Befolkning

Oppdatert: 20. november 2024

Neste oppdatering: 25. februar 2025

Folketalet i Noreg
Folketalet i Noreg
3. kvartal 2024
5 585 044
personar ved slutten av kvartalet
 
Befolkning og endringar siste år og kvartal
Befolkning og endringar siste år og kvartal
20233. kvartal 2024
Befolkning i starten av perioden5 488 9845 571 634
Folkevekst61 21913 410
Befolkning i slutten av perioden5 550 2035 585 044
Fødselsoverskot8 1773 910
Fødde51 98014 551
Døde43 80310 641
Nettoinnvandring52 5789 500
Innvandring86 58919 042
Utvandring34 0119 542
Korreksjonspost4640
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Endringar i befolkninga siste kvartal, og same kvartal året før
    Endringar i befolkninga siste kvartal, og same kvartal året før
    3. kvartal 20233. kvartal 2024Endringar frå tilsvarande periode året før
    Befolkning ved inngangen av kvartalet5 514 0425 571 63457 592
    Fødde14 07014 551481
    Døde10 20910 641432
    Fødselsoverskot3 8613 91049
    Innvandring24 61619 042-5 574
    Utvandring8 9379 542605
    Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring15 6799 500-6 179
    Korreksjonspost000
    Folkevekst19 54013 410-6 130
    Befolkning ved utgangen av kvartalet5 533 5825 585 04451 462
    Standardteikn i tabellar
  • Innvandring og utvandring fordelt på statsborgarskap, siste kvartal
    Innvandring og utvandring fordelt på statsborgarskap, siste kvartal
    3. kvartal 2024
    InnvandringUtvandringNettoinnvandring
    Ukraina5 1591 4223 737
    Syria47815463
    Sverige821373448
    Polen987652335
    Spania40883325
    Romania33860278
    Tyskland499259240
    Afghanistan24211231
    Italia31990229
    Pakistan25939220
    Standardteikn i tabellar
  • Befolkningen fordelt på aldersgrupper, 1. januar
    Befolkningen fordelt på aldersgrupper, 1. januar
    2024Endring i prosent
    2023 - 20242019 - 20242014 - 2024
    I alt5 550 2031,14,28,6
    0 år52 4080,8-5,4-11,7
    1-5 år281 462-1,1-6,4-11,0
    6-12 år440 838-0,7-2,63,0
    13-15 år204 5731,88,47,6
    16-19 år265 0012,02,80,8
    20-44 år1 846 7641,23,85,8
    45-66 år1 543 6760,83,89,6
    67-79 år658 9962,113,737,9
    80-89 år210 7515,216,418,2
    90 år eller eldre45 734-0,51,77,9
    Standardteikn i tabellar
  • Utanlandske statsborgarar fordelt på statsborgarskap, 1. januar
    Utanlandske statsborgarar fordelt på statsborgarskap, 1. januar
    Statsborgarskap2024
    Menn og kvinnerMennKvinner
    I alt633 406338 044295 362
    Av dette (15 største):
    Polen111 07471 12539 949
    Ukraina65 75727 13738 620
    Litauen48 90928 04620 863
    Sverige35 37719 06016 317
    Syria26 95214 81112 141
    Tyskland26 46913 80012 669
    Danmark19 34610 6718 675
    Romania17 97210 7427 230
    Storbritannia15 15910 1265 033
    Latvia13 3987 9765 422
    India11 6286 3965 232
    Spania11 5486 3655 183
    Eritrea10 2165 1225 094
    Thailand9 9651 5438 422
    Filippinane9 8172 5187 299
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir folketalet for Noreg og alle norske fylke og kommunar. Folketalet ved årsskiftet blir gitt etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap. Nye tal for fødde, døde, innanlandske flyttingar og inn- og utvandringar som viser endringane i befolkninga kjem kvart kvartal.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 3. juni 2021.

Middelfolkemengd

Gjennomsnitt av folkemengda ved byrjinga og utgangen av året.

Busett

Kven som blir rekna som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagd i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til lova er endra fleire gonger, siste gong 1.10.1998.

