Ekteskap og skilsmisser

Oppdatert: 6. mai 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Antall inngåtte giftemål, endring
Antall inngåtte giftemål, endring
2022 - 2023
-781
 
Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
20222023Endring i absolutte tall
2022 - 2023
Inngåtte ekteskap20 76919 988-781
Skilsmisser8 2048 513309
Separasjonar9 0629 224162
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar. Par med same kjønn.
    Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar. Par med same kjønn.
    20222023Endring i absolutte tall
    2022 - 2023
    Inngåtte ekteskap434424-10
    Skilsmisser9112938
    Separasjonar14015212
    Standardteikn i tabellar
  • Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom personar av ulikt kjønn.
    Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom personar av ulikt kjønn.
    Mannen busett i NoregKvinna busett i NoregMannen og kvinna busett i NoregMannen eller kvinna busett i NoregMannen busett i utlandetKvinna busett i utlandet
    196023 65123 99823 651......
    196124 14224 32324 142......
    196224 07024 23424 070......
    196324 09624 30924 096......
    196425 00525 24325 005......
    196524 18524 40624 185......
    196627 68027 99127 50028 171491180
    196729 15429 44728 92329 678524231
    196829 44129 76029 25429 947506187
    196929 63029 22129 42430 127497206
    197029 37029 64329 16129 852482209
    197129 51029 70329 35229 861351158
    197228 59628 76428 39328 967371203
    197328 14128 25227 92928 464323212
    197427 34427 45127 09827 697353246
    197525 89826 02725 60926 316418289
    197625 38925 45325 01225 830441377
    197724 02224 05923 61224 469447410
    197823 69023 72723 23724 180490453
    197923 05523 02622 59423 487432461
    198022 23022 14021 70522 665435525
    198122 27122 25821 77822 751480493
    198221 70621 67221 18922 189483517
    198320 80320 73320 23921 297494564
    198420 53720 43619 92321 050513614
    198520 22120 30119 75820 764543463
    198619 87319 76219 12220 513640751
    198720 28520 26019 46421 081796821
    198820 80620 84019 90221 744938904
    198919 95019 79918 99420 755805956
    199021 12320 88320 08021 9268031 043
    199119 06518 77717 96219 8808151 103
    199218 62718 15017 51119 2666391 116
    199318 74118 24917 52619 4647231 215
    199419 86619 17618 43720 6057391 429
    199520 98120 28019 58421 6776961 397
    199622 47821 71521 02123 1726941 457
    199722 93322 08121 19923 8158821 734
    199822 34921 36920 36423 3541 0051 985
    199923 45622 23820 80524 8891 4332 651
    200025 35624 00522 59826 7631 4072 758
    200122 96721 40719 72224 6521 6853 245
    200224 06922 07120 36425 7761 7073 705
    200322 36120 65518 89724 1191 7583 464
    200422 35420 44018 65524 1391 7853 698
    200522 39220 47418 97623 8901 4983 416
    200621 72119 81818 41623 1231 4023 305
    200723 47121 45219 96724 9561 4853 504
    200825 12522 88821 46826 5451 4203 657
    200924 29921 87420 34425 8291 5303 955
    201023 31320 77219 35324 7321 4193 960
    201122 87620 38218 82824 4301 5544 048
    201224 07721 49019 97325 5941 5174 104
    201323 15820 74119 33024 5691 4113 828
    201422 61820 05618 71723 9571 3393 901
    201522 43819 76018 37323 8251 3874 065
    201622 25919 63718 22423 6721 4134 035
    201721 77819 32617 97023 1341 3563 808
    201820 61818 47217 38621 7041 0863 232
    201919 52417 90516 96320 4669422 561
    202015 90414 63113 84016 6957912 064
    202115 75415 08314 46316 3746201 291
    202220 33519 68419 35620 663328979
    202319 56418 96218 59719 929365967
    Standardteikn i tabellar
  • Inngåtte ekteskap, etter type vigsel
    Inngåtte ekteskap, etter type vigsel1
    Vigslar i altDen norske kyrkjaBorgarlegTrus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja2 Utlandet3
