Tannhelsetenesta
Oppdatert: 17. juni 2024
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
2023 | Prosentvis endring | |
---|---|---|
2022 - 2023 | ||
Tannhelsetilstand | ||
12-åringar, andel undersøkt heilt utan karieserfaring (prosent) | 61,2 | -0,2 |
18-åringar, andel undersøkt helt uten karieserfaring (prosent) | 32,2 | -0,3 |
SIC-indeks for 12-åringar (gjennomsnitt av undersøkte/behandla) | 2,40 | 4,8 |
Årsverk | ||
Tannlegeårsverk, avtalte (offentleg og privat) (absolutte tal) | 4 480,8 | 1,8 |
Tannpleiarårsverk, avtalte (offentleg og privat) (absolutte tal) | 1 140,1 | 2,7 |
Tannlegespesialistar (offentleg og privat) (absolutte tal) | 580,6 | 0,7 |
Aktivitet | ||
Prioriterte personar, undersøkt/behandla (absolutte tal) | 838 783 | 5,1 |
Barn og ungdom 3-18 år, undersøkt/behandla (absolutte tal) | 657 388 | -0,1 |
Eldre langtidssjuke og uføre i heimesjukepleie, undersøkt/behandla (absolutte tal) | 30 911 | 2,9 |
Eldre langtidssjuke og uføre på insititusjon, undersøkt/behandla (absolutte tal) | 30 479 | 4,5 |
Vakse betalande klientell, undersøkt/behandla (absolutte tal) | 118 639 | -19,5 |
Utgifter | ||
Brutto driftsutgifter, tannhelsetenesta totalt (1000 kroner) | 4 488 582 | 13,6 |
Brutto driftsutgifter, pasientbehandling (1000 kroner) | 3 473 982 | 15,9 |
Brutto driftsutgifter, fellesfunksjonar (1000 kroner) | 1 014 600 | 6,6 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
- 11985: Utvalgte nøkkeltall for tannhelsetjenesten (F)
- 11960: Utgifter i offentlig tannhelsetjeneste, etter funksjon (F)
- 11774: Årsverk i offentlig og privat tannhelsetjeneste, etter personellgruppe og sektor (F)
- 11961: Pasientbehandling i tannhelsetjenesten, etter pasientgruppe (F)
- 13033: Tannhelsetilstand og kariesforekomst blant utvalgte aldersgrupper, etter alder (F)
Om statistikken
Statistikken viser omfanget av pasientbehandling i den offentlege tannhelsetenesta, tannhelseinformasjon om barn og unge andre prioriterte grupper, og utgifter i offentleg tannhelseteneste. I tillegg inneheld den tal om sysselsette og årsverk i offentleg og privat tannhelseteneste.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 3. oktober 2023.
Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, og skal sørgja for at tannhelsetenester er tilgjengelege for innbyggjarane i fylket , anten av fylkeskommunane sine eigne tilsette eller av privatpraktiserande tannlegar som har inngått avtale med fylkeskommunen.
Prioriterte personar: Prioriterte personar er personar som høyrer til ei av gruppene som har rettar etter tannhelsetenestelova om gratis tannhelsetenester.
- Gruppe A består av barn og ungdom mellom 1 og 18 år
- Gruppe B består av alle personar over 18 år med psykisk utviklingshemming som ikkje bur på institusjon eller mottar heimesjukepleie.
- Gruppe C1 består av eldre, langtidssjuke og uføre som bur på institusjon. Det gjeld også personar over 18 år med psykisk utviklingshemming som bur på institusjon. Den eldre, langtidssjuke eller uføre må ha vore i institusjonen samanhengande 3 månader eller meir.
- Gruppe C2 består av eldre, langtidssjuke og uføre som mottar heimesjukepleie. Det gjeld også personar over 18 år med psykisk utviklingshemming som mottar heimesjukepleie.
- Gruppe D består av all ungdom i alderen 19-20 år, med unntak av psykisk utviklingshemma.
- Gruppe E består av andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere. Døme på dette er innsette i fengsel og personar innanfor rusomsorg.
- Gruppe F består av den øvrige vaksne befolkninga (ikkje tilhøyrande gruppe A-E), som betaler for undersøking og behandling i den offentlege tannhelsetenesta.