Nokre hovudpunkt frå registreringsreglane som fortel kven som blir rekna som busett i Noreg

Personar som kjem frå land utanfor Norden, blir rekna som busett i Noreg når dei har teke opphald her eller har tenkt å bli her minst 6 månader, sjølv om opphaldet her er mellombels. Tilsvarande 6-månadersregel gjeld ved flytting frå Noreg til eit land utanfor Norden. Ved flytting mellom Noreg og eit anna nordisk land gjeld ikkje alltid denne 6-månedersregelen, fordi landa har ulike tidsgrenser. For personar som kjem/flyttar til Noreg frå eit anna nordisk land, gjeld likevel 6-månadersregelen, ettersom bustaden vert avgjord etter reglane i innflyttingslandet, jf. ein nordisk avtale om internordisk flytting datert 8. mai 1989. Denne avtalen avløyste ein liknande avtale frå 5. desember 1968. Personar som oppheld seg på Svalbard, Jan Mayen eller norske biland, og som ved utreisa var folkeregistrert i ein norsk kommune, skal framleis reknast som busett i denne kommunen. Tilsvarande regel gjeld for personar på den norske kontinentalsokkelen. Norsk personale ved norsk diplomati og konsulatvesen og norsk militært personell beordra til teneste i utlandet, vert rekna som busette i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Utanlandsk personale ved framandt diplomati og konsulatvesen og utanlandsk personell tilknytt NATO, vert ikkje rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira.

Hovudregelen for kvar i Noreg ein skal reknast som busett

Der han/ho har si regelbundne døgnkvile (nattesøvn). Dersom døgnkvila vert teken skiftevis på to eller fleire stader, skal ein person reknast som busett der han/ho etter ei samla vurdering kan seiast å ha sin meir faste tilhaldsstad. Ektefellar med felles heim og personar som har felles heim med barna sine, vert rekna som busette i denne heimen utan omsyn til kvar døgnkvila blir teken. Einslege personar som tek utdanning i ei anna kommune, skal som hovudregel framleis bli rekna som busette der dei budde før utdanninga tok til (bustaden til foreldra). Tilsvarande registreringsprinsipp gjeld også for vernepliktige under førstegongsteneste, sivilarbeidarar, personar i fengsel og personar innlagde på sjukehus. Personar som er innlagde eller plasserte i andre institusjonar eller i privat pleie, vert som hovudregel rekna som busett der når opphaldet er tenkt å vare, eller syner seg å vare, i minst 6 månader. Frå og med mars 1987 til og med januar 1994 vart asylsøkjarar som regel rekna som innflyttarar til Noreg - og derfor også som busette i landet - sjølv om søknaden om opphaldsløyve ikkje var ferdig behandla. Før og etter denne perioden har berre asylsøkjarar med opphaldsløyve blitt registrerte som busette.

Folketilvekst

Det er to måtar å berekne folketilvekst på; 1) summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, eller 2) differansen av folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober (eller 1. januar år n). Ideelt sett skulle dei to måtane gje same resultat. Lang erfaring har synt at det alltid er eit avvik i befolkningsrekneskapen, noko som skyldast korreksjonar, annulleringar, forsinka meldingsgang osb.

Korreksjonspost

Differansen mellom dei to måtane å rekne ut folketilvekst på, og viser omfanget av avvika nemnd over.

I all kvartalsstatistikk fram til 4. kvartal 2005, og alle førebels endringstal for heile året til og med 2004, har folketilveksten blitt rekna som summen av fødselsoverskot og nettoflytting, og gitt grunnlag for førebels folketal. Folketalet 1. april, 1. juli og 1. oktober vil halde fram med å bli berekna på dette viset. Fordi førebels tal er erstatta av endelege tal for folkemengd frå 1. januar 2006 vil folketilveksten for eit år i alle samanhengar bli rekna som folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd år n, og tilsvarande vil folketilveksten for 4. kvartal bli rekna som folkemengde 1. januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober.

Fødselsoverskot

Fødde minus døde, òg kalla "naturleg folketilvekst". Minusteikn tyder fødselsunderskot.

Fødde

Levandefødde.

Innflyttingar, utflyttingar

Som flytting reknas flytting for ein person mellom to norske kommunar eller mellom ein norsk kommune og utlandet. Viss ein person flyttar fleire gonger innan same kalenderår, tel kvar gong som ei flytting. I flyttetala for fylker er flyttingar mellom kommunane i fylket ikkje rekna med.

Nettoinnflytting

Innflyttingar minus utflyttingar. Minusteikn tyder netto utflytting.

Opprydding i folkeregisteret

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg.

Namn: Befolkning
Emne: Befolkning

25. februar 2025

Seksjon for befolkningsstatistikk

Kommune, bydel i dei 4 største byane og grunnkrinsar.

For kvartalsstatistikken er det kommune og fylke som er regionalt nivå.

Årleg.

Kvartalsstatistikk blir publisert ca. 6 veker etter referansetidspunkt, som er 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober.

Rapportering til FN og Eurostat.

Filer på individnivå blir langtidslagra. Kvartalsstatistikken blir berre korttidslagra.

Hovudtala og dei detaljerte tala for folkemengd skal syne samansetjinga av befolkninga (etter kjønn, alder, sivilstand, statsborgarskap, bustad mv.) ved siste årsskifte og utviklinga over tid. Kvartalsstatistikken og dei årlege befolkningsendringane skal vise endringar i utviklinga av befolkninga. Endringane omfattar hendingar som fødslar, dødsfall og flyttingar, samt totalt folketal.