    201820 9497 6308 0631 7973 459
    201919 8556 8058 8681 5362 646
    202016 1514 5608 3031 3561 743
    202116 0504 9308 1381 500551
    202220 7697 7319 4622 0241 520
    202319 9886 7949 6291 9011 594
    1Mannen busett i Noreg ved vigselen. Etter den nye ekteskapslova i 2009, mannen/eldste ektefelle busett i Noreg ved vigselen
    2Medrekna vigselstal frå Human-Etisk Forbund som fekk vigselsrett i slutten av 2004
    3For ekteskap i utlandet er ikkje type vigsel oppgitt
    Standardteikn i tabellar
  • Gjennomsnittsalder ved vigselen. Ekteskap mellom personar med ulike kjønn
    Gjennomsnittsalder ved vigselen. Ekteskap mellom personar med ulike kjønn
    20232022
    MennKvinnerMennKvinner
    Alle vigde39,937,339,636,9
    Ikkje tidlegare vigde37,134,936,834,6
    Tidlegare vigde53,549,553,349,3
    Standardteikn i tabellar
  • Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar med ulikt kjønn.
    Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar med ulikt kjønn.1
    Førstegongsvigde menn per 1 000 av middelfolkemengda av ikkje tidlegare gifte menn, etter alderFørstegongsvigde kvinner per 1 000 av middelfolkemengda av ikkje tidlegare gifte kvinner, etter alder
    201820222023201820222023
    15-19 år0,20,10,10,60,30,4
    20-24 år5,33,63,89,96,86,6
    25-29 år24,518,817,234,829,226,8
    30-34 år37,534,932,442,742,638,5
    35-39 år29,829,426,528,530,829,7
    40-44 år20,621,119,616,119,619,5
    45-49 år15,114,414,411,813,814,1
    50-54 år12,112,312,19,911,811,5
    55-59 år8,19,710,85,49,29,0
    1Busett i Noreg. Par med same kjønn er ikkje inkluderte.
    Standardteikn i tabellar
  • Skilsmisseratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Skilsmisser mellom personar med ulikt kjønn
    Skilsmisseratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Skilsmisser mellom personar med ulikt kjønn1
    Skilsmisser per 1 000 gifte og separerte mennSkilsmisser per 1 000 gifte og separerte kvinner
    201820222023201820222023
    Alle aldre9,98,68,910,38,99,1
    15-19 år..0,00,024,30,017,4
    20-24 år13,512,914,717,216,711,3
    25-29 år16,612,912,017,913,312,8
    30-34 år16,512,811,818,114,714,0
    35-39 år15,413,212,817,915,015,0
    40-44 år16,514,414,417,516,015,2
    45-49 år16,614,614,416,214,815,2
    50-54 år13,613,113,411,911,112,0
    55-59 år9,79,410,56,87,58,8
    60-64 år6,16,47,03,74,34,7
    65-69 år3,33,84,52,12,42,9
    70 år eller eldre1,31,41,90,80,71,2
    1Busett i Noreg.
    Standardteikn i tabellar
  • Separasjonsratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Separasjonar mellom personar med ulikt kjønn.
    Separasjonsratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Separasjonar mellom personar med ulikt kjønn.1
    Separasjonar per 1 000 gifte mennSeparasjonar per 1 000 gifte kvinner
    201820222023201820222023
    Alle aldre11,49,89,911,810,110,3
    15-19 år..87,090,941,716,072,1
    20-24 år27,922,727,227,428,723,1
    25-29 år23,219,919,124,120,720,2
    30-34 år20,216,818,322,118,919,6
    35-39 år18,816,017,421,818,419,1
    40-44 år19,616,417,621,117,619,4
    45-49 år19,116,616,618,116,016,3
    50-54 år14,614,213,512,312,712,1
    55-59 år10,710,39,77,47,57,2
    60-64 år6,65,96,43,64,03,9
    65-69 år3,43,94,11,82,62,3
    70 år eller eldre1,31,71,60,60,80,8
    1Busett i Noreg
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir tal for skilsmisser, separasjonar, vigslar og partnarskap. For par med same kjønn blir hendinga rekna med når eldste partnar eller ektefelle var busett i Noreg ved tidspunktet for hendinga, for par med ulikt kjønn når mannen var busett i Noreg på dette tidspunktet.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 8. august 2024.