"Under tilsyn" i den offentlege tannhelsetenesta: Omgrepet "under tilsyn" i den offentlege tannhelsetenesta viser til pasientar som høyrer til ein av dei prioriterte gruppene, og som er under oppfølging av den offentlege tannhelsetenesta. Å vera "under tilsyn" inneber at personane anten har gjennomgått tannhelseundersøking av tannlege eller tannpleiar, fått tannbehandling, eller opplæring i førebyggande tiltak, eller fått tilbod om oppfølging. Ulikt innkallingsintervall fører rett nok til at ikkje alle personar som er "under tilsyn" faktisk er undersøkt/behandla i rapportåret.
dmft/DMFT (kariesførekomst): DMFT (Decayed, Missing, Filled Teeth) er eit uttrykk for summen av talet på tenner som har eller har hatt behov for behandling, samt gått tapt på grunn av sjukdom. D viser til talet på kariøse tenner, det vil seia talet på tenner som har behov for reparativ behandling på undersøkingstidspunktet som følgje av karies. M viser til talet på tapte (trekte) tenner som følgje av sjukdom, mens F viser til talet på tenner som tidlegare er blitt behandla som ei følgje av karies, ofte omtala som talet på tenner med karieserfaring. DMFT (med store bokstaver) viser til permanente tenner, mens dmft (med små bokstaver) viser til mjølketenner.
Institusjon: Med institusjon meiner ein sjukehus, sjukeheim, aldersheim og liknande som får budsjettet og rekneskapen sin godkjent av ein offentleg instans, får tilskot til drift frå ein offentleg instans, eller er teke med i kommunal eller fylkeskommunal helse- og sosialplan. Psykiatriske avdelingar ved sjukehus, psykiatriske sjukeheim og distriktspsykiatriske senter vil hamna inn under dette. Butilboda omfattar ikkje «omsorgsbustader» eller andre bustader som kommunane disponerer til pleie- og omsorgsføremål.
Årsverk: Årsverk = stillingsprosent / 100, slik at til dømes ei 50 prosent stilling reknast som eit halvt årsverk. Det er berre avtalt arbeidstid som skal registrerast. Overtid skal ikkje reknast med. Det vil seie at det er avtalte timar, ikkje utførte timar som blir registrert.
Sysselsett: Sysselsette er definert som personar som utførte inntektsgivande arbeid av minst ein times varigheit, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, løna permisjon eller liknande. Arbeidsforholdet kan anten vera som lønstakar eller som sjølvstendig næringsdrivande. For sjølvstendig næringsdrivande er registergrunnlaget slik at totaltalet for sysselsette blir bestemt av talet på sjølvstendig næringsdrivande i SSBs arbeidskraftsundersøkingar, mens kva personar dette er delvis blir bestemt ut frå om ein har tilsette med eit aktivt arbeidsforhold og delvis ut frå inntektsdata frå året før referanseåret.
Registerbasert sysselsetjingsstatistikk: Datagrunnlaget til den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken er basert på opplysningar frå a-ordninga. A-ordninga er ei samordna rapportering av løns- og tilsetjingsopplysningar til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå, regulert av a-opplysningsloven. Les meir om dette under «Datakjelder» og «Datainnsamling». Statistikk over tannhelsepersonell i den offentlege og private tannhelsetenesta er henta frå SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Årsverkstala på (fylkes)kommunenivå tar ikkje høgde for eventuelle kjøp og sal over (fylkes)kommunegrenser. Det tar heller ikkje høgde for inter(fylkes)kommunale samarbeid. Dersom fleire (fylkes)kommunar har inter(fylkes)kommunale samarbeid om ulikt personell, vil årsverka berre vere registrert på verts(fylkes)kommunen. For meir om registerbasert sysselsetjingsstatistikk, sjå om statistikken for helse- og sosialpersonell
Talet på kommunar og fylke har endra seg over tid. Det er frå og med 2020 357 kommunar og 11 fylke. Dei sist oppdaterte kommune- og fylkesinndelingane er frå 2020:
Her finn du gjeldande og eldre kommuneinndelingar.
