Avfallshåndtering ved avfallsanlegg
Oppdatert: 9. oktober 2023
Neste oppdatering: 4. oktober 2024
2022 | |
---|---|
Avfallsbehandling i alt | 7 436 |
Biologisk behandling | 605 |
Forbrent | 1 505 |
Deponert og brukt som fyll - og/eller dekkmasser | 5 326 |
Flere tall fra denne statistikken
Om statistikken
Avfallshandtering ved avfallsanlegg omfattar avfall behandla på deponi, avfallsforbrenningsanlegg, komposteringsanlegg og biogassanlegg i Noreg.
Informasjonen under «Om statistikken» ble sist oppdatert 12. juli 2024.
Animalske biprodukt er slakteavfall, vom-/tarmninnhald og liknande.
Avfall er definert i Forureiningslova §27. I statistikken er reine massar som jord, stein, grus og liknande ikkje med.
Avfallsbehandlingsanlegg omfattar deponi, forbrenningsanlegg, komposteringsanlegg og biogassanlegg som har godkjenning til sin drift frå forureiningsmyndigheitene.
Avfallshandtering definerast vanlegvis som alt som foretast med avfallet frå og med kasting til og med endeleg anbringelse. Nemninga behandling/disponering, som medfører ein fysisk eller kjemisk endring av avfallet (materialgjenvinning, kompostering eller forbrenning) eller endeleg anbringelse (deponi, dumping, eksport, ombruk), brukast i avfallsrekneskapen og avfallsstatistikken.
Avløpsslam er slam, filtermedium og liknande materiale fra reinsing av sanitært og kommunalt avløpsvatn, unntatt ristgods. Inkluderer også vassverkslam, dvs. slam frå anlegg som reinsar drikkevatn.
Biologisk behandling omfattar kompostering og biogassbehandling.
Biogassbehandling er ein form for anaerob (utan tilgang på oksygen) nedbryting av biologisk avfall. Biogassen som oppstår består av 60 % metan og 40 % karbondioksid.
Deponering er endeleg anbringelse av avfall på godkjent fyllplass.
Energiutnytting er utnytting av den energien som blir frigjort ved avfallsforbrenning, for eksempel til oppvarming av bygningar.
Farleg avfall (tidlegare spesialavfall) er avfall som krev særskilt behandling, og er definert i kapittel 11 i Avfallsforskrifta. Farleg avfall reknast som ein materialtype i avfallsstatistikken på overordna nivå, men omfattar ei rekke ulike materiale og produkt.
Fett fra feittutskiljarar er fra verksemder som produserer, lagar eller behandlar mat.
Fiskeavfall og anna marint avfall er fiskeriavfall (fiskerestar, slo, hovud og anna frå tradisjonell fiskeindustri) og fiskeoppdrettsavfall (slakteavfall, vom-/tarminnhold og liknande).
Husdyrgjødsel er møkk eller urin, med eller utan strø, frå husdyr.
Kompostering er ein form for aerob biologisk behandling, nedbryting av avfall ved hjelp av levande organismar, der nedbrytinga av avfallet skjer med tilgang på oksygen.
Matavfall er lett nedbrytbart, organisk avfall. Det inkluderer matavfall frå hushald og storhushald/næring.
Materiale er stoff som har forholdsvis like fysiske og kjemiske eigenskapar.
Materialgjenvinning er utnytting av avfallet slik at materialet blir beheldt heilt eller delvis. Eksempel er produksjon av skrivepapir frå innsamla returpapir.
Park- og hageavfall er plantemateriale frå hagar, parker og grøntanlegg.
Vegetabilskbasert avfall frå næringsmiddelindustri er frukt- og grønsaksrasp, fruktsaft, alkoholar og liknande fraksjonar frå næringsmiddelindustrien.
Namn: Avfallshandtering ved avfallsanlegg
Emne: Natur og miljø
Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk
Landstal
Kvart tredje år fram til 2004. Frå og med teljeåret 2004 til og med 2011, årleg statistikk. Det blei ikkje laga tal for åra 2012-2016. Frå og med teljeåret 2017 er det igjen ein årleg statistikk.
Tala brukast delvis inn i avfallsrekneskapen, som igjen er grunnlaget for rapportering på avfallsstatistikkforordninga, Regulation (EC) No 2150/2002. På sikt er det tenkt å ha ein endå større integrering med avfallsrekneskapen.
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Statistikk over kommunalt avfall blei publisert av SSB kvart tredje år frå 1992 til 1999. Denne statistikken omfatta blant anna avfallshandtering som kommunane sto for eller hadde administrativt ansvar for. Etter kvart har ein stadig større del av næringsavfallet blitt handtert utanfor kommunalt administrert avfallshandtering. Frå og med 2001 blei avfallshandtering skilt ut som ein eigen årleg skjemaundersøking, og private avfallsanlegg blei inkludert i tillegg til dei kommunale. Alle deponi og forbrenningsanlegg har etter kvart fått rapporteringsplikt til Statsforvaltar eller Miljødirektoratet. For å spare oppgåvegivarane for dobbeltrapportering, blei det frå og med 2009 laga eit opplegg for å hente data direkte frå deira databasar. Frå og med 2010 er også deponi og forbrenningsanlegg i industrien inkludert i statistikken.