Rate

Hendingar i ein periode dividert med relevant middelfolkemengd. Perioden er oftast eitt år. Ved periodar på fem år blir årleg gjennomsnitt for femårsperioden publisert. Døme: Giftermålsrate (-hyppighet) for førstegongsgifte kvinner er talet på førstegongsgifte kvinner per 1 000 av middelfolkemengd av ikkje tidlegare gifte kvinner i ei aldersgruppe.

Middelfolkemengd

Gjennomsnitt av folkemengd ved byrjinga og slutten av året.

Kohort

Ei gruppe personar (eit kull) som har opplevd same (demografiske) hending i same kalenderår (eller periode), til dømes fødsel eller vigsel: Fødselskohorten (fødselskullet) 1970 er dei personane som blei fødd i 1970. Ekteskapskohorten (ekteskapskullet) 1985 er dei ekteskapa som blei inngått i 1985/dei personane som blei vigd i 1985.

Busett

Kven som skal reknast som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til loven blei sist endra med verknad frå 1. oktober 1998.

Definisjon av dei viktigaste kjennemerka Barn

Opplysningar om talet på involverte barn er til og med publiseringa av tal for 2005 henta frå melding om skilsmisse/separasjon. Frå 2006 slutta DSF å overføre talet på barn frå desse meldingane. I statistikken som er publisert frå og med 2006 har vi derfor rekna ut talet på barn ved å nytte opplysningar om foreldre/barn - relasjonar frå DSF. Samstundes rekna vi ut nye tal basert på foreldre/barnrelasjonane attende til 2001. Ein samanlikning av dei to tidsseriane tyder på at talet på barn har vore noko underrapportert i meldingane om skilsmisse/separasjon..

Sivilstand

Med bakgrunn i lov om registrert partnarskap som gjeld frå 1. august 1993 blei omgrepet ekteskapelig status erstatta med sivilstand som i tillegg omfattar fire nye verdiar. Fylgjande verdiar for sivilstand er tatt i bruk frå og med 1. januar 1994: ugift (ikkje tidlegare gift), gift, enkje/enkjemann, skilt, separert, registrert partnar, separert partner, skilt partnar og attlevande partnar.

Alder

Er som regel (frå og med 1961) oppgitt som alder ved hendinga. I nokre høve (t.d til kohortberekningar), er det brukt alder ved utgangen av året. Før 1961 er alder gitt som alder ved utgangen av året.

Bustad

Bustadsfylke eller -kommune då vigselen/partnarskapet/separasjonen/skilsmissa fann stad.

Namn: Ekteskap og skilsmisser
Emne: Befolkning

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for befolkningsstatistikk

Landet, fylke og kommune.

Årleg.

Ikkje relevant

Filer på individnivå med data som blir bearbeida og langtidslagra.

Statistikken skal, saman med andre emne innan befolkningsstatistikken, vere med på å syne endringar som finn stad, og som difor verkar inn på befolkningens samansetting.

For inngåtte ekteskap finst tal for heile landet frå og med 1770, med unnatak av åra 1784-1794.

For inngåtte registrerte partnarskap finst statistikk frå og med 1993. Lov om registrert partnarskap, som trådde i kraft 1. august 1993, inneber at to personar av same kjønn kan la partnarskapet sitt bli registrert.

Statistikk over inngåtte ekteskap mellom to personar med same kjønn finst frå og med 2009. Ekteskapslova blei endra 1. januar 2009, og dei vesentlegaste endringane i ekteskapslova er:

  • To personar av same kjønn kan inngå ekteskap.
  • Eit registrert partnarskap kan omgjerast til ekteskap, det vil seie at partnarar kan framsetje eit kravsmål overfor folkeregistermyndigheita om at registrert partnarskap skal gjelde som ekteskap.
  • Det kan ikkje inngås partnarskap etter 31.12.08.

Tal for skilsmisser finst attende til 1871. Tal for 1871-1885 omfattar ikkje skilsmisser ved dom, berre dei som er gitt ved bevilling.

Statistikken over separasjonar går attende til 1871. Tal manglar for åra 1931-1946.

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljøer innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) §10.

Ikkje relevant

Det statistiske materialet omfattar skilsmisser, separasjonar, vigslar og registrerte inngåtte partnarskap (t.o.m. 2008) der minst ein av ektefellene/partnarane/eldste ektefelle var busett i Noreg ved hendinga. Som "nasjonalt hovudtal" reknas frå 1999 av skilsmisser, separasjonar, vigslar og partnarskap der mannen/eldste partnar/eldste ektefelle var busett i Noreg ved hendinga. Før 1986 blei hovudtala for vigslar og partnarskap publisert slik som no, etter definisjonen om at mannen skulle vere busett i Noreg ved hendinga. I perioden 1986-1998 omfatta dei publiserte hovudtala for ekteskap/partnarskap hendingar der minst ein av partane var busett. Dei publiserte hovudtala for skilsmisser og separasjonar omfatta hendingar der mannen var busett i Noreg også før 1999, men omfatta i tillegg nokre skilsmisser og separasjonar der mannen var busett i utlandet eller hadde ukjent bustad.