Her finn du gjeldande og eldre fylkesinndelingar.
Namn: Tannhelsetenesta
Emne: Helse
Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk
Statistikken blir presentert på fylkesnivå.
Ureviderte tal blir publisert 15. mars kvart år.
Oppretta tal blir publisert 15. juni kvart år.
Endelege tal blir publisert så snart den kommunale helse- og omsorgsstatistikken er endeleg, som oftast 15. juni kvart år.
Ikkje relevant
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gi tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på til forskarar og til offentlege myndigheiter for utarbeiding av statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gitt etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data frå SSB.
Publikasjonar og andre lenkjer
På statistikksida til tannhelsetenester ligg det mellom anna nøkkeltal for den offentlege tannhelsetenesta. Vidare ligg det tabellar og informasjon om nyheitsartiklar og rapportar med tema frå tannhelsetenesta, i tillegg til lenkjer til andre relevante statistikkområde som kommunehelsetenesta, omsorgstenesta og barnevernet.
Lagring og bruk av grunnmaterialet
For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine nettsider
Eigne tabellar kan byggjast og API-uttrekk kan bli gjort frå Statistikkbanken. Her finst det ei eiga side for tannhelsetenesta.
Statens helsetilsyn har sidan byrjinga av 1970-talet stått for innhentinga av data om tannhelsetenesta. Frå og med statistikkåret 2001 har Statistisk sentralbyrå henta inn data om den offentlege tannhelsetenesta i landet. Rapporteringa skjer via fylkestannlegane, og inngår som ein del av KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Statistikken omfattar opplysningar om omfang, tannhelseresultat, personell, årsverk og økonomidata i den offentlege tannhelsetenesta. I tillegg omfattar statistikken opplysningar om personell og årsverk i den private tannhelsetenesta.
Statistikken gir styringsinformasjon om offentleg tannhelseteneste, til bruk for organisasjonar og forskarar, media og allmennheit. Vidare er kommunar og fylkeskommunar, og statlege styringsorgan slik som Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn viktige brukarar av statistikken. Statens helsetilsyn skal jf. tilsynsloven ha eit overordna fagleg tilsyn med tannhelsetenesta og tannhelsa i landet, og nyttar statistikken i dette arbeidet.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no. etter varsling minst tre månader før i Statistikk-kalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikken kan mellom anna sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område, særleg statistikk for kommunehelsetenesta, omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta.
Statistisk sentralbyrå publiserer registerbasert sysselsettingsstatistikk for alt helse- og sosialpersonell. Informasjon om personell i offentleg og privat tannhelse er basert på same datagrunnlag som den registerbaserte sysselsettingsstatistikken, a-ordninga.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
For summariske data (KOSTRA-skjema): Opplysningane blir henta inn av Helse - og omsorgsdepartementet med heimel i Lov om tannhelsetenesta av 1. januar 1984 § 6-2 (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1983-06-03-54).
Den registerbaserte personellstatistikken er heimla i statistikkloven § 10 jf. lov om arbeidsgivars innrapportering av tilsetjings- og inntektsforhold m.m. (a-opplysningsloven) § 3.
Ikkje relevant
Statistikken er i all hovudsak basert på rapportering om den offentlege tannhelsetenesta i alle fylkeskommunar i Noreg. Det blir henta inn data frå alle fylka om omfanget av den offentlege tannhelsetenesta, tannhelsedata om barn og unge, personell- og økonomidata. I tillegg blir det presentert oversikt over personar som har mottatt tannhelserefusjonar over folketrygda for gitte sjukdomar og lidingar (innslagspunkt), både i private og offentleg tannhelseteneste samla. Desse tala er henta inn via KUHR-registeret (Kontroll og utbetaling av helserefusjonar). I tillegg finst det personellopplysningar frå den private tannhelsetenesta.
Statistikk om tannhelsetenesta baserer seg på følgjande datakjelder:
- Årleg innsending av eitt elektronisk spørjeskjema (KOSTRA-skjema 43 Tannhelsetenesta) frå alle fylkeskommunar via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering).
- Årleg innsending av rekneskapsdata frå fylkeskommunane via KOSTRA.
- SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk.
- Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) er datakjelde for det totale talet på personar i dei prioriterte gruppene C1 og C2. Registeret er eigd av Helsedirektoratet
- KUHR-databasen (Kontroll og utbetaling av helserefusjonar) er datakjelde for statistikk om personar som har motteke tannhelserefusjonar over folketrygda for gitte sjukdomar og lidingar. Databasen er eigd av Helsedirektoratet.
- SSBs befolkningsstatistikk blir elles brukt som grunnlag for ei rekke indikatorar i statistikken.
Innsamlingsperiode:
- Innsamlingsperioden for KOSTRA-skjema 43 og KOSTRA-rekneskapsdata er frå 1. januar til 15. februar i det påfølgjande året. I perioden mellom foreløpige publisering 15. mars og endeleg publisering 15. juni har kommunane moglegheit til å senda inn oppretta skjema 43 filuttrekk for rekneskap.
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.
Innhenting av opplysningane om den offentlege tannhelsetenesta blir gjennomført ein gang i året gjennom KOSTRA. Fylkestannlegane i alle fylka fyller ut skjema som blir sendt inn elektronisk. Statistisk sentralbyrå gjennomfører automatiske sumkontrollar og logiske kontrollar av datamaterialet som blir rapportert inn gjennom skjema. Kontrollar blir aktiverte i det elektroniske skjemaet når det blir fylt ut, i tillegg så blir det køyrt kontrollar etter innlevering. Data blir vidare samanlikna vidare med opplysningar fra tidlegare år.
Fylkestannlegane blir kontakta ved manglande opplysningar eller store avvik i dataa ut frå samanlikningar og vurderingar. I slike tilfelle sender fylkestannlegane over nye tal eller gir ei forklaring av forholda.
Innsamling, editering og berekningar i produksjonen av den registerbaserte personellstatistikken
A-ordninga: SSB mottek data månadleg frå Etatanes fellesforvaltning (EFF), ei forvaltningseining underlagt Skatteetaten, som forvaltar ordninga på vegne av Skatteetaten, NAV og SSB.
Sjølvmeldingsregisteret: Alle likningskontora gjer bruk av IT i behandlinga av likninga, og opplysningar frå den personlege sjølvmeldinga er tilgjengeleg elektronisk. SSB hentar inn årleg eit uttrekk av datamaterialet frå Skattedirektoratet.
Registeret over sivilarbeidarar og vernepliktige: SSB mottok til og med 2014 kvartalsvise filer frå Vernepliktsverket og Siviltenesteadministrasjonen på Dillingøy. Dataa blir tilrettelagt og sett saman til eit register med årleg informasjon. Frå 2015 mottar SSB månadsfiler frå Vernepliktsverket.
Enhetsregisteret/Virksomhets- og foretaksregisteret: Variablar som arbeidsstads(fylkes)kommune og næring blir henta inn frå Enhetsregisteret og SSBs Verksemds- og føretaksregister.
For dei to mest sentrale registera som ligg til grunn for produksjonen frå og med 2015, skjer kontroll og editering på følgjande måte:
A-ordninga:
- Forretningsreglar (kontrollar) i mottaket hos Etatanes fellesforvaltning (EFF)
- Kontrollar i SSBs produksjonssystem for løn og sysselsetting
Etter at a-meldinga er mottatt av EFF blir det køyrt ei rekke forretningsreglar (kontrollar) for å avdekka feil/manglar i dei innleverte opplysningane. Små og mellomstore opplysningspliktige får tilbakemelding i løpet av kort tid, mens store opplysningspliktige må venta litt lenger. Tilbakemeldinga frå EFF inneheld blant anna alle avvik som er avdekka dokumentert med kor i meldinga avviket er og kva forretningsregel som er broten.
