I 2023 utgjorde pukkellaks 62 prosent av den totale fangsten av I denne samanhengen er det ei nemning for laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks., syner nye tal frå statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure. Nesten all pukkellaks blei fiska i Troms og Finnmark, men det blei rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som til Vestland fylke. Av kommunane var det Hammerfest, Sør-Varanger og Alta som hadde størst fangst av pukkellaks, med høvesvis 42, 38 og 24 tonn.

Pukkellaks er ein framand art som ikkje er ønskeleg i Noreg, og den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

Nedgang i laksefangsten

Det blei fiska 113 tonn atlantisk laks i 2023. Det  er 21 tonn mindre enn i 2022, og den nest lågaste laksefangsten som er registrert. Atlantisk laks utgjorde i 2023 38 prosent av den totale fangsten av laksefisk.

Troms og Finnmark var fylket med størst fangst av laks i 2023. Her vart det fanga 66 tonn, som  er 8 tonn mindre enn året før. Det var nedgang i laksefangsten i alle fylka. Størst nedgang var det i Trøndelag, der det blei fiska 39 tonn laks, 9 tonn mindre enn i 2022.

Mellom kommunane var det i Namsos laksefangsten var størst i 2023. Der blei det fiska 28 tonn laks. Deretter følgjer Alta og Hammerfest, med høvesvis 13 og 9 tonn laks.

Figur 1. Sjøfiske. Fangst av atlantisk laks og pukkellaks. Tonn

Den låge laksefangsten heng saman med dei sterke reguleringane som blei innført i fisket frå 2021. Laksefiske i sjø er inndelt i ti kystregionar og 37 fjordregionar. Det blei ikkje opna for laksefiske med fastståande reiskap i dei ni kystregionane sør for Finnmark, og nokre av fjordregionane vart opna for eit avgrensa fiske. Deler av Finnmark blei heller ikkje opna for sjølaksefiske med fastståande reiskap.