Årlege tal for folkemengd etter kjønn, alder, sivilstand og statsborgarskap finst attende til 1.1.1976, medan tilsvarande tal utan statsborgarskap finst attende til 1.1.1971. Før det finst tal frå dei ti-årlege folketeljingane og ein del berekna tal for mellomliggjande år.

Medan SSB på grunnlag av folkeregistermateriale har laga årleg statistikk over utviklinga i befolkninga frå og med 1951, har SSB sidan 1974 også laga kvartalsvis statistikk over fødde, døde, flyttingar og folketal.

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljø innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) §10.

Ikkje relevant

Folkemengd

Gjeld alle personar registrerte som busette i Noreg 1. januar, det vil seie personar som skal ha sin faste bustad i Noreg i minst eit halvt år, og som har gyldig upphaldstillatelse. Personar som har innvandra for å arbeide i Noreg for mindre enn eit halvt år er ikkje med i statistikken, og personar som har flytta til utlandet utan å registrere seg er heller ikkje med. Kven som skal reknast som busett i Noreg, sjå deinisjoner. Definisjon av viktige begrep og variabler. Alle tal gjeld heimehøyrande (de jure) folkemengd.

Kvartalsstatistikken

Kvartalstal 1985-1999
Tala for endringar i siste kvartal byggjer på meldingar om hendingar i kvartalet (fødslar, dødsfall, flyttingar) som gjaldt personar busett i Noreg, og som blei motteke seinast éin månad etter slutten av kvartalet. Meldingar som kom seinare, blei ikkje teke omsyn til, så sant det ikkje blei nevnt i fotnote.

Hendingar som fann stad i tidlegare kvartal innan same kalenderår, blei teke med i "endringane hittil i 19xx". Desse hendingane blei det også teke omsyn til i folkemengda ved inngangen til siste kvartal (omtala i fotnote).

I perioden 1985-1999 omfatta altså statistikken bare hendingar som faktisk fann stad innan kalenderåret, og altså ikkje meldingar om hendingar i tidlegare år som kom for seint til å bli teke med i statistikken.

Kvartalstal frå og med 2000
Frå og med 1. kvartal 2000 blei òg for seint innkomne meldingar med i kvartalstala. I tillegg til hendingar som faktisk fann stad i det aktuelle kvartalet, tek ein og med alle meldingar motteke meir enn éin månad etter slutten av førre kvartal, og som gjaldt hendingar i alle tidlegare år og i tidlegare kvartal i inneverande år.

Eit resultat var at tala i kvartalsstatistikken for folkemengd blei meir i samsvar med seinare publiserte tal for folkemengd enn det dei var tidlegare, ettersom registeret (Tidlegare DSF, no FREG) blir oppdatert fortløpande, også med seint mottekne meldingar.

Førebelse tal for folkemengd og endringstal for året fram til 2004
Eit resultat av summen av dei fire kvartalsstatistikkane har frå og med 2000 til og med 2004 blitt publisert som førebelse årstal for fødde, døde, flyttingar og folkemengd ved inngangen til nytt år fram til endelege tal har blitt utarbeidd. Tidlegare, før 2000, blei det også publisert tilsvarande førebelse tal for heile året, men desse blei ikkje rekna som summen av dei allereie publiserte tala for 1. til 4. kvartal. Framgangsmåten var litt annleis. Tala som var publisert for første kvartal blei først publisert. Lenger ut på året da tal for andre kvartal blei publisert blei tala for første kvartal enda meir oppdatert, og når tredje kvartal blei publisert var andre kvartalstala noko meir oppdatert. Slik blei og tala for tredjekvartal enda meir oppdatert. Summen av fjerde kvartal og dei meir oppdaterte tala for første til tredje kvartal blei publisert som førebelse tal for heile året fram til 2000.

Endelege tal for folkemengd og endringstal frå og med 2005
Det førebelse folketalet ved siste årsskifte og endringstala for kalenderåret 2005 og seinare år har blitt erstatta med endelege tal av di det er mogeleg å gjøre dei nødvendige kontrollar tidlegare enn før.

Folketilveksten frå 2005 er satt lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. januar 2005. Tilsvarande er folketilveksten i 4. kvartal lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. oktober 2005. Da førebelse folketal (også kvartalstal, medrekna 4. kvartal) blei publisert tidlegare, blei folketilveksten rekna som summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, og ga grunnlaget for førebels folketal. Alle seinare folketal for 1. april, 1. juli og 1. oktober vil bli berekna slik.)