I SSBs produksjonsopplegg blir det gjennomført ei rekke kontrollar og automatiske tiltak, der føremålet er å sikra datakvaliteten for statistikkføremål. Ein skil mellom tre typar kontrollar:
- Automatiske kontrollar og tiltak
- Rapportar (overvaking)
- Manuelle kontrollar
Kontrollar som har som føremål å avdekka feil og manglar som bør korrigerast, er stort sett retta mot arbeidsforhold. I produksjonsopplegget blir mange registrerte arbeidsforhold fjerna fordi de blir vurdert som ikkje aktive når det ikkje er registrert løn på arbeidsforholdet i referansemånaden. Dette vil kunne gjelda sesongarbeidarar som ikkje har utført arbeid i referansemånaden, der det ikkje er meld sluttdato på opphøyrde arbeidsforhold, og tilfelle der personar feilaktig har blitt rapportert med aktivt arbeidsforhold. Dette kan gjelda personar på vikarlister som ikkje har utført arbeid i perioden.
Sjølvmeldingsregisteret: For Sjølvmeldingsregisteret blir det utført ei rekke maskinelle kontrollar. For det første blir det kontrollert om summen av delpostar stemmer med hovudpostane frå sjølvmeldinga. Det blir vidare undersøkt om ekstreme verdiar er logiske i forhold til resten av sjølvmeldinga. Interne konsistenskontrollar blir også gjennomført.
Andre kjelder: Helsepersonellregisteret (HPR) har oversikt over alt helse- og sosialpersonell som har fått autorisasjon for å utøva yrket sitt. Statistisk sentralbyrå (SSB) mottar status pr. 1.oktober for alt personell som er autorisert. HPR inneheld berre utdanningar med krav til autorisasjon, og inneheld ikkje alle helse- og sosialutdanningar. Personar med helse- og sosialutdanning som ikkje har søkt om autorisasjon, vil ikkje vera med her. HPR kan elles innehalda personar som har fått autorisasjon i Norge, men som ikkje nødvendigvis har kome til Noreg.
Som eit supplement til HPR bruker SSB befolkninga sitt høgaste utdanningsnivå henta frå NUDB (nasjonal utdanningsdatabase), som inneheld opplysningar om den høgaste fullførte utdanning for personar som er registrert som busett i Norge. Denne databasen blir oppdatert årleg per 1. oktober.
Ikkje relevant
For tal basert på KOSTRA-skjema 43 Tannhelse:
Intervjuarar og alle som arbeider i Statistisk sentralbyrå har teieplikt. SSB har utnemnt eige personvernombod.
SSB offentleggjer ikkje tal som medfører fare for avsløring av einskildopplysningar om personar som er under tilsyn i tannhelsetenesta.
For å sikre dette blir metoden undertrykking nytta i denne statistikken.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
For tal basert på SSBs registerbaserte sysselsettingsstatistikk:
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Statistikken som blir publisert om den offentlege tannhelsetenesta er ei vidareføring av den statistikk som tidlegare blei utgitt av Statens helsetilsyn. Statistikken er derfor samanliknbar med tidlegare statistikk publisert gjennom årsmeldingane for den offentlege tannhelsetenesta.
Registerbasert sysselsettingsstatistikk er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønnstakarar. Overgangen til det nye datagrunnlag gir meir presise tal for talet på sysselsette. Tal basert på det nye datagrunnlaget kan rett nok ikkje samanliknast direkte med tal frå det gamle datagrunnlaget.
Frå og med 2002: bruk av register for personellopplysningar i den private tannhelsetenesta fører til at desse opplysningane blir henta inn på og avgrensa på ein annan måte enn tidlegare. Tala er derfor ikkje samanliknbare med tidlegare tal.
Frå og med 2003: bruk av register for personellopplysningar i den offentlege tannhelsetenesta fører til at desse opplysningane blir henta inn og avgrensa på ein annan måte enn tidlegare. Dette betyr at tala ikkje er direkte samanliknbare over tid.
Til og med statistikkåret 2003 rapporterte Oslo vaksne brukarar av tannlegevakt som "vakse betalande klientell". Frå og med 2004 skjer ikkje dette, og det er dermed eit brot i tala for vakse betalande klientell mellom 2003 og 2004 i Oslo. Dette fører også til brot i eventuelt andre berekningar kor "vakse betalande klientell" inngår.
