Elvefiske
Oppdatert: 26. januar 2024
Neste oppdatering: 24. januar 2025
Stk | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2020 | 2021 | 2022 | 20231 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avliva fisk | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atlantisk laks | 94 592 | 56 865 | 70 449 | 51 767 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøaure | 34 182 | 22 487 | 25 061 | 21 394 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjørøye | 5 088 | 4 212 | 3 632 | 2 780 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Regnbogeaure | 81 | 170 | 177 | 143 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pukkellaks2 | 47 | 111 803 | 81 | 16 120 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fisk sleppt ut att | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atlantisk laks | 28 752 | 21 357 | 27 229 | 18 826 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøraure | 11 523 | 11 124 | 10 565 | 11 304 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjørøye | 1 545 | 1 045 | 1 344 | 1 011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
12022: Førebelse tal | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2Fangst frå tiltaksfiske etter pukkellaks er frå og med 2023 rapportert til Miljødirektoratet, og er ikkje medrekna i offisiell statistikk. |
Om statistikken
Statistikken gjev ei oversikt over fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i elvar og vassdrag. Det er skilt mellom fisk som er avliva og fisk som er sett levande ut i elva att.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 18. oktober 2023.
Anadrome laksefisk
Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.
Vekt
Vekta av fisken er vekta før fisken blir sløyd (kilo rund fisk).
Fang og slepp
Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.
Pukkellaks
Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg fyst til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.
Før 1993 er talet på Atlantisk laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over
Namn: Elvefiske
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Tal for kvar enkelt elv, fylkestal og tal for heile landet
Årleg. Førebelse tal blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg. Statistikkbanken blir oppdatert med endelege tal i april.
Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Statistikken skal gje informasjon om fangst av anadrom laksefisk i norske elvar og vassdrag. Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.
Frå 1963 til 1992 kom opplysningane frå laksestyra. Landet var delt inn i 34 laksedistrikt, og formannen i kvart styra rapporterte frå eiget distrikt. Laksestyra blei nedlagde 31. desember 1992, og frå og med 1993 byggjer statistikken på oppgåver frå statsforvaltaren. Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa https://fangstrapp.no
Frå og med 2009 skal fisk som blir sleppt levande ut i sjøen igjen rapporterast (fang og slepp).
Frå og med 2019 blir det samla inn opplysningar om fangst av sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.
Fangststatistikken er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske nytta av laksefiske.
Statistikken er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.
Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk 2021-2023, hovedområde Landbruk, fiskeri og akvakultur, delområde Fiske og fangst.
Populasjonen definerast av "Lakseregisteret - Rapportering av elvefangst" på https://fangstrapp.no. Fangst frå den enkelte fiskar summerast til total fangst i elver/vassdrag. Statistikken omfattar fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks teke med stong i norske elvar. Rømt oppdrettsfisk reknast med i statistikken. Frå og med 2009 omfattar statistikken også fisk som er sett levande ut i elva igjen (fang og slepp).
Alle som fiskar etter laks og sjøaure i elvane skal rapportere fangsten. Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til statsforvaltaren eller legg tala inn i rapporteringsløysinga "Lakseregisteret - Rapportering av elvefangst". Statsforvaltaren er ansvarleg for at det blir registrert rapportar for kvar elv. Det skal rapporterast fangst av laks og sjøaure fordelt på avliva fisk og gjenutsett fisk (fang og slepp) og avliva fangst av sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.
Data vert henta inn frå den nasjonale basen "Lakseregisteret - Rapportering av elvefangst" via https://fangstrapp.no. Rettshavar (fellesforvaltinga for elva eller elveeigarlaget) skal rapportere fangsten til statsforvaltar eller rapportere via Fangstrapp.no seinast 2 veker etter siste fiskedag. Fisketida i elvane varierer, men alt fiske skjer mellom 15. mai og 31. oktober. For manglande rapportering blir Statsforvaltarane kontakta, og datainnsamlinga blir avslutta i førsten av januar året etter.
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Data frå Lakseregisteret blir lasta ned og overført til eit kontroll og rettesystem. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om naudsynt, blir statsforvaltarane kontakta for å drøfte datagrunnlaget.
.
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Ny organisering av datainnsamlinga i 1993 gjer det usikkert om statistikken for 1993 og seinare kan samanliknast med tal frå tidlegare år. Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og statsforvaltarane overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå.
Kor mange elvar og vassdrag det blir fiska i har variert over tid. Frå byrjinga av 1800-talet omfatta statistikken berre 54 av dei viktigaste elvane. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar med registrert fangst i 1960-åra. Dei seinare åra har det vore registrert fangst i over 400 elvar.
I 1992 kom ein ny lakselov, og med den fredingsprinsippet. Laksen blei freda mot alt fiske, og det må spesifikt opnast for fiske om det vurderast som forsvarleg. Etter reguleringar i 2021 blir det berre opna for fiske i 440 av 1284 vassdrag, mot tidlegare 1030 vassdrag. Årsaka for mange er at dei ikkje har fangstrapportering eller at større vassdrag ikkje har oppfylt plikta om felles forvaltning. Fisketider, kvotar og andre reguleringar er endra i nokre elvar, og i enkelte elver med særleg svake bestandar er det de siste årene ikkje opna for laksefiske.
Det har vore endringar som kan ha verka inn på fangstmengda frå langt tilbake i tid. Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei.
Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Miljødirektoratet estimerer eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.
2009 var første året med påbod om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker dei første åra.
2019 er første året med rapportering av regnbogeaure og pukkellaks, og kvaliteten på desse opplysningane kan derfor vere noko usikre.