Byggekostnadsindeksar for bustader. Standard for næringsgruppering 2007 (ec.europa.eu)

Namn: Byggekostnadsindeks for bustader
Emne: Prisar og prisindeksar

13. desember 2024

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Berre nasjonalt nivå.

Månadleg. Statistikken vert publisert om lag den 12. i den påfølgjande månaden.

Tal rapporteres til Eurostat.

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Føremålet med indeksane er å måle kostnadsutviklinga i produksjonen av bustadbygg. Indeksen blir brukt til justering av byggekontraktar og til økonomiske analysar, til dømes for å berekne prisutviklinga i næringa i nasjonalrekneskapen.

Indeksen har vore utarbeidd sidan 1978. Før det laga Aspelin-Stormbull byggekostnadsindeksar for Oslo-området for tomannsbustader i tre og bustadblokker. Desse indeksane går tilbake til 1932.

Vektgrunnlaget, som bestemmer forholdet mellom innsatsfaktorane, vart revidert i 1990, 2000 og 2019. I samband med revisjonen i 2000 blei byggekostnadsindeksane for rekkehus avslutta.

I 2019 blei datagrunnlaget til SSBs kvartalsvise arbeidskostnadsindeks forbetra med data frå a-meldinga. Det betyr at SSB får informasjon om lønn og tilsette gjennom a-meldinga i staden for fleire ulike kjelder, slik det var tidlegare.

Undersøkinga blir fullt ut finansiert gjennom statsoppdraget.

Statistikken er viktig for entreprenørar som vil sikre byggekontraktar mot kostnadsendringar. Internt i SSB er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Byggekostnadsindeksar er input-prisindeksar som måler prisutviklinga på innsatsfaktorane i bygge- og anleggsproduksjonen, slik som arbeidskraft, materialar, transport og maskiner. Byggekostnadsindeksane skil seg frå SSB sine prisindeksar for nye bustader ved at dei ikkje omfattar viktige element som påverkar output-prisen, blant anna tomteprisar, produktivitetsendringar og endringar i entreprenørens fortenestemarginar.

Rådsforordninga (EF) nr. 1165/98 av 19. mai 1998.

IIndeksane måler prisutviklinga på materialar, arbeidskraft, maskiner, transport og andre element som inngår i produksjonen av bustadbygg. Det er to typar observasjonar for desse varene og tenestene som vert målt: kostnadsdelar og prisar. Kostnadsdelane vert målt om lag kvart tiande år og dannar grunnlaget for vektene til varene og tenestene vi hentar prisar på. Utvalet av varer og tenester blir bestemt i denne kostnadsundersøkinga. Populasjonen for prisundersøkinga omfattar verksemder som leverer varer og tenester til bygg- og anleggsbransjen. Prisane vert målt månadleg og vert henta inn via eit Altinn-skjema.

Materialprisane vert henta inn med skjema frå verksemder som sel byggjevarer til entreprenørar, byggmeistrar, installatørar og liknande.

Arbeidskraftkostnadene vert henta frå Statistisk sentralbyrå si kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) som blir laga med data frå a-ordninga. A-ordninga inneber at SSB får informasjon om lønn og tilsette gjennom a-meldinga. Indeksen måler endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per eining utført arbeid. Arbeidskraftkostnadane består av direkte og indirekte personalkostnader. Direkte personalkostnader er kontantytingar/lønnskostnad, medan indirekte personalkostnader utgjer «resten» av kostnadene. For å unngå tilfeldige kostnadssvingingar, blir ikkje bonusar inkludert i indeksberekninga. AKI for BKIBOL er tilpassa ved å velje ein spesifikk tellepopulasjon og kostnadsvariablar og blir inkludert i byggekostnadsindeksane med eit etterslep på eitt kvartal.

Maskinkostnadene vert justerte med NTNU si månadlege statistikk over maskinkostnader.

Transportkostnadene vert justerte med Statistisk sentralbyrå sine månadlege kostnadsindeksar for lastebiltransport.

Materialprisane vert innhenta frå ei utvalsundersøking. Verksemdene vert trekt frå Verksamheit- og foretaksregisteret og blir stratifiserte etter næring, omsetning og regionar.

Øvrige prisdata vert henta frå følgjande statistikkar i Statistisk sentralbyrå:

  • Konsumprisindeksen
  • Prisindeks for førstegangsomsetning innanlands
  • Produsentprisindeksen
  • Produsentprisindeksen for tenester

Prisane blir samla inn gjennom Altinn-skjema RA-0530 «Prisar på byggjevarer til bustad». Kvar månad blir det henta inn prisar på om lag 160 representantvarer. Spørjeskjemaet blir sendt ut kring den 15. i statistikkmånaden, og fristen for innsending er 10 dagar seinare.

