220903
220903
Fleire nedlastingar
statistikk
2015-06-04T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur, Kultur og fritid, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
true

Fag- og forskingsbibliotek2014

Innhald

Fleire nedlastingar

Digital bruk av fag- og forskingsbiblioteka aukar. I 2014 vart om lag 24,2 millionar dokument lasta ned. Held vi tala frå Nasjonalbiblioteket utanfor, er dette 8,7 prosent meir enn året før.

Fag- og forskingsbibliotek. Hovedtal. Tal og prosent.
20132014Prosentvis endring
2013 - 2014
Nedlastingar utanom Nasjonalbiblioteket (millionar)18,920,68,7
Utlån på biblioteket (millionar)2,01,8-12,4
Medieutgifter (1000 kr)416 744462 42111,0
Årsverk for året i alt1 6461 637-0,5
Formalisert undervisning deltaking83 24389 9498,1
Figur 1. Nedlastingar og utlån ved fag- og forskingsbibliotek. 2014
Figur 1. Nedlastingar og utlån ved fag- og forskingsbibliotek. 2014

Digitalisering har vore i gang lenge ved fag- og forskingsbiblioteka i Noreg. Digitalt innhald gjev brukarar direkte tilgang til artiklar og bøker. Tal på digital bruk er tilgjengelege frå og med rapporteringsåret 2013.

Nedlastingar frå fulltekstdatabasar har auka med 19,9 prosent frå 2013 til 2014. I den same perioden har talet på nedlastingar frå institusjonsarkiv gått attende med 6,5 prosent. I alt vart 20,6 millionar dokument lasta ned frå fag- og forskingsbibliotek utanom Nasjonalbiblioteket, mot 18,9 millionar året før.

Nasjonalbiblioteket registrerte ikkje talet på nedlasta dokument i 2013 og er difor ikkje med i dennesamanlikninga. Frå Nasjonalbiblioteket vart det gjennomført 3,6 millionar nedlastingar i 2014. Dersom Nasjonalbiblioteket vert inkludert, er det rapportert om 24,2 millionar nedlastingar frå fag- og forskingsbiblioteka i 2014.

Færre utlån

I 2014 vart det lånt ut 1,8 millionar bøker og anna bibliotekmateriale i fysisk form på fag- og forskingsbiblioteka, ein nedgang frå 2013 på 12,4 prosent. I perioden 2013-2014 er det klart at digital bruk aukar samstundes som den tradisjonelle bruken minkar ved desse biblioteka.

Større medieutgifter

Frå 2013 til 2014 steig medieutgiftene til fag- og forskingsbiblioteka 11,0 prosent. I alt hadde biblioteka totalt 462 millionar kroner til kjøp av både fysisk og digitalt bibliotekinnhald i 2014.

Færre årsverk i alt

Ved fag- og forskingsbiblioteka vart det utført 1 637 årsverk i 2014, mot 1 646 året før. Dette inenber ein nedgang på 0,5 prosent.

Formalisert undervisning meir populært

Fag- og forskingsbiblioteka gjennomfører grunnkurs og avanserte kurs i bibliotekbruk og nytting av fulltekstdatabaser. I 2014 vart det registrert nær 90 000 deltakingar ved slike kurs, som utgjer ein auke frå 2013 på 8,1 prosent.

I alt 179 einingar er grunnlaget for rapporteringa i 2014.