Statistikken blei lagt på vent i åra 2012-2016. Då statistikken blei tatt opp att oppretta SSB og Miljødirektoratet eit skjema for rapportering på avfall behandla ved biologiske anlegg. Dette skjemaet er no ein del av rapporteringa på behandling av slam. Alle tal som inngår i denne statistikken blir henta frå forskjellige skjema hos Miljødirektoratet.
Sentrale brukarar er Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, statsforvaltarane sine miljøvernavdelingar, renovasjonsselskap og interesseorganisasjonar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukerne.
Tal på deponi og forbrenning frå denne statistikken inngår i statistikken Avfallsrekneskapen, men tala kan avvike noko. Avfallsrekneskapen tar òg føre seg avfall som går til materialgjenvinning. I tillegg blir tala avstemt mellom dei forskjellige behandlingsmåtane ved at til dømes forbrenningsrestar som blir lagt på deponi er trekt frå avfall til forbrenning. Denne statistikken oppgir dei faktiske mengdene som går til dei forskjellige behandlingsmåtane.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Forurensningsloven §49. Oppgåvene blir brukt til statistikk med heimel i Statistikkloven.
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovudområde Natur, areal, klima og miljø, delområde Avfall
Regulation (EC) No 2150/2002
Statistikken omfattar avfall behandla på deponi, avfallsforbrenningsanlegg, komposteringsanlegg og biogassanlegg. Frå og med 2010 omfattast òg avfall som blir behandla i industribedrifter med eige anlegg (til dømes industrideponi og forbrenningsomnar) i statistikken.
Frå og med 2017 er alt avfall inkludert, både ordinært og farleg, i avfall til forbrenning og i avfall som går til deponi. Lett forureina- og forureina masser er òg inkludert i avfall til deponi.
Registerdata blir henta frå databasen "Forurensning" som Miljødirektoratet administrerar.
Fulltelling.
Editering er kontroll, gransking og endring av data.
Data for deponi, forbrenningsanlegg og biologiske behandlingsanlegg skal vere kontrollert og godkjent av Fylkesmannens og Miljødirektoratets saksbehandlarar. I tillegg blir tala sjekka mot tidelegare år og for store avvik, som tusentalsfeil. Tala blir og sjekka for dobbeltrapportering og for feilplasserte tal, i tillegg til å bli kontrollert mot andre avfallsstatistikkar.
Avfallsmengdene blir summert for forskjellege anleggstypar og avfallstypar. Mengder biologisk behandla avfall rapporterast både i tørrstoff og i våtvekt. Tala som publiserast viser tørrstoffinnhold for avløpsslam og våtvekt for anna biologisk avfall. Nokre få anlegg har ikkje oppgitt tørrstoff. Då reknar vi ut vekt i tørrstoff med utgangspunkt i våtvekt og ein gjennomsnittleg tørrstoffprosent rekna ut ifrå dei anlegga som har rapportert.
Ikkje relevant
Frå og med 2018 publiserast ikkje tal på fylkesnivå av konfidensialitetsomsyn. Hovudregelen er at ein ikkje kan offentleggjere tal dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ein celle i tabellen, og dette medfører fare for identifisering, at talet kan førast tilbake til oppgåvegivar eller ein anna identifiserbar person.
Ansatte i SSB har taushetsplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at oppgåvegivars bidrag kan avslørast. Dette medfører at tal som hovudregel ikkje blir publisert dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ein celle i tabellen, eller viss ein eller to oppgåvegivarar sine bidrag utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følger av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykka, eller når opplysningane som avslørast er tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metoder i offisiell statistikk.
For å sikre konfidensialitet benytter vi metoden «undertrykking» i denne statistikken.
Statistikken over deponering og forbrenning er samanliknbar over tid. Enkelte industribedrifter har konsesjon for deponering på eige anlegg. Slikt avfall er med i statistikken frå og med 2010. Fram til og med 2011 var ikkje farleg avfall inkludert i dei deponerte mengdene.
Statistikken over totale mengder avfall behandla biologisk er samanliknbar frå og med 2017.
I dei eldste årgangane var anlegga svært forskjellig organisert og registreringsrutinane var forskjellige. Dette førte til ein del mangelfulle utfyllingar. I enkelte tilfelle blei tal oppgitt etter skjønn. I tvilstilfelle blei det tatt kontakt med anlegget for enten oppretting eller bekrefting av innrapporterte tal. Etter kvart har alle avfallsanlegg tatt i bruk vekt, og talgrunnlaget er relativt bra.
I forbindelse med bruk av registerdata henta frå databasen "Forurensning" ser vi at enkelte tal er feilplassert og oppført dobbelt.
Registeret over avfallsanlegg kan ha underdekning, men neppe av betydning i forhold til målgruppa.
Andelen "forbrenningsrester utsortert til materialgjenvinning" som faktisk blir materialgjenvunnet er ukjent.
Revisjon er planlagt endring av tal som alt er publisert (for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert foreløpige tall). Se også SSBs prinsipper for revisjon