Dei to visa å berekne på som er nemnt ovafor skulle ideelt sett gi same resultat, men ut frå tidlegare erfaring blir det kvart år eit visst avvik i "befolkningsrekneskapen" på grunn av forsinka meldingar, annulleringar, korreksjonar o.a.

Statistikken etter 1970 byggjer på folkeregisteropplysningar.

Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til lova. Frå 2005 blei arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det blei 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Frå 2008 blei det oppretta nokre får regionkontor som tok over registreringa. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for.

Det sentrale personregisteret (DSP) vart bygd opp i åra 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheldt dei som deltok i folketeljinga, og seinare alle som har vore busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerar DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet. Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

Frå januar 1998 er meldingar (elektroniske kopiar) blitt overførde dagleg frå DSF til SSB, tidlegare månadleg. Før mai 1995 tok SSB imot meldingane på magnetband kvar månad.

Folkemengd (busette personar) blir summert opp til grunnkrets, bydel og kommune.

Ikkje relevant
Ikkje relevant

På grunn av kommunesamanslåingar og -delingar, samt grensereguleringar, er ikkje tala alltid til å samanlikne når vi til dømes vil lage ein tidsserie for ei kommune. Endringane kan òg påverke fylkesgrensene og dermed også grunnlaget for samanlikning der. Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen 1838-1996.

Nokre feil i samband med innsamling og bearbeiding av data er ikkje til å unngå. Det kan være kodefeil, revisjonsfeil, feil i edb-behandlinga etc. Det er gjort eit omfattande arbeid for å minimalisere slike feil, så ein i statistikk samanhang som oftast kan sjå bort frå dei.

Fråfallsfeil vil finst i den grad det er personar som oppheld seg i Noreg som ikkje er registrert som busett i fylgje regelverket, fastlagt i Lov om folkeregistrering (folkeregisterloven). Sjå kapittel 4; Hvem som skal regnes for å være bosatt i Norge.

Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske formål. Eit minus er likevel bustadsregistreringa - til dels fordi for mange er registrerte som busette, men òg fordi visse grupper er registrerte med ein annan bustad enn den faktiske. I mange tilfelle skuldast det at registreringsreglane ikkje er følgde (flytting ikkje meldt), i andre tilfelle at registreringsreglane ikkje gir faktisk adresse. Det viktigaste eksemplet på det siste er at ugifte studentar ifølgje reglane skal stå som busette i heimen til foreldra.

Bustadsregistreringa
il statistisk bruk kan bustadregistreringa synast feilaktig. Spesielt gjeld dette i forhold til den ideelle situasjonen, der alle busette er registrert i samsvar med døgnkvileprinsippet. Også manglande og forseinka flyttemeldingar gjer sitt til slike avvik. For mange analyse- og planleggingsformål vil den faktiske bustaden vere av interesse. Ei undersøking i etterkant av Folke- og bustadteljinga i 1990 konkluderte med at 5,5 prosent av personane blir plasserte på feil bustad. Mykje av avviket skuldast den juridiske bustaddefinisjonen som er lagt til grunn i Det sentrale folkeregister, som for eksempel krev at studentar og bebuarar i felleshushald skal være registrert busett ein annan stad enn der dei for tida faktisk bur. I forhold til bustaddefinisjonen er mellom 1,8 og 3,0 prosent av personane plasserte på feil bustad. Arnfinn Schjalm: "Kvalitetsundersøkelsen for Folke- og boligtelling 1990", Rapporter 96/10, Statistisk sentralbyrå.

Utregistreringar
Flytting til utlandet utan å melde ifrå har også i dei seinare åra vore ei betydeleg feilkjelde. Undersøkingar i 1993 førte til at folkeregistra registrerte nær 3 000 utlendingar som utflytta som viste seg å ha reist frå Noreg utan å melde utflytting. Også i 1994, 1995, 1997 og 1998 blei det gjort slike utregistreringar. For Oslo vart det utregistrert nærare 2 000 utlendingar til saman i 1997 og 1998.

Trass i tiltak for å utregistrere innvandrarar som har reist frå landet utan å melde frå, vil det alltid være ein del personar som står registrert som busettei Noreg utan å være det lenger. På den andre sida er det, (utanom asylsøkjarar som ventar på opphaldsløyve), til ei kvar tid eit ukjent tal personar som oppheld seg ulovleg i landet, og som derfor ikkje er med i folketalet. Dei fleste av desse held til i Oslo. Sidan dei registreringsproblema dreg i kvar si retning, kan dei i tal i nokon mon oppvege kvarandre.

I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne i dokumentasjon om i notatet; Interne dokumenter 11/2013 Uttak til befolkningsstatistikk fra populasjonsregisteret BeReg.

Kontakt

Oppdrag befolkningsstatistikk

befolkning@ssb.no