Kvaliteten på statistikken er avhengig av korrekte opplysningar frå oppgåvegivarane. Med kontrollrutinar kan me avdekka dei mest opplagte feila. I tillegg kan det oppstå feil i tilrettelegginga av statistikken, slik som tastefeil, kodefeil m.m. Statistikken for den offentlege tannhelsetenesta er vurdert å ha lite feil når den blir rapportert av fylkestannlegane, som har kontakt med dei enkelte tannklinikkane i fylka. Dataa gjennomgår vidare grundige kontrollar ved Statistisk sentralbyrås editeringsrutinar/kvalitetskontrollar.
Måle- og handsamingsfeil
Kontrollane som er lagt inn i dei elektroniske skjemaa, i filuttrekk for rekneskapstal og i datamottaket i SSB, gir ei automatisk og rask tilbakemelding til den som rapporterer, og dei får med dette moglegheit til å rette opp i tal i samband med innrapporteringa.
Fråfallsfeil
KOSTRA-data er basert på fullteljing, dvs. at alle einingar i denne statistikken – fylkeskommunar − skal rapportera kvart år.
Det kan vere ei utfordring, først og fremst i mars, at dersom fylkeskommunar ikkje rapporterer data i tide til at dei kjem med i publiseringa. Dersom fråfallet er stort ved marspubliseringa, kan det vere utfordrande å seie noko om verdien på nasjonalt nivå for enkelte variablar og indikatorar. For å bøte på dette fråfallet blir det estimert verdiar for dei fylkeskommunane som manglar data, slik at ein kan presentere estimerte verdiar på nasjonalt og regionalt nivå.
Det blir nytta fleire metodar for å estimere nasjonale og regionale verdiar, avhengig av kva som passar for den enkelte statistikkvariabel. Enkelte metodar tek utgangspunkt i at det i kvar KOSTRA-gruppe er ein positiv samanheng mellom statistikkvariabelen og ein forklaringsvariabel, som til dømes folkemengd eller fjorårets verdi for fylkeskommunen.
Dei estimerte tala bør berre nyttast som eit anslag på kva den nasjonale verdien kunne ha vore om alle data hadde vore rapporterte, og ikkje som faktiske summar.
Det er svært sjeldan at ikkje alle fylkeskommunar har rapportert inn data for den offentlege tannhelsetenesta til den foreløpige publiseringa 15. mars.
A-ordninga, frå og med 2015: Det er manglar i rapportering av stillingsprosent, som blir nytta for å berekna avtalt/vanleg arbeidstid. Dette gjeld særleg for timeløna. SSB har derfor utvikla ein ny metode som gir betre informasjon om arbeidstid. Meir informasjon i artikkelen: Ny metode gir betre informasjon om arbeidstid.
Sjølvstendig næringsdrivande blir identifisert ved hjelp av informasjon frå Sjølvmeldingsregisteret. Dette registeret er først tilgjengeleg 11 månader etter årets utløp. SSB bruker derfor opplysningar frå året før referanseåret. Som følgje av denne tidsforskyvinga kan personar dermed feilaktig bli klassifiserte som sysselsette, viss dei avslutta verksemda det føregåande året.
Totaltalet på sysselsette blei før 2015 bestemt av Arbeidskraftundersøkinga (AKU) samla og fordelt på lønstakarar og sjølvstendige. Frå og med 2015 er det berre talet på sjølvstendige som blir bestemt av AKU. For lønstakarar slepp ein derfor utvalsusikkerheita som følgde med AKU-tala. På den andre sida blir nivåtalet på lønstakarar litt for lågt. Frå og med 26. april 2018 vil derimot nivåtalet ikkje lenger vere det same. Dette skuldast at nye AKU-tal blei publiserte etter ny estimeringsmetode. Meir om dette her: Ny metode gir betre AKU-tal.
Avgrensingar ved publiserte årsverkstal frå registerbasert sysselsetjingsstatistikk: Årsverkstala henta frå den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken på fylkeskommunenivå tek ikkje høgde for eventuelle kjøp og sal over fylkeskommunegrenser. Dei tar heller ikkje høgde for interfylkeskommunale samarbeid. Viss fleire fylkeskommunar har interfylkeskommunale samarbeid om ulikt personell, vil årsverka berre vere registrert på vertsfylkeskommunen. Årsverkstala tek heller ikkje høgde for eventuelle kjøp frå private eller spesialisthelsetenesta.
Ikkje relevant