Prisane er utan meirverdiavgift og fråtrekte rabattar.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Oppgitte prisar for ein månad blir samanlikna med prisane frå førre månad. Ein ser òg på lengre tidsseriar av prisar. I tillegg blir prisendringar på varer innan same varegruppe samanlikna og undersøkte nærare ved stor spreiing. Delindeksar og indeksar på representantvarenivå vert kontrollerte mot historiske seriar og vert samanlikna med annan statistikk.

Oppgåvegjevar vert kontakta ved store prisendringar som ikkje er forklarte i skjemaet.

Ved manglande svar blir manglande prisar imputerte. Imputert verdi blir basert på gjennomsnittleg prisendring for den aktuelle vara, alternativt blir prisendringa sett lik prisendringa i same periode året før for den aktuelle vara og den aktuelle verksemda.

Byggekostnadsindeksen blir berekna som ein Laspeyres prisindeks med faste vekter. Nytt vektgrunnlag blei tatt i bruk i september 2019. Vektgrunnlaget er utarbeidd i samarbeid med Betonmast AS, Veidekke ASA, Block Watne AS og Nordbohus AL. Arbeidet er følgt opp av sentrale aktørar i byggje- og anleggsnæringa gjennom eit arbeidsutval og ei referansegruppe. Vektgrunnlaget byggjer på kalkylar og rekneskapstal frå fleire blokkprosjekt og einebustadprosjekt. Byggekostnadsindeksen for bustader i alt er sett saman av dei to indeksane for einebustader og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal.

Ingen sesongjustering av data

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk

Datakjeldene for arbeidskostnadene har endra seg over tid. I starten blei dei berekna ut frå dei årlege tariffoppgjera og NHO sin statistikk over gjennomsnittleg timeforteneste. I 1999 gjekk vi over til å bruke SSB sin eigen lønnsstatistikk. Frå augustindeksen i 2018 begynte vi å nytte data frå SSB si kvartalsvise arbeidskraftskostnadsindeks med grunnlag i A-ordninga.

Det er eit brot i tidseriane for byggekostnadsindeksen for bustader frå januar 2000, i samband med overgangen til nytt vektgrunnlag. Byggekostnadsindeksen for rekkjehus blei lagt ned, og samtidig starta publiseringa av ei ny delindeks for grunnarbeid.

Spørjeskjemaet er utforma slik at det går fram kva pris oppgåvegjevaren har rapportert dei føregåande månadene. Dette skal sikra at det er prisen på den same vara som vert oppgitt ved kvar innsamling. Denne løysinga kan imidlertid leggje til rette for at oppåvegjevarar av praktiske omsyn unnlet å innrapportere prisendringar, og berre fyller ut prisar frå den førre månaden. Det vert utført manuelle kontrollar for å identifisere dei mest opplagte feila av denne typen. Dersom ei vare oppgåvegjevaren har rapportert tidlegare har gått ut eller er utselt, og ein rapporterar prisen på ei anna vare, skal dette vere kommentert på baksida av skjemaet eller under kolonna: "Bedriftens varebeskrivelse". Unnlet oppgåvegjevar å gjera dette, kan prisforskjellen på to ulike produkt verte registrerte som ei prisendring når endringa er liten. Omfanget av denne typen feil er ukjent.

Det totale fråfallet er på om lag 1 prosent. Det partielle fråfallet er lite, men ikkje målt eksakt. Dersom ei bedrift ikkje sender inn prisar ein månad eller ikkje oppgir pris på ei eller fleire varer, gir ein desse varene ei prisendring lik gjennomsnittleg prisendring for desse varene eller same prisending som i same periode året før.

Utvalet av varer og tenester vert oppdatert om lag kvart tiande år for å få inn nye produkt. I tillegg skiftar ein produkt fortløpande dersom ein prisrapportør ikkje lenger fører produktet. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalskjeivheita i byggekostnadsindeksane.

Nokre prisrapportørar gir listeprisar. Det tyder at vi i ein viss grad misser prisendringar som skuldast endringar i rabattstrukturane.

Priseffektar som skuldast endringar i relative prisar. Prisforholdet mellom ulike varer og tenester vert endra over tid.

Utilfredsstillande handsaming av kvalitetsendringar.

Statistisk sentralbyrå har ikkje sett i verk separate utrekningar av betydninga av desse målefeila i byggekostnadsindeksane.

Byggekostnadsindeksane vert ikkje revidert.

Faktasider

Kontakt