Inngåtte ekteskap mellom to personar med same kjønn som ikkje har fullstendig utfylt personnummer blir medrekna i inngåtte ekteskap mellom to personar med ulikt kjønn.

Forseinka meldingar i folkeregistra er i statistikken blitt handsama på ulik måte over tid. Ei forseinka melding er ei melding om skilsmisse, separasjon, ekteskap eller partnarskap som ikkje er sendt folkeregisteret tidsnok til å bli med i statistikken for det kalenderåret hendinga fann stad. Handsaminga av dei forseinka meldingane, altså etterslepet, verkar inn på korleis hendinga kjem med i statistikken seinare.

Statistikken for åra frå og med 2002 omfattar i hovudsak hendingar som faktisk fann stad i statistikkåret (kalenderåret), også hendingar som blei meldt for seint til å bli med i føregåande års statistikk eller tidlegare årganger, uansett når hendinga fann stad. Frist for mottak av meldingar er utgangen av januar året etter statistikkåret.

Statistikken for åra 1999 til og med 2001 har same omfang, men med tillate forseinking på to månader, ikkje ein månad som det er blitt seinare.

Statistikken for åra 1990-1998 omfatta hendingar som fann stad vedkomande år, og i tillegg forseinka meldingar berre frå det føregåande kalenderåret.

Før 1990 blei forseinka meldingar (mottekne etter utgangen av mars året etter) ikkje rekna med. Fristen for mottak av meldingar før 1990 var då tre månader.

Statistikken byggjer på folkeregisteropplysningar.

Etter 1946 har det i kvar einskild kommune vært eit lokalt folkeregister som skal føre register over alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til loven. Frå 2005 er arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det er no 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for. Melding om vigsel sendast frå vigselsmannen til folkeregisteret. Meldingar om ekteskap inngått i utlandet av personar busett i Noreg, blir og tatt med. Melding om inngått registrert partnarskap sendast frå sorenskriver, og melding om skilsmisser og separasjonar sendast frå fylkesmannen og frå by- og heradsrettane til folkeregisteret som dekkjer den kommunen der den einskilde personen er registrert busett.

Statistikk over fødslar, dødsfall og inngåtte ekteskap er blitt utarbeid frå oppgåver som geistleige embetsmenn har sendt inn heilt sidan 1735.

Det sentrale personregisteret (DSP) ble byggd opp i åra 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret blei frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet.

Oppdateringane i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved dei lokale folkeregisterkontora, som er knytta til registerbasen (DSF) via terminaler, og til dels sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkningen er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne dokumentasjon om i notatet; Dokumentasjon av BESYS-befolkningsstatistikksystemet. Befolkningsendringer i 1998 og befolkningsbasen (BEBAS) 1. januar 2000, Notater 2000/24

Statistikken bereknas ved å telje opp talet på ekteskap, partnarskap, separasjonar og skilsmisser.

Ikkje relevant

Dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for tal i ei celle, og dette kan føre med seg at personar blir identifisert i det publiserte materialet, blir cellene avrunda eller prikka.

Tid: Frå og med 1961 er alder gitt som alder ved hendinga, tidlegare som alder ved utgangen av året.

Frå og med statistikken for 1999 er alle forseinka meldingar tatt med, uavhengig av kva for eit år hendinga fann stad. I åra 1990-1998 blei forseinka meldingar fra året før tatt med, medan før 1990 blei alle forseinka meldingar utelate frå statistikken. Talet på dei forseinka meldingane varierer, men det er generelt få, slik at statistikken for eit kalenderår i all hovudsak gjeld hendingar dette året, og over tid let statistikken seg godt samanliknast.

Nokre feil i dataa er uunngåelege. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i databehandlinga osb. Det er utført eit omfattande arbeid for å minimalisere desse feila, og SSB meiner at desse feila er relativt ubetydelege.

Ikkje relevant

Kontakt

SSBs informasjonstjeneste

informasjon@ssb.no

21 09 46 42

Oppdrag befolkningsstatistikk

befolkning